Fleire store aktørar har planar om å bygga biogassanlegg på Jæren, men så langt er det berre ein av dei som har fått støtte. Bildet er av råtnetankar ved IVAR sitt biogassanlegg på Grødaland i Hå.
Fleire store aktørar har planar om å bygga biogassanlegg på Jæren, men så langt er det berre ein av dei som har fått støtte. Bildet er av råtnetankar ved IVAR sitt biogassanlegg på Grødaland i Hå. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Nyleg skreiv Jærbladet at det statlege føretaket Enova har gjeve 124 millionar kroner i støtte til utviklinga av Bio Jæren sitt planlagde biogassanlegg på Grødaland i Hå.

Biogassanlegget er berre eit av fleire store anlegg under planlegging på Jæren.

– Måtte prioritera

Jærbladet har tidlegare skrive at Havila Biogass planlegg to mellomstore anlegg her. Då Jærbladet snakka med administrerande direktør Kjell Evensgård tidlegare i haust, sa han at dei rekna med å senda inn søknad om støtte frå Enova i oktober.

Kjell Evensgård er administrerande direktør i Havila Biogass.
Kjell Evensgård er administrerande direktør i Havila Biogass. Foto: Foto: Privat

Men då Enova kunngjorde lista over aktørar som har fått innvilga støtte til ny biogassproduksjon, var ikkje Havila Biogass sitt prosjekt blant dei.

Grunnen, ifølge administrerande direktør Evensgård, er enkel: Dei søkte ikkje.

– Årsaka var at kommunane ganske enkelt ikkje var klare. Då måtte me prioritera dei prosjekta som var mest modne i forhold til tilgjengeleg areal, seier Evensgård.

Havila Biogass jobbar med å utvikla eit nettverk av biogassanlegg over heile landet. I haust søkte dei om støtte til tre prosjekt, eit i Tysvær og to i Trøndelag. Alle tre søknadane vart innvilga.

Evensgård seier dei kjem til å søka om støtte så fort kommunane har tilgjengeleg areal på plass.

Sist Jærbladet snakka med han, fortalde Evensgård at dei hadde planar om to ulike anlegg på Jæren. Nå seier han at det eine er meir relevant enn det andre.

– Mest sannsynleg vert det eitt prosjekt me søker om. Men det føreset at kommunar og styresmakter har sine ting på plass, seier han.

Havila Biogass har ikkje gått offisielt ut med kor dei ville bygga anlegga sine, men ut frå kommunale sakspapir går det fram at minst ein av lokasjonane var i Klepp.

Statleg klimasatsing

Eit biogassanlegg samlar opp gassane som dannar seg når mikroorganismar bryt ned organisk materiale (til dømes gjødsel eller matavfall) i eit lufttett rom. Gassane, stort sett metan og karbondioksid, kan så nyttast til å produsera straum, varme eller drivstoff.

Dette vert rekna for klimavennleg fordi gassane som vert nytta, uansett slepp ut i atmosfæren når biomassen rotnar.

Skilnaden er berre at biogassen vert nytta til energi først. Dette er i motsetning til energi frå fossil brensel, som frigjer CO₂ og andre klimagassar som elles ikkje ville slept ut i atmosfæren.

For bønder har det òg den fordelen at ved å levera inn gjødsel til biogassproduksjon, kan ein omgå dei skjerpa kravet til auka spreieareal, reduksjon av fosfor i gjødsla eller reduksjon i talet på produksjonsdyr.

I klimaavtalen inngått av bondenæringa og regjeringa i 2019, heiter det at 20 prosent av all norsk husdyrgjødsel skal behandlast industrielt. I dag er talet 1 prosent.

Enova er eit statsføretak som deler ut støtte til tiltak som skal bidra til at Noreg når målet om å verta ei nullutsleppsamfunn innan 2050. Eit av programma deira er «Støtte til biogass».

I år har Enova-programmet delt ut 550 millionar kroner i støtte til ulike biogassprosjekt.

I ei pressemelding varslar klima- og miljøminister Tore O. Sandvik (Ap) at i åra som kjem, vert Enova endå viktigare for regjeringa si klima- og energiomstilling.

– Auka produksjon og bruk av biogass bidrar til å skapa jobbar og kutta utslepp, avlastar kraftnettet og er sirkulærøkonomi i praksis. Det er ei klimaløysing me treng, og som er klar nå, seier ministeren i pressemeldinga.

Overlapp med Grødaland?

I samband med at Hovudutval for samfunn og kultur i Klepp tidlegare i haust drøfta status for arbeidet med biogassanlegg i kommunen, kom det fram at Statsforvaltaren i Rogaland legg stor vekt på Bio Jæren sitt anlegg på Grødaland.

Signala frå Statsforvaltaren er, blant anna, at eventuelle anlegg i Klepp eller andre stader nord på Jæren, i minst mogleg grad må overlappa med anlegget på Grødaland.

Årsaka er at Statsforvaltaren vil å unngå unødvendig transport. Derfor er beskjeden òg at eventuelle anlegg utanom Grødaland må tilpassa seg gjødselmengda som er tilgjengeleg i nærområdet.

Statsforvaltaren har vidare signalisert at det er lite aktuelt å godta eit biogassanlegg i eit landbruksområde der større delar av gassen som vert laga, kjem frå marint råstoff eller anna materiale utanfrå Jæren.

Utvalet var ikkje heilt samd i desse innspela. Sjølv om dei vedtok at Klepp skal legga Statsforvaltaren sine signal til grunn i det vidare arbeidet, vedtok fleirtalet, etter initiativ frå Frp, òg eit tilleggspunkt:

Utvalet meiner at konkurranse mellom aktørane er sunt, og at om dei skulle legga Statsforvaltaren sitt utspel om minst mogleg overlapp til grunn, vil det verka monopoliserande.

«På Jæren er det nok råstoff til flere aktører», heiter det i vedtaket, som stiller seg positivt til etablering av biogassanlegg i Klepp.

Fleire store vil til Klepp

I Klepp finst det allereie eit biogassanlegg som nyttar råstoff frå landbruket. Det høyrer til svine- og jordbærbonde Olav Røysland på Voll. Røysland leverer òg utstyr til gjødsel- og biogassanlegg, og driv ei rådgjevingsteneste knytt til det same.

Nyleg vart det òg kjend at Rogaland fylkeskommune vil bygga eit biogassanlegg på garden til Øksnevad videregående skole.

Større aktørar har òg meld si interesse i den nordlegaste jærkommunen.

Ein av dei er nystarta Lyse Bio, eigd av Lyse. Lyse Bio er frå før tungt inne på eigarsida i det planlagde anlegget på Grødaland, men skal òg ha planar om eit anlegg nummer to i Klepp og/eller Sola.

Det kjem fram i ein rapport frå Klepp kommune.

Biokraft, eigd av Hitecvision, Aneo og finske St1, har planar om å bygga eit biogassanlegg i Klepp. Ifølge Bondevennen skal dette anlegget vera dimensjonert for å ta imot opp til ein million tonn gjødsel i året.

Av den tidlegare omtalte rapporten, går det fram at Biokraft satsar på å gjera gassen dei produserer om til flytande form. Den flytande gassen skal kunna fraktast til dei marknadane som betalar best.

Prosjektet har inngått avtalar med bønder som leverer til Q-meieriene. Sistnemnde skal òg hjelpa til med rådgjevarar.

Kva som er status for dette prosjektet, ut over at det ikkje står på lista over prosjekt som har fått Enova-støtte i år, er ikkje kjend. Jærbladet har forsøkt å henta inn kommentar frå prosjektleiar Terje Hyldmo, men har førebels ikkje lukkast med dette.