Jærbladet har ved fleire høve tidlegare skrive om prosjektet med å etablera eit landbasert oppdrettsanlegg for postsmolt – lakseyngel på opp til eit kilo – på Oddane i Sirevåg.
Målet er å produsera mellom åtte og ti tusen tonn postsmolt i året.
Det lukka anlegget er venta å føra med seg ein plass mellom 20 og 25 direkte arbeidsplassar.
I tillegg kjem den indirekte sysselsettinga, som er venta å føra med seg ytterlegare 25 til 30 arbeidsplassar.
Bak planane står verksemda .
Ser på synergieffektar
Nyleg rykka prosjektet, som inneber ei investering på rundt 2,3 milliardar kroner, eit hakk nærare realisering.
Mandag 24. november sende dei ein søknad om konsesjon til Rogaland fylkeskommune. Derfrå vert det ein full høyringsrunde.
– Nå rullar byråkratiet vidare. Me får berre smørja oss med tolmod og sjå kva utfallet vert, seier styreleiar i Sirevåg Laks, John Olaf Næsheim.
– Me har i alle fall gjort det me skal gjera.
Han legg til at dei kjem til å ettersenda ei naturtypekartlegging av sjøbotnen der utsleppsleidningane frå anlegget skal gå.
Parallelt jobbar dei med eit prosjekt som skal sjå på andre positive effektar eit postmoltanlegg i Sirevåg kan ha for andre næringar.
– Til dømes biogass?
– Til dømes biogass, ja. Utan å ta stilling til lokalisering kan eg i alle fall seia at slammet frå eit anlegg som vårt, er ein viktig bestanddel i biogassproduksjon.
Det landbaserte oppdrettsanlegget kan produsera 10.000 tonn slam i året.
Næsheim seier dei òg ser på andre synergieffektar, til dømes i samband med eventuelt gravearbeid.
– Me ser veldig vidt på dette. Me jobbar med dette fram til neste sommar, slik at me får gjort ein god jobb med det, seier han.
Investorjakt
På nyåret skal Sirevåg Laks i gang med å førebu arbeidet med å henta inn investorar, slik at dei er klare for å gå vidare til neste steg om konsesjonssøknaden går i boks.
– Det er store investeringar, dette, seier Næsheim.
Styreleiaren er trygg på at havbruksnæringa har ei framtid i Noreg og at postsmolt vil ha ei sentral rolle i denne.
– Bruken av postsmolt, altså laks som er litt større før han går i sjøen, har vist seg å ha gode resultat. Dei fleste store oppdrettarar har ein såkalla postsmoltstrategi, seier han.
Mange av dei etablerte oppdrettsanlegga er ikkje dimensjonert for å dekka den venta etterspurnaden etter postsmolt.
– Det må byggast opp ny kapasitet, seier Næsheim.
Han meiner Sirevåg er ei særleg veleigna plassering.
– Det føregår nå ein prosess for å opna opp for havbruk ute i havet, som jo, etter mi meining, er der det høyrer heime. Eit av områda som styresmaktene har peika ut, ligg ikkje så langt frå Sirevåg, seier han.
Skal symja i vatn frå Holmavatn
Det planlagde anlegget i Sirevåg skal nytta ferskvatn.
Sjølv om 99 prosent av vatnet skal gjenbrukast, er anlegget sitt vassforbruk framleis stort: mellom fire og sju kubikkmeter i minuttet.
Vatnet skal etter planen komma frå Holmavatn. Her har Lyse allereie ein konsesjon på å henta ut vatn til kraftproduksjon i Hetland kraftverk. Sirevåg Laks vil inngå ein avtale med Lyse om å kjøpa noko av dette vatnet av dei.
Vatnet skal hentast ut via eit eige røyr som vert lagt i Lyse sin tunell som går frå Holmavatn og ned til Hetland kraftverk. Herfrå skal det gå vidare i røyr til Sirevåg.
Tidlegare i haust gav Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) tommel opp til ønsket.
– Sist de snakka med Jærbladet rekna de med å få denne avklaringa i løpet av 2024. Det tok lenger tid enn venta?
– Denne typen søknadsprosessar er lange løp. Det er mange som skal uttala seg. Heldigvis er det eit gjennomarbeida system for korleis desse prosessane skal gjennomførast.
NVE sin konklusjon, då han endeleg kom, var at vassuttaket ikkje fører til så store ulemper for allmenta at tiltaket krev eigen konsesjon.
Meiner det vil gå ut over natur- og friluftsliv
Men i midten av november sende Forum for natur og friluftsliv Rogaland (FNF) inn ei klage på vedtaket. Klaga var på vegner av Rogaland KFUK-KFUM-speidere, Jæren friluftsråd, Birdlife Rogaland og Norges Jeger- og Fiskerforbund Rogaland.
Dei meiner, i korte trekk, at NVE ikkje har tatt nok omsyn til konsekvensane uttaket får for heile vassdraget som Holmavatnet er knytt til når det kjem på toppen av ei lang rekke allereie eksisterande uttak i vassdraget.
FNF meiner uttaket vil gå ut over naturmangfald og friluftsliv i området.
Klaga vart send inn etter fristen, men FNF skriv at dei først vart gjort merksame på NVE sitt vedtak i slutten av oktober, at dei representerer breie natur- og friluftsinteresser og etter forvaltingsloven har klagerett.
«Vi ble ikke underrettet om vedtaket og regner derfor fristen for klagerett etter tidspunktet vi ble gjort kjent med saken», skriv dei og ber samtidig om at klaga deira får utsettande verknad. Det vil seia at det opphavlege vedtaket ikkje vert gyldig før eventuelt etter at klaga er ferdig behandla.
Næsheim seier dei ikkje er uroa, men at dei skulle ønska det ikkje kom klager.
– Me meiner den løysinga me har komme fram til i lag med Lyse er god. Det er ei vurdering NVE har delt, seier han.
Enkelt forklart er planen at Lyse skal oppgradera sitt anlegg, slik at dei kan halda igjen meir vatn i dammane i periodar med mykje nedbør og flaum.
– Enkelt sagt fører det til at me får dekka vårt behov for vatn, utan at det går ut over vassføringa i Ognavassdraget. At det går vatn ut av systemet som elles ville rent fritt, forstår alle, men dette er vatn som elles kunne ført med seg utfordringar i form av flaum, seier Næsheim.
Frå NVE får Jærbladet opplyst at dei har komme fram til at FNF har klagetilgang, og at dei derfor kjem til å behandla klaga. Dei vil likevel ikkje gje ho utsettande verknad.
I eit førebels svar frå NVE til FNF heiter det at utsettande verknad er aktuelt i tilfelle der en risikerer at det vert gjort eit irreversibelt inngrep før klagebehandlinga vert ferdig.
NVE si vurdering er at det ikkje vil verta gjort irreversible naturinngrep før klaga er ferdig behandla.
Dermed kan Sirevåg Laks, enn så lenge, gå vidare med planane sine, sjølv om klaga er under behandling. Kva som skjer om klaga får medhald, er eit anna spørsmål.