Området dei vil bygga på, er 30 dekar stort og ligg mellom 600 og 900 meter frå Indre Vågen i Sirevåg, og 200 meter frå næraste hyttefelt, som ligg på Sørskog.
Havila Biogass jobbar med å utvikla eit nettverk av biogassanlegg over heile Noreg. Eitt er allereie i drift, eit anna under bygging. I fjor haust fekk Havila Biogass støtte frå Enova til fleire andre prosjekt.
Planane deira om å etablera seg på Jæren vart først omtalt for eit år sidan. Då hadde dei allereie inngått avtalar med fleire bønder.
I utgangspunktet var planen deira å bygga to ulike anlegg på Jæren, men då Jærbladet snakka med administrerande direktør Kjell Evensgård i romjula i fjor, sa han at dei mest sannsynleg berre kom til å gå for eitt prosjekt.
Nå er det altså klart at dei prøver å etablera seg utanfor Sirevåg.
Administrerande direktør Evensgård er for tida på reise, og ikkje tilgjengeleg for kommentar.
– Landbruket treng dette
Ordføraren i Hå, Andreas Bjorland (KrF), meiner initiativet er bra for landbruket.
Bjorland viser til gjødselvareforskrifta som styresmaktene er i ferd med å fasa inn. Forskrifta set strengare grenser for innhaldet av nitrogen, fosfor og andre næringsstoff i gjødsla og kuttar ned på kor mykje lort bøndene får spreia på jorda sine.
– Det gjer at landbruket treng biogassanlegg. Eg trur industrielle biogassanlegg er enklare enn å ha mindre anlegg ute på gardane, seier han.
Eit biogassanlegg samlar opp gassane som dannar seg når mikroorganismar bryt ned organisk materiale (til dømes gjødsel eller matavfall) i eit lufttett rom. Gassane, stort sett metan og karbondioksid, kan så nyttast til å produsera straum, varme eller drivstoff.
Styresmaktene har i lag med landbrukssektoren sett som mål å kutta klimagassutslepp ved å bruka husdyrgjødsel til biogassproduksjon, anten det er i mindre gardsanlegg eller større, industrielle biogassanlegg.
I dag går to prosent av all husdyrgjødsel i Noreg til eit biogassanlegg. Stortinget har vedtatt eit mål om tretti prosent. Bondeorganisasjonane har gjennom klimaavtalen med regjeringa forplikta seg til å ta prosentdelen opp til 25. Det kan kutta klimautslepp med opp til 280.000 tonn CO₂-ekvivalentar.
– Då må slike anlegg byggast og me må legga til rette for det. Kan me bygga på fjell i Sirevåg, er det positivt, seier Bjorland.
Gunstig plassering
Ordføraren fortel at han for ei stund sida var på konferanse med Statsforvaltaren i Rogaland. Statsforvaltaren hadde lagt fram eit kart som viste plasseringar av biogassanlegg som kunne vera gunstige for landbruket.
– I det kartet var både Grødaland og Sirevåg ringa inn, seier Bjorland.
På Grødaland er det godt kjend at Redo Biosolutions, Lyse, IVAR og Felleskjøpet Rogaland Agder gjennom Bio Jæren AS planlegg eit biogassanlegg som skal kunna ta imot 600.000 tonn gjødsel i året.
Jærbladet har tidlegare skrive at Statsforvaltaren i Rogaland er opptatt av at nye biogassetableringar i minst mogleg grad må overlappa med det planlagde anlegget på Grødaland.
Ordførar Bjorland seier kommunen heilt sidan møtet med Statsforvaltaren har hatt i mente at Sirevåg kan vera ein god plass for biogassanlegg, ut frå avstandane til omkringliggande landbruk.
Dermed passa det ekstra godt då Havila Biogass tok kontakt.
Firmaet har teikna ein opsjonsavtale med kommunen, men denne må godkjennast at formannskapet før han er gyldig.
– Det er på bakgrunn av den avtalen me nå har starta ein prosess med omregulering, seier Bjorland.
Området det gjeld, som ligg bak Sirevåg Mekaniske og Roxman bakeri og konditori, er i dag regulert til forretning, kontor, industri og næring. Skal Havila Biogass kunna etablera seg, trengst det ei omregulering.
Høge tankar
Denne veka vart første steget tatt, då kommunen sende planprogrammet ut på høyring. Eit planprogram er ei oppskrift for korleis sjølve reguleringsplanen skal lagast og kva som bør vektleggast.
Målet er å ha ein ferdig vedtatt plan neste sommar.
Av planprogrammet går det blant anna fram at den maksimalt tillatne byggehøgda må justerast for å få plass til og -tankar, som kan vera høvesvis 26 og 36 meter høge.
Sidan det er snakk om eit biogassanlegg, må planendringa konsekvensutgreiast. Kommunedirektøren peiker blant anna på forureining, landskap, naturmangfald, friluftsliv og jordressursar som naturlege tema.
I dag er det landbruk i store delar av området, men heile er regulert til næringsverksemd. Nedbygging kjem slik sett ikkje i konflikt med kommunen sitt jordvernmål.
I samband med reguleringsarbeidet vil kommunen òg legga til rette for eit område på 20 dekar tiltenkt eit anlegg for reinsing av forureina masser.
Ut frå formuleringar i forslaget til planprogram, kan det sjå ut som om det er ein annan aktør som har vist interesse for dette. Ordførar Bjorland seier han ikkje er kjend med nokon slik førespurnad.
– Det einaste eg kjenner til, er biogassanlegg. Poenget er at me vil opna for fleire typar næringar enn det er regulert til i dag, seier han.
I utgangspunktet er kommunen positiv til vidareutvikling av næringsområdet. I planprogrammet skriv kommunedirektøren blant anna at vidareutviklinga vil vera i tråd med kommuneplanen og den langsiktige arealstrategien.
Fristen for å komma med innspel til planprogrammet er 24. august.