I 2023 feide begeistringa over landet etter NRK-serien «Demenskoret». I Time var ordførar Andreas Vollsund ikkje tung å be då han blei utfordra til å etablera eit lokalt demenskor av initiativtakar Ingvild Fjelde Larsen.
– I sum blir dette en liten dråpe i havet. Vi skal bidra der vi kan, eksempelvis med fasiliteter. Denne saken er så viktig, både for de som er syke og deres pårørende. Lavterskeltilbud i demensomsorgen er et av kommunens satsingsområder, sa Vollsund til Jærbladet.
Han og dei andre folkevalde leverte. I tre år har to av kulturskulens tilsette, musikkterapeut Torill Lode Bøylestad og musikar Arfon Owen, leia koret Minneblomen i 6,5 prosent stilling kvar, som dirigent og pianist.
Til saman utgjer deira innsats 0,13 årsverk, og lønnsmidlane 130.000 kroner, ifølge kommunen.
– Har aldri vore fleire
Kvar tysdag har folk med demens, deira pårørande og ein flokk frivillige hjelparar møttest på Frivilligsenteret. Koret har hatt ei mengd konsertar; den første i Storstova på Bryne berre eit par månader etter starten.
Det tar tid å bygga opp nye ting, for ein må kjenna til dei, og ryktet må gå, påpeiker Lode Bøylestad.
– Nokre har falle ifrå av naturlege årsaker. Men i dag er me fleire enn me nokon gong har vore, og me set rekord mest på kvar øving. Rekrutteringa har aldri vore betre. Me har bygd opp eit kjempekor med ekstremt høg trivsel, seier ho.
Etter ein siste afternoon tea-opptreden på Frivilligsenteret 5. juni, er det likevel slutt på denne satsinga.
Kuttar for å rigga for eldrebølgja
Dirigent Lode Bøylestad har visst det lenge: Dei folkevalde har vedtatt eit omstillingsprosjekt som skal spara kommunen for 45 millionar kronar frå 2025 til 2028. Det inneber kutt på alle baugar og kantar.
Alt i mars i fjor bestemte kommunestyret å også fjerna tilskotet til dei profesjonelle leiarane av demenskoret sommaren 2026.
Eit av måla med innsparingane er «å rigga kommunen for dei utfordringane ein veit kjem i framtida», går det fram av det 28-siders dokumentet som viser kor det skal kuttast.
«Det gjeld særleg auken i den eldste delen av befolkninga og behovet for helse- og velferdstenester. Time må gjera kloke val nå som førebur kommunen på utfordringane i 2040, og sikrar berekraftige tenester til innbyggarane i kommunen då».
– Bak mål
Vedtaket om å fjerna lønnsmidla til leiinga av demenskoret er heilt bak mål, meiner Bjarne Undheim, ein av dei frivillige hjelparane som syng med koret.
– Eg er djupt ueinig i å gjera dei mest sårbare i kommunen til salderingspost, seier han.
Han har vore frivillig med i eit års tid og ser at koret betyr mykje for både koristane og familiemedlemmane deira.
– Nokre av kormedlemmane har problem med å kommunisera. Men å synga gjer dei med glede. Det må vera viktig for kommunen å bidra til å halda livsgleda deira oppe. For dei pårørande er koret ein flott samlingsplass. Der møter dei kvarandre og får kaffi og ein matbit, seier Undheim.
– Kan ikkje drivast av frivillige
Sjølv driv pensjonisten Undheim også med musikk. Han trur likevel ikkje at demenskoret har frivillige som kan ta over leiinga av koret.
– Ingen av oss har musikalsk utdanning til å ta på oss dette ansvaret i staden for profesjonelle. Det bør vera kommunens ansvar å bidra til trivsel til demente.
Støttekonsert
For å visa kor usamde dei er i avgjerda, har Undheim og fleire andre gått saman om å arrangera støttekonsert for koret.
Den skal skje i Undheim kyrkje fredag denne veka. I tillegg til demenskoret vil konserten by på eit comeback frå «Åtteren», ein mannleg dobbelt-kvartett som la opp for rundt ti år sidan, men som nå har reinska stemmebanda og syng saman igjen. Dessutan opptrer den lokale gruppa Green Sax.
Inntektene vil gå til demenskoret.
Plan: Driva vidare med frivillige
Vedtaket frå i fjor er rimeleg klart:
- «Demenskoret vil ikkje lenger har tilgang på musikkompetanse frå Kulturskulen med mindre lønnsmidlar blir dekka av ikkje-kommunale midlar.
- Musikkterapeut og musikar ved Kulturskulen kan framleis bidra med kompetanse om lønsmidlar på 130 000 kroner vert finansiert med t.d. deltakarkontingent eller tilskot.
- Kommunen kan òg sjå på samarbeid med nabokommunar, og vurdera om det er frivillige organisasjonar som kan driva dette tilbodet. «
I ein sms til Jærbladet skriv Sølvi Hadland, leiar for teneste- og samordningskontoret i Time kommune, at Minneblomen skal fortsetta til hausten, i regi av Frivilligsentralen som før.
«De som har deltatt som frivillige og ansatte i kommunen vil fortsatt være en del av tilbudet. Endringen vil i all hovedsak bli at musiker og musikkterapeut ikke lenger vil inngå i tilbudet. Vi vil bruke frivillige som har erfaring i sang og musikk til dette».
Ordføraren leiter etter litt pengar
Også ordførar Andreas Vollsund (H) vil ha demenskor i Time etter sommaren, understrekar han.
– Koret er ikkje avvikla, men det manglar finansiering etter sommaren. Eg har ikkje fasit, men jobbar nå fram mot tertialrapporten, der me får sjå om me kan tilføra noko, seier han.
Alternativa han ser for seg, omfattar mellom anna frivillige som kan driva vidare mot ein sum. Han nemner Blåkors og Kulturbanken. Ein annan modell er å lønna éin person i staden for dagens to, ifølge ordføraren.
– Eg må forhalda meg til vedtatte kutt. Men mitt personlege ønske er at demenskoret skal bevarast.
– For tre år sidan sa du at finansiering av demenskor var ein drope i havet og at lågterskeltilbod i demensomsorga er eit satsingsområde. Kva andre slike tilbod har de til denne gruppa?
– Me har dagsenter som er veldig bra. Dessutan Inn på tunet og den opne kafeen på Sivdammen. Men det er ingen tvil om at demenskoret er eit veldig bra tilbod. Det er berre ikkje sikkert at me kan bruka dei same summane på det. Det svaret skal me finna snart, slik at det kan bli øving til hausten, seier Andreas Vollsund til Jærbladet.