Samanlikna med andre kommunar, er saksbehandlingstida for byggesaker i Hå lang.
Det kjem fram i tidsskriftet Kommunal Rapport sitt Kommunebarometer.
Der kjem Hå på 279. plass av landets 357 kommunar når det kjem til saksbehandling av byggesak.
Til samanlikning vert Klepp rangert som nummer 13 og Time som nummer 2 i same kategori.
Sidan fjorårets rangering, har Hå falt 73 plassar.
Saksbehandlingstida er ikkje det einaste kriteriet, men utgjer likevel ein stor del av grunnlaget for vurderinga.
Rangeringa er basert på tal for 2024, innrapportert til det nasjonale informasjonssystemet KOSTRA.
Unøyaktig innrapportering
Jan Gunnar Mattingsdal, kommunalsjef for samfunn, medgjev overfor Jærbladet at den svake plasseringa kom overraskande på.
Han seier dei hadde mange saker i fjor. I tillegg, seier han, har innrapporteringa av tal til KOSTRA-systemet vore for unøyaktig.
Kommunen har ikkje vore flink nok til å registrera når byggesaker har vorte forseinka som følge av manglar i søknadane. Dermed ser det ut som om kommunen bruker lengre tid på å behandla sakene enn det som er reelt.
– Kva er årsaka til den store skilnaden mellom Hå og tilsvarande tal for Time og Klepp?
– Dei andre har vore betre på dette enn oss, og prioritert meir ressursar til det.
Mattingsdal understrekar at den skuffande rangeringa er basert på 2024-tal.
– Opplevinga mi, og opplevinga til dei fleste som jobbar her, er at me gjer det veldig bra. Når 2025-tala kjem, vil dei vera monaleg betre. Og tala for 2026 skal verta endå betre, lovar kommunedirektøren.
Kommunen har sett inn fleire tiltak for å korta ned på saksbehandlingstidene.
Har tatt grep
Blant anna er avdelinga styrka med eit årsverk. Politikarane sette av pengar til dette i 2024, men stillinga vart først fylt i januar i år.
– Det har hatt og vil framleis ha god effekt, seier Mattingsdal.
Dei er òg i ferd med å oppgradera saksbehandlingssystemet sitt.
– Og i overgangen mens me gjer det, har me henta inn hjelp frå Time til å behandla nokre byggesaker, seier Mattingsdal.
Tenesteområdet er òg i ferd med å rydda opp i gamle reguleringsplanar. Ifølge Mattingsdal har dette god effekt på saksbehandlingstida.
– Det gjer regelverket enklare å tolka både for dei som skal bygga og dei som skal saksbehandla. I tillegg slepp me at det vert så mange tidkrevjande dispensasjonssaker, seier Mattingsdal.
Varaordføraren: – Skuffa
Tysdag denne veka diskuterte formannskapet årets Kommunebarometer, og konsulentfirmaet Agenda Kaupang sin Kommuneindeks (der Hå, skal det seiast, saman med Klepp, kvart år har hamna på topp ti av landets best styrte kommunar).
Fleire av politikarane stussa over dei lange saksbehandlingstidene. Varaordførar Svein Arve Nygård (Frp) gav uttrykk for at han og resten av partigruppa var skuffa og at tala ikkje var akseptable.
Han sa òg at det nå, i forkant av haustens budsjettarbeid, er viktig at politikarane får beskjed dersom det er grep dei må ta for å få ned saksbehandlingstidene.
Nygård la samtidig til at han har fått mange gode tilbakemeldingar frå utbyggarar.
– Så me håpar på ei stor forbetring på neste Kommunebarometer, sa han, noko Mattingsdal gjekk langt i å lova formannskapet.
På spørsmål frå Jærbladet svarar kommunalsjef Mattingsdal «ja» på spørsmålet om dei nå har alt som skal til for å lukkast med å få ned saksbehandlingstidene.