Kvart år dei siste åra har Bane Nor meldt det same: Stadig fleire tog på Jærbanen er forsinka.
Jærbladets arkiv fortel sitt:
«Aldri før har punktligheten på lokaltogene på Jærbanen vært så lav som i 2023, ifølge Bane Nor».
Året etter var det likt.
I 2025 blei det verre: «På Jærbanen gikk punktligheten ned til en ny bunnotering».
– Med 85,6 prosent punktlegheit til nå i år, ligg Jærbanen an til sitt dårlegaste årsresultat sidan målingane starta i 2010, seier samferdselspolitikar Kjartan Alexander Lunde (V).
Det stemmer ikkje, innvender togselskapet Go-Ahead si pressevakt, Irene Dahl Jonassen.
– Det har vore periodar med svakare punktlegheit på Jærbanen tidlegare, opplyser ho.
Risiko: – Stadig fleire tar bilnøkkelen
Fylkespolitikaren viser til møtet i samferdselsutvalet 30. september, der Kolumbus, som er transportselskapet til fylkeskommunen, la fram sin månadsrapport. Den viste at færre på strekninga Stavanger til Egersund reiser med toget.
Samstundes viser tal frå Bane Nor at toga er endå mindre punktlege enn dei har vore.
– Ein rutetabell skal vera ein lovnad som folk kan planleggja dagen etter. Eg fryktar at stadig fleire nå tar bilnøkkelen fordi dei ikkje lenger stolar på toget. Denne utviklinga kan ikkje fortsetja, meiner Lunde.
Påstanden er ikkje heilt spekulativ: Månadsrapporten viser 14,2 prosent færre påstigingar i august i år, enn i august i fjor.
Nesten kvart femte tog forsinka
88,5 prosent av toga var i rute i august i fjor, ifølge Bane Nor sine tal. I august i år var berre 82 prosent på tida, definert som mindre enn fire minutt forsinka.
Det betyr at nær eitt av fem tog ikkje heldt ruta.
– Det stemmer at august 2026 var ein månad med svak punktlegheit. Me, som Kjartan Alexander Lunde, er sjølvsagt ikkje fornøgde med det, skriv Irene Dahl Jonassen i Go-Ahead i ein e-post.
Samstundes kunne togselskapet visa til 98,4 prosent regularitet i avgangane, opp frå 98,3 på same tid i fjor. Dette viser andel av planlagde avgangar som blei gjennomført utan å bli innstilt. Målet er 97 prosent.
– Eit venta kaos
Situasjonen er alvorleg, meiner også Beate Aasen Bøe, kommunepolitikar for SV i Time – og togpendlar mellom Bryne og Sandnes.
– Dette betyr at færre tør stola på toget. Når kollektivnettverket med buss også korresponderer dårlegare, vil fleire bli pressa over på bil, seier ho.
Pendlarane på Jærbanen er lova nye togsett som ikkje kjem og oppgradering som ikkje blir noko av. I staden er togsett blitt tatt ut av drift, påpeiker ho.
Grunnproblemet er at Go-Ahead vann eit anbod der dei hadde lagt inn for lite pengar til vedlikehald, meiner Aasen Bøe.
– Dette er eigentleg eit venta kaos, seier ho.
- Mange såg at det ikkje kunne gå
– Eg trur at mange allereie den gongen såg at det ikkje er mogleg å få gjennomført tilbodet som lova, med kostnaden dei vann på. Kven har ansvaret når nokon har fått vinna eit anbod som er vesentleg mykje billegare enn ting eigentleg kostar?
Ting tar tid før det blir dårleg, meiner Aasen Bøe.
– Jærbanen blei ein suksess, og dei klarte å driva i pluss i starten. Det klarer dei ikkje lenger, og nå tapar dei endå meir pengar ved å mista reisande.
Ventar på kvarandre
«Følgeforseinkingar» er den vanlegaste årsaka til at toget ikkje kjem når det skal, ifølge Go-Ahead si pressevakt.
I fjor gjaldt det 60 prosent av tilfella, i år heile 69 prosent.
Slike følgeforseinkingar oppstår oftast fordi eit tog må venta på ein stasjon for kryssing med eit tog som kjem i motsett retning og som er forsinka, forklarer informasjonsavdelinga.
Forsinka langdistansetog – persontog og godstog – som kjem inn på det einspora strekket på Jærbanen frå Sørlandsbanen, er det aller vanlegaste.
– Dobbelspor ville ha hjelpt mykje
Når eit langdistansetog kjem nokre minutt forsinka inn frå Sørlandsbanen, må lokaltog i motsett retning venta på kryssing med dette forsinka toget.
Lokaltog blir dermed forsinka, og så må eit anna lokaltog i motsett retning venta på dette toget. Slik forplantar det seg til alle tog på strekninga, forklarer Irene Dahl Jonassen.
– Dette er den store forskjellen mellom enkel- og dobbelspor. Med så tett trafikk som på Jærbanen, og så mange reisande, vil dobbelspor ha ein vesentleg og positiv effekt på punktlegheita, slår pressevakta fast.
Klarar ikkje å halda farta oppe
Ein annan vanleg grunn til at tog er forsinka, er tekniske problem, som at aldrande togsett av type 72 manglar trekkraft og ikkje klarer å halda farta oppe, ifølge togselskapet.
I rush kan toga dessutan bli ståande litt lengre på stasjonane og gi mindre forseinkingar som forplantar seg.
Såkalla «utanforliggande faktorar» er også ein kategori forseinkingar. Det betyr oftast folk i sporet, noko som fører til midlertidig stopp i trafikken, ifølge Go-Ahead.
Vil ha pengar i statsbudsjettet
Fylkespolitikar Lunde seier han vil ha strakstiltak som får fleire tog ut av verkstaden og i trafikk.
Men i Arbeidarpartiet sitt framlegg til statsbudsjett for neste år, er det lite for pendlarar på Jærbanen å gleda seg over.
– Venstre kjem til å halda fram med å pressa på for strakstiltak. Me vil sikra reservedelar, kapasitet på verkstaden, få vurdert ekstra togsett og ha ein forpliktande tidsplan for betre drift, seier Lunde.
I Venstre sine alternative statsbudsjett har partiet gått inn for meir pengar til vedlikehald og fornying av jernbanen.
Men det lille partiet er ikkje ein del av budsjettfleirtalet på Stortinget. Partiet sine tre stortingsrepresentantar har ikkje gjennomslagskraft på eiga hand.
– Me kjem til å fremja fleire forslag under behandlinga av statsbudsjettet i Stortinget. Folk på Jæren skal kunna stola på at toget går, held Lunde fram.
– Ansvaret til heile rogalalandsbenken
SV er ein av budsjettpartnarane til Arbeidarpartiet. Lokalpolitikar Beate Aasen Bøe seier ho håpar at stortingsrepresentant Ingrid Fiskaa frå Bryne og andre partifellar jobbar for å få meir pengar til Jærbanen.
På kort sikt bør staten tilføra meir pengar til vedlikehald av togsetta, meiner SV-politikaren.
– Dette bør vera eit felles ansvar for heile rogalandsbenken på Stortinget: Å sikra jernbanen for pendlarane framover, både på kort og lang sikt, seier Beate Aasen Bøe.