Hå kommune utvidar industriområdet på Grødaland med 69 dekar, omtrent midt i bildet.
Hå kommune utvidar industriområdet på Grødaland med 69 dekar, omtrent midt i bildet. Foto: Håvard Ovesen

Området, som i dag vert brukt til landbruk, vert ein del av industriområdet på Grødaland. Her skal Bio Jæren bygga biogassanlegget sitt.

Anlegget skal behandla husdyrgjødsel og anna avfall frå landbruket for å produsera biogass til transport og lokal industri, i tillegg til å laga biogjødsel til landbruket.

Kommunen har lenge hatt opsjonsavtalar med to grunneigarar som disponerte grunn på sørsida av industriområdet.

I dag har IVAR eit anlegg som lagar biogass av matavfall, slam og anna organisk avfall på Grødaland. I tillegg er det reinsing av utsleppsvatn, eit flisfyringsanlegg og eit mottak for slakteavfall i industriområdet.

I fjor haust vart ein ny reguleringsplan vedtatt. Planen opna for å utvida industriområdet med 69 dekar.

Innbyggarar klaga på vedtaket, men klagene førte ikkje fram.

Kommunen har nå realisert opsjonsavtalane. Transaksjonane vart tinglyst tidlegare i vår.

Den største av dei to eigedommane er på 40 dekar. For denne betalte kommunen 27,2 millionar kroner. Den andre eigedommen, som er rett over 20 dekar, betalte kommunen 20,3 millionar kroner for.

For å betala for eigedommane, har kommunen tatt opp lån. Dette lånet skal betalast tilbake når kommunen sel eigedommane vidare.