Thor Risa Corneliussen køyrde Bryne Røde Kors sin gamle ambulanse med hjartet i halsen, fortalde han til Jærbladet i januar. Laurdag fekk hjelpekorpset sin nye på plass.
Thor Risa Corneliussen køyrde Bryne Røde Kors sin gamle ambulanse med hjartet i halsen, fortalde han til Jærbladet i januar. Laurdag fekk hjelpekorpset sin nye på plass. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Eg måtte berre teste, ler Svein Arne.

Han har akkurat skrudd blålysa av og på frå eit lite panel bak i bilen.

Ambulansen frå 2022 er ei stor oppgradering frå den gamle, som Jærbladet skreiv i januar hadde vore utskiftingsklar ei stund.

Ann Kristin Straume og Thomas Braut venta spent på Thor og Svein Arne i minutta før dei køyrde inn på plassen med hjelpekorpsets nyaste materielle tilskot. Bak i garasjen står ambulansen frå 2008, som ville ha kosta minst 200.000 å reparere.
Ann Kristin Straume og Thomas Braut venta spent på Thor og Svein Arne i minutta før dei køyrde inn på plassen med hjelpekorpsets nyaste materielle tilskot. Bak i garasjen står ambulansen frå 2008, som ville ha kosta minst 200.000 å reparere. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I siste halvdel av fjoråret forsvann 50.000 kroner i verkstadutgifter, og minst 200.000 fleire kunne det blitt om Bryne Røde Kors hadde valt å gjere noko med metallsponen som blei oppdaga i girkassa og motoren før jul.

Etter ti år med ambulansen frå 2008, som dei hadde kjøpt brukt, såg dei seg heller nøydde til å kjøpe ein ny.

Beredskapsambulansen på veg til sin nye heim.
Beredskapsambulansen på veg til sin nye heim. Foto: Foto: Thor Risa Corneliussen

No er den etterlengta erstatninga komen.

– Det har vore ein draum å køyre i dag, seier korpsleiar Thor.

– Har vore eit styr

Laurdag tok brørne kollektivtransport til Halhjem, kor dei møtte tidlegare eigar, Bergen Røde Kors, for overrekking.

– Det har vore eit styr å finne denne ambulansen, for det er ikkje så mange du kan køyre med B-sertifikat i Norge, seier Thor.

Brørne kan rapportere om ei god køyreoppleving frå Halhjem.
Brørne kan rapportere om ei god køyreoppleving frå Halhjem. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I hjelpekorpset på Bryne er dei fem personar som har lov til å køyre sjukebil. Dei køyrer med vanlege sertifikat, men har i tillegg sertifisering frå Røde Kors, som må fornyast kvart tredje år.

Dei må også ha eigen førarprøve for utrykkingskøyretøy.

Prislappen enda på éin million kroner.

Bilen er betalt av eigne midlar, men dei håpar å få støtte frå stiftingar dei har søkt til.

– Alt ordnar seg for snille gutar, plar eg seie. Me er nokså sikre på at det skal ordne seg med finansiering, seier korpsleiaren.

Vil ta den i bruk om ei veke

Hjelpekorpset består av tolv personar som bruker av fritida til å gjere oppdrag for Time kommune og Stavanger universitetssjukehus (SUS), og hjelpe til ved private arrangement.

I første omgang er planen å få ambulansen klar til kampen mellom Bryne og Strømmen 16. mai. Også i folketoget 17. mai og Jærdagen håpar dei å hjelpe til med si nye stoltheit.

Den gamle ambulansen, bakerst i garasjen, skal snart til knoksen.
Den gamle ambulansen, bakerst i garasjen, skal snart til knoksen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I mellomtida må dei få bilen godkjend hos biltilsynet og godkjenning frå Helse Stavanger til bytet. Også diverse småting i og på ambulansen må i orden.

Så raskt Svein Arne har rygga bilen inn i garasjen, set Thomas Braut i gang med hårfønar og linjal for å skrape vekk alle spor av Bergen.

No er bilen Bryne sin.

Treng ikkje lenger vere redd for at bilen går sund

Den gamle sjukebilen blei brukt minst mogleg i slutten, på grunn av den dårlege tilstanden.

Snart er den på veg til «knoksen», og Thor treng ikkje å bekymre seg meir.

Hjelpekorpset er storfornøgde med sitt nye køyretøy.
Hjelpekorpset er storfornøgde med sitt nye køyretøy. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I januar kunne han fortelje at dynamoen rauk under ein pasienttransport ned Lysebotn i fjor sommar, i forbindelse med det 15 mil lange sykkelrittet frå Bryne.

Målet var å skaffe ny bil før årets arrangement.

– No kan me reise til Lysebotn i august utan å vere redd for at bilen skal gå sund. Det var litt flautt i fjor, smiler han.