– Utsleppet skjedde på grunn av ein teknisk svikt i ein kommunal pumpestasjon. Svikten førte til at spillvatn, som me kallar det – eller kloakk, som kanskje er meir vanleg i daglegtalen – rann ut og enda opp i Engelsvåg, seier kommunalteknisk sjef Kjersti Ohr i Klepp kommune til Jærbladet.
Meldinga om det svært synlege utsleppet og den daude fisken kom laurdag. Eit reinsebasseng på oversida av turvegen ved Engelsvåg var heilt brungult, og fleire titals fisk låg og flaut i overflata med buken opp.
Noko av utsleppet hadde også rent ut til Frøylandsvatnet, der det også var litt daud småfisk å sjå.
– Sterkt beklageleg
Kjersti Ohr opplyser at det finst automatiske varslingssystem på pumpestasjonane, og at kommunen sine folk på vakt eigentleg skulle ha fått varsel om den tekniske svikten tidsnok til at utsleppet kunne ha vore avverja.
Men heller ikkje varslingssystemet verka som det skulle i helga.
– Eg sit per i dag ikkje med alle detaljane om kvifor det gjekk som det gjekk, men utsleppet er heilt klart Klepp kommune sitt ansvar, og det er sterkt beklageleg at dette skjedde, seier Ohr.
– Det er ikkje noko giftig som har kome ut. Utsleppet har teke oksygenet i vatnet, og det er årsaka til fisken døydde, seier Ohr.
Ho seier at Klepp kommune har varsla Statsforvaltaren i Rogaland om hendinga.
Kommunen skal ha ein intern gjennomgang av hendinga for å hindra at liknande skjer i framtida.
– For å vera heilt tydeleg: Vatnet frå pumpestasjonen skulle ikkje ha rent ut til Frøylandsvatnet, slik det gjorde. Dette er eit avvik, legg ho til.
Skulle ha vore pumpa til havs
Pumpestasjonen der det gjekk gale, ligg ikkje langt frå staden der det svært så synlege utsleppet blei registrert.
Spillvatnet – som inneheld avløp frå toalett, dusjar, vaskar med meir – skulle ha vore pumpa vidare til ein større pumpestasjon på Klepp Stasjon – og deretter vidare ut til havet via IVAR sitt reinseanlegg på Vik.