Sigve Meling seier at hackerangrepet fører til mykje ekstraarbeid.
Sigve Meling seier at hackerangrepet fører til mykje ekstraarbeid. Foto: Håvard Ovesen

Klepp Auto Bilverksted er ramma av dataangrep. Det vil seia, hackerar har angripe Helios Auto, som leverar datasystemer til rundt 450 verkstader i heile Noreg. Klepp Auto Bilverksted er eit av desse.

– Me anar ikkje kva for bilar som kjem inn. Dei som skulle hatt time får heller ikkje påminningsmeldinga dei skulle hatt. Heldigvis er det mange som berre møter opp, fortel Sigve Meling hos Klepp Auto Bilverksted.

Løysepengar

Ifølge digi.no er det eit løysepengevirus som har råka datasystemleverandøren. Denne typen virus fungerer slik at dei krypterer all dataen til ei verksemd. Hackerane krev så pengar for å gje tilbake tilgang til dataa. Helios Auto har avvist kontakt med hackerane.

Kundedata skal ikkje vera på avvege.

Datasystema vert brukt blant anna til booking og bestilling av bildelar.

For Klepp Auto Bilverksted kompliserar angrepet papirarbeidet kraftig, både når det gjeld å skriva manuelle ordrer og å sjekka eigarar opp mot vognkort.

– Me må berre prøva å gjera det beste ut av det. Det er ikkje så mykje anna me kan gjera, seier Meling.

Det er heller ikkje så lett å ta seg betalt der og då.

– Det er ein del jobbar der me ikkje har prisen utan at me har ordren oppe. Er det til dømes ein EU-kontroll, er det greit, for då er det fast pris, men er det noko utanom, er det meir komplisert, seier Meling.

Han seier dei kan prøva å laga til noko på staden, men at det i dei fleste tilfella vert mindre jobb av å setta seg til nokre kveldar i ettertid og fakturera litt.

Ventar forseinkingar

I utgangspunktet skal ikkje datatrøbbelet ha noko å seie for sjølve jobbane, men Meling trur likevel det kan verta litt forseinkingar.

– Det er sikkert ein del som skulle hatt time, men som ikkje har komme fordi dei ikkje har fått påminning. Det veit med ikkje før me får gått gjennom alt, men det kan nok forskyva nokre timar. Den siste halvanna veka har me hatt eit veldig tettpakka program, så det vil nok vera litt konsekvensar utover dei neste vekene, seier Meling.

For litt over eit år sidan vart Jærbladet og eigarselskapet Amedia utsett for eit liknande angrep. Òg Nortura har opplevd det same, noko som blant anna førte til farsekrise på Bryne.

Laurdag var altså turen kommen til Helios Auto, og dimed òg lokale verkstader på Jæren.

Meling seier at dei ikkje visste noko før dei kom på jobb mandag morgon, skrudde på datamaskinen og ikkje kom inn i systemet.

– Så såg me at det var komme ein e-post frå Helios Auto om at dei hadde vore hacka. Sidan har me fått fleire oppdateringar til dagen, seier han.

Meling seier at leverandøren har ferske sikkerhetskopier. Det er derfor ingen data som er mista.

– Det er det viktigaste for oss. Men serverane er krypterte. De jobbar litt med å få gang på dei. Det finst backupar, men dei tek tid å laste inn. Det er 450 bilverkstader berre i Noreg som bruker desse systema, så det er ganske mykje data, seier han.

I heile Norden leverar Helios Data datasystemer til rundt 1.300 verkstader.

For andre gong

Det er andre gongen Klepp Auto Bilverksted er ramma av hackerangrep. Forrige gong var i 2020. Då hadde dei ein annan systemleverandør.

– Då er de kanskje litt meir førebudd denne gongen?

– Nei, eigentleg ikkje. Dette er noko det er vanskeleg å førebu seg på.

I 2020 tok det halvanna veke før systema var oppe og gjekk igjen. Meling trur det vil gå raskare denne gongen.

– Dei meiner dei er på veg opp igjen allereie, seier han.

Jærbladet har ikkje oversikt over kor mange lokale bilverkstader på Jæren som nyttar Helios Auto som dataleverandør og som difor er ramma, men veit at det forutan Klepp Auto Bilverksted blant anna gjeld Klepp Bilteknikk og Orstad Bilverksted.