Jordmødrene på Bryne helsestasjon: Elin Barane Helland, Kristin Lie Orstad, Katrine Bryne Johnsen og Emilie Fuglestad Gya.
Jordmødrene på Bryne helsestasjon: Elin Barane Helland, Kristin Lie Orstad, Katrine Bryne Johnsen og Emilie Fuglestad Gya. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Det var mange som ikkje fekk tilbod om heimebesøk i fjor, seier jordmor Elin Barane Helland.

Ho er tilsett ved Bryne helsestasjon.

Helsemyndigheitene anbefaler at alle familiar får tilbod om besøk av jordmor éin til tre dagar etter fødsel.

Dette hadde fjorårets tre jordmødrer rett og slett ikkje kapasitet til.

– Kommunen har ikkje så mange jordmorstillingar som me skulle ønskje, og det som det er behov for, seier Helland.

Les svaret frå Pamela Sudmann, kommunalsjef for oppvekst i Time kommune, seinare i saka.

Uavklart kvart år

I dag har helsestasjonen på Bryne fire jordmødrer, fordelt på tre stillingar: om lag to betalt av kommunen, og om lag éi betalt av tilskot frå Helsedirektoratet som må søkast om årleg.

Kapasitetsmangelen i fjor kom av at ei jordmor valde å seie opp stillinga si, fordi det ikkje var tilbod om fast stilling i kommunen. Dei fortel at det er vanskeleg å rekruttere jordmødrer i små vikariat.

Heller ikkje neste år er det avklart om dei får tilskotsmidlar til den tredje stillinga.

Uvissa i stillingsprosentar er uføreseieleg som tilsett, men fører også til at tilbodet blir dårlegare, ifølgje jordmødrene.

– Det blir ikkje kontinuitet i tilbodet, så me får ikkje til å følgje opp i den grad me både bør og skal, seier kollega Kristin Lie Orstad.

– Jordmortenesta i kommunen er lovpålagd, men kan praktiserast litt ulikt. Tenesta er sårbar, fordi det stort sett er for få folk til å betene den, legg ho til.

Dei fire jordmødrene i kommunen er alle på Bryne helsestasjon. Helsestasjonen på Undheim er den einaste som er i drift utanom, etter at Frøyland helsestasjon blei lagt ned i fjor.
Dei fire jordmødrene i kommunen er alle på Bryne helsestasjon. Helsestasjonen på Undheim er den einaste som er i drift utanom, etter at Frøyland helsestasjon blei lagt ned i fjor. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen (arkiv)

I tillegg til mangelen på heimebesøk, gav heller ikkje helsestasjonen tilbod om seksvekerskontroll i fjor. Denne skal i utgangspunktet kunne skje hos jordmor på helsestasjonen, eller hos fastlegen.

– I svangerskapet skal ein også kunne velje oppfølging av lege eller jordmor. Når me har hatt få ressursar, som i fjor, var det ikkje eit reelt alternativ for gravide å velje berre jordmor, dersom dei ønskja det, seier Katrine Bryne Johnsen.

– Då blir ein fortare utrygg. Det er mange som har behov for auka tryggleik i denne sårbare perioden av livet, og nokon treng litt tettare oppfølging enn dei faste konsultasjonane også, legg Orstad til.

– Kjempeøkonomi

Tysdag, når Jærbladet er innom helsestasjonen, blir jordmordagen markert på ulike måtar, både på Bryne og over heile verda.

Ein million fleire jordmødrer globalt er den store kampsaka, ifølge Den norske jordmorforening.

En av jordmødrene hadde strikket 25 tøfler som ble delt ut på den internasjonale jordmordagen.
En av jordmødrene hadde strikket 25 tøfler som ble delt ut på den internasjonale jordmordagen. Foto: Foto: Privat

– Det minner oss om at me treng fleire jordmødrer, men også at me må ta vare på dei jordmødrene me har. Det inneber gode rammer, sterke fagmiljø og ei moglegheit for jordmødrer til å jobbe og bruke heile sin kompetanse, seier Lena Henriksen, leiar av sentralstyret i foreininga, i ein gratulasjonsvideo.

Jordmødrene på Bryne helsestasjon vil løfte fram yrket. Johnsen meiner dei er utruleg heldige.

– Me får jo lov til å jobbe med eit liv som kjem. Det er jo stort, seier ho.

Dei understrekar at dei i stor grad jobbar med å førebygge.

– All forsking viser jo at viss me hjelper dei gravide slik at dei får eit godt svangerskap, så vil ungane òg ha det mest optimale føresetnadene, seier Helland.

– Det er kjempeøkonomi i å førebygge i den fasen av livet, seier Orstad.

I 2025 følgte dei opp 235 fødslar, og 314 nye gravide.

Ekstrastillinga er meir usikker i år

Pamela Sudmann, kommunalsjef for oppvekst i Time kommune, presiserer overfor Jærbladet at kommunen i dag har 2,2 faste årsverk finansiert over ordinært budsjett.

I tillegg er altså 0,80 årsverk finansiert gjennom tilskotsmidlar frå Helsedirektoratet.

– Spørsmålet om talet på faste stillingar er noko kommunen vurderer som del av dei årlege budsjett- og planprosessane. Her inngår både faglege vurderingar, aktivitetsnivå og økonomiske rammer, skriv ho i ein e-post.

Kommunen har søkt og fått årlege tilskotsmidlar over mange år, ifølgje kommunalsjefen.

– Desse har vore viktige for å styrke tilbodet vårt. Det er samtidig riktig at ordninga kan opplevast som mindre føreseieleg, sidan midlane blir tildelte for avgrensa periodar, skriv ho.

Sudmann vedgår at det i år har vore større usikkerheit knytt til kor mykje kommunen vil få innvilga, fordi ordninga på nasjonalt nivå nå er lagt inn i det ho kallar for ei ny tverrsektoriell tilskotsordning.

Kommunen ventar svar på denne søknaden i løpet av mai.

– Kva tenker du om tilbodet som jordmortenesta i Time gir i dag?

– Kommunen er opptatt av å gi eit godt og fagleg forsvarleg tilbod til gravide, fødande og familiar. Me har ei jordmorteneste som gir eit viktig og godt tilbod til innbyggjarane, og dei har ei sentral rolle i arbeidet vårt i oppvekst med tidleg innsats, skriv ho, og held fram:

– Dei leverer eit breitt tilbod med svangerskapsoppfølging, og er viktige bidragsytarar med sin kompetanse i samarbeidet med andre tenester rundt familien.