Senterleiar Eli Ulveseter og varehussjef Ole Sirevåg er godt nøgde med parkeringa ved det nye butikklokalet til Obs Express på M44. Butikken som mellom anna sel farse, har fått lysare lokale og enklare tilkomst frå parkeringsplassen.
Senterleiar Eli Ulveseter og varehussjef Ole Sirevåg er godt nøgde med parkeringa ved det nye butikklokalet til Obs Express på M44. Butikken som mellom anna sel farse, har fått lysare lokale og enklare tilkomst frå parkeringsplassen. Foto: Brit Romsbotn

– Farseparkeringa er mest ein gimmick. Det betyr ikkje at ein må handla farse for å få lov til å stå der, smiler senterleiar Eli Ulveseter og varehussjef Ole Sirevåg.

Farse i ferskvaredisken

Obs Express-butikken, som held oppe sju dagar i veka, stengde for siste gong klokka 21.00 søndag kveld.

Klokka 07.00 måndag var dei i gang med å flytta varene over det nye lokalet.

– Me har fått lysare og flottare lokale. Me er også veldig godt nøgde med den nye plasseringa som me har fått på kjøpesenteret. Her vil me visa betre igjen, og det blir enklare å marknadsføra oss mot turistar som køyrer langs fylkesveg 44, seier Ole Sirevåg.

Obs Express-butikken på M44, som held oppe sju dagar i veka, stengde for siste gong klokka 21.00 søndag. – Måndag blei butikken tømt, og torsdag opnar Obs Express i nye lokale, seier varehussjef Ole Sirevåg.
Obs Express-butikken på M44, som held oppe sju dagar i veka, stengde for siste gong klokka 21.00 søndag. – Måndag blei butikken tømt, og torsdag opnar Obs Express i nye lokale, seier varehussjef Ole Sirevåg. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Senterleiar Eli Ulveseter seier at mellom 12.000 og 20.000 bilar passerer kjøpesenteret langs fylkesveg 44 løpet av eit døgn. – Potensialet er stort, seier senterleiaren.

Butikken opnar i dei nye lokala komande torsdag.

– Kva med farsesalet no når den gamle butikken er avvikla, og den nye ikkje har opna enno?

– Me har sjølvsagt tenkt på lunsjkundane våre. I dagane fram til torsdag sel me farse på vanleg måte ved ferskvaredisken i den store Obs-butikken, opplyser Sirevåg.

Meir søndagshandel

Butikklokalet er 100 kvadratmeter stort. Sidan butikken har ope på søndagar, kan ikkje lokalet vera større enn dette.

Ein fordel med det nye lokalet, samanlikna med det gamle, er at kundane kjem inn i eit vindfang, før dei går inn i sjølve butikken.

– Med mykje trafikk og kaldt vær ute, kunne det bli kjølig for dei som var i butikken, seier senterleiar Eli Ulveseter.

Bjørnar Serigstad (i midten), her i samtale med Ole Sirevåg og Eli Ulveseter, er assisterande varehussjef og daglegvaresjef ved Obs Bryne. Han ser fram til å opna den nye butikken torsdag.
Bjørnar Serigstad (i midten), her i samtale med Ole Sirevåg og Eli Ulveseter, er assisterande varehussjef og daglegvaresjef ved Obs Bryne. Han ser fram til å opna den nye butikken torsdag. Foto: Foto: Brit Romsbotn

Den nye butikken får kassar der kundane skannar varene sine sjølv.

Obs Express ved M44 sel i gjennomsnitt 2.000 farsar i veka.

– Farsesalet er temmeleg stabilt, men Express-omsettinga generelt har auka. Søndagsomsettinga ved Obs Express har dei siste to åra gått opp frå 100.000 til cirka 200.000 kroner, opplyser varehussjef Ole Sirevåg.