– Skal me prøva å legga vekk permane? Eg trur de kan denne teksten!
Jofrid Mosland smiler til gruppa som ho har tilbrakt torsdags ettermiddagar saman med dei siste to og eit halvt åra: Medlemmene i koret Den glade sanger på Varhaug.
Nokre slit med demenssjukdom, andre er med for å støtta opp. Nokre har falle ifrå sidan starten, men andre er kome til. I desse benkeradene er dei alle først og fremst kormedlemmar. Som dei seier her: Du er ikkje sjukdommen din.
«Det gildaste eg veit»
Fleire av dei har dessutan vore forskingsobjekt: Dei er blitt intervjua i Jofrid Moslands masteroppgåve i musikkterapi ved Norges musikkhøgskole. Den fekk namnet «Det gildeste jeg vet. En mixed methods studie om betydningen av å delta i demenskor».
Ute i rommet i den trivelege Lensmannsløa står borda fint dekte, og pynta smørbrød er på veg – alt sørga for av frivillige iført t-skjorter med «Æg hjelpe». Kvar veke stiller dei og lagar ei ramme av fest og glede på ein torsdag.
I samværet etter øvinga sit koristar, frivillige og pårørande saman, med kvar sin namnelapp på brystet.
Men først skal det syngast!
Det går mot jul, og det betyr konsert i Nærbø kyrkje, som dei òg har hatt dei siste to åra. 27. november er ikkje så veldig langt fram, og derfor er det julesongar dei øver på denne oktober-torsdagen.
Kulturskulen for vaksne
Inne i løa har dei varma opp med Halvdan Sivertsens «Hver gang vi møtes». Ingvar Hafver er solist, akkompagnert av pianist Ragnhild Elisabeth Hoel og ein gitarist som i dag er ein gammal kjenning for mange i koret: Ragnvald Wernøe, leiar i kulturskulen. Dei første to åra var han korets pianist.
«Å bare vær i lag igjen, er vi som før, hvor skal vi hen? Vi tar en sang for det som va', for gammel tru, for alt vi sa».
Så kjem refrenget, og då er alle med.
«Hver gang vi møtes har vi det bra. Vi er venner for livet. Sånne er gode å ha!»
Dei har hatt den på repertoaret lenge, og den sit. Mange har likevel eit godt grep om mappa og arket med teksten.
Den glade songar har vore ein del av kulturskulen i Hå sidan starten våren 2023. Det var i kjølvatnet av at NRK viste serien «Demenskoret», eit prosjekt som gjekk rett i kjenslene på folk og som sette i gang ein kjedereaksjon av tilsvarande tiltak over heile landet. Hå var tidleg ute, og det var ikkje tilfeldig:
Eldsjeler fann saman
I kulturskulen jobba musikkterapeut Jofrid Mosland, som hadde arbeidd i demensomsorga og som var i gang med eit masterprogram i musikkterapi ved Musikkhøgskulen. Skulen var involvert i NRK-prosjektet, som òg innebar forsking på effektar av å gå i kor.
I kulturskulen jobba også sjefen til Jofrid, kulturskule-leiar Ragnvald Wernøe, som var opptatt av helsegevinstar i musikk og kultur.
I kommunen jobba demenskoordinator Anne Dagny Versland, som har kontakt med innbyggarar med demens og deira familiar – og som såg behovet for møteplassar der ein kan fylla på med positive opplevingar og der pårørande kan få litt avlasting.
Alle tre blei gripne av serien «Demenskoret» og ville gjera noko liknande lokalt. Og Mosland var i gang med masteroppgåva si, der ho ville at nettopp eit slikt lokalt kor skulle bli studieobjekt.
27. november inviterer Den glade sanger til julekonsert i Nærbø kyrkje for tredje år på rad. Julerepertoaret er dei i full gang med. Foto: Ingeborg Eliassen
337 personar med demens
I Hå har 1,69 prosent av innbyggarane ein demenssjukdom i 2025, ifølge Demenskartet, ein database ved Nasjonalt senter for aldring og helse. Det høyrest kanskje ikkje ut som så mange, og det er lågare enn landsgjennomsnittet på 2,02 prosent.
Men det er 337 personar, dei fleste med pårørande.
I heile landet lever rundt 100.000 personar med demens. Og i åra framover reknar styresmaktene med at mange fleire vil bli ramma. I Hå er prognosen at det vil gjelda 410 personar i 2030, 593 personar i 2040 og heile 764 innbyggarar i 2050.
– Me må jobba på tvers, ikkje i silo, seier Ragnvald Wernøe om utfordringane. Det er han glad for at kommuneleiinga legg til rette for.
– Nå har me 15 koristar, men eigentleg er koret dobbelt så stort. Av og til er dette vel så viktig for pårørande. Me er opptatt av at eit slikt tilbod kan bidra til å laga gode lokalsamfunn. Då må me gjera ting i lag, supplerer frivillig-koordinator Merethe Elin Kvia.
Pårørande treffer kvarandre
Mens koret øver, har pårørande eit rom for seg sjølve der dei snakkar om det dei har behov for, saman med demenskoordinatoren og frivillige.
Det kan vera om situasjonen dei står i, eller kanskje om noko heilt anna.
– Når ein person får demens, rammer det heile familien og alle rutinane. Folk endrar seg. Det blir vanskeleg å gå ifrå. Det er svært tøft, seier Anne Dagny Versland.
- Derfor gjer det ikkje så mykje om ein ikkje syng så mykje, eller om ein ikkje vil vera med og opptre.
- – Viss ein likar musikk, blir det ei positiv oppleving, og noko å snakka saman om etterpå, seier demenskoordinatoren.
Kvar veke sender ho sms til pårørande om den komande øvinga og ønsker dei velkomen. Og når ho får kontakt med nye personar som er ramma av demens, presenterer ho tilbodet om å gå i kor.
For dei har plass til fleire.
Intervju og humørskjema
I si systematiske kartlegging intervjua Jofrid Mosland fem av deltakarane i koret i såkalla kvalitative forskingsintervju – før koret starta, så etter seks øvingar, og til slutt etter 12. I ein såkalla kvantitativ del av prosjektet fylte 12 deltakarar ut eit humørskjema før og etter øvinga dei 12 første gongane.
Og resultatet? Kva betyr demenskoret for dei som er med?
Svara i humørskjemaet tyder på at dei som var i godt humør då dei kom, var i like godt humør etter øvingane. Dei som var bekymra før øvinga, var tydeleg mindre bekymra etterpå. Éin korist kryssa av på «trist» før øvinga, men var ikkje trist etter å ha sunge.
Éin deltakar kryssa av på «sint» både før og etter øvinga.
Men elles viste kartlegginga at deltakarane som var glade, blei litt meir glade. Dei som var i veldig godt humør, blei i endå betre humør – og dei som var veldig glade, blei endå gladare, ifølge masteroppgåva.
Det kan fremja livskvaliteten å delta i demenskor, konkluderer Mosland i akademisk nøytralt språk. Det skjer ved at
- Viktige relasjonar blir utvikla.
- Deltakinga kjennest verdifull.
- Koret forsterkar kjensle av meining og liv.
- Folk kjenner seg som ein ressurs og blir møtt med omsorg.
Dette seier deltakarane
Dette har ho slutta ut ifrå intervjua og humørskjema frå pårørande, koristar og frivillige.
Mellom mykje anna seier dei dette:
Ein korist om å gå i koret: «Jeg er kry, sier det til alle».
Ein pårørande: «Det har betydd så mye. Når de synger og vi går ut i pauserommet, får jeg snakket med folk som forstår meg».
Ein frivillig: «Den ene gangen jeg gikk hjem, så tenkte jeg: 'I dag tror jeg faktisk jeg fikk bidratt med noe'».
Ein pårørande: «Det er noe som er spesielt viktig, det at du har det sosiale etterpå. At vi sitter rundt bordet, både de demente og pårørende. Å få snakke, det syns jeg er det viktigste. At ikke du bare kommer inn og plasserer de, at de skal synge og så går vi etterpå. At vi får være litt i lag alle sammen».
Ein frivillig: «De ser at partneren eller mor eller far som har demens, blomstrer i fellesskapet. Det tror jeg er utrolig viktig».
Ein korist etter ein konsert der publikum reiste seg opp: «Hadde jeg hatt skjema i dag, ville jeg krysset av at det var veldig gildt!»
Men i loggen sin har Jofrid Mosland registrert at også applaus kan bli ein vane.
Etter den første konserten for venner og pårørande, runga det av begeistra klapping i salen. Då kom det tørt frå ein av deltakarane:
– Det skulle berre mangla.