Dei ni siste åra har ho arbeidd i ungdomsklubb på Varhaug. No ser ho fram til å arbeida blant eldre ungdommar ved Jæren folkehøgskule i Klepp. 47-åringen startar i stillinga den 1. juni, siste halvdel av august kjem dei cirka 90 elevane.

Arbeidd ved mange skular

Monica C. Høien er utdanna lærar. Ho har arbeidd ved Lensmannsløa ungdomsklubb på Varhaug sidan starten for ni år sidan.

– Før den tid arbeidde eg som lærar, og eg var også ufaglært lærar i fleire år før eg tok utdanning. Eg har arbeidd ved mange skular i Hå, noko som var veldig lærerikt. Det er spanande å sjå kor forskjellig kulturen kan vera, seier Høien.

Monica som er frå Brusand, har også arbeidd med ungdom og psykisk helse.

Mange kjenner henne nok frå Symesterskapet på fjernsyn. I ung alder vurderte ho å bli skreddar, men hoppa av studiet.

Ho har ikkje gått på folkehøgskule sjølv, men ho trur ho ville likt det godt.

Monica C. Høien opplevde at utlysingsteksten for rektorstillinga ved folkehøgskulen i Klepp snakka direkte til henne.

– Eg var ikkje på leit etter ny jobb. Men Dag ville ha tak i meg. Eg opplever at stillinga inneheld det eg bryr meg om. Å sjå folk, utvikla det indre og gjera kvarandre trygge og gode, smiler 47-åringen og ser mot noverande rektor Dag Folkvord.

REKTORSKIFTE: - Det kjennest som eg har fått ei gåve, seier påtroppande rektor Monica C. Høien saman med noverande rektor Dag Folkvord.
REKTORSKIFTE: - Det kjennest som eg har fått ei gåve, seier påtroppande rektor Monica C. Høien saman med noverande rektor Dag Folkvord. Foto: Foto: Brit Romsbotn

– Liker ikkje å sortera folk

Ho ser fram til at ho skal arbeida ved ein skule utan karakterar.

– Eg liker ikkje å sortera folk. Eg er glad i folk og eg liker å vera leiar. Dei som ikkje kjenner meg, lurer på om eg kan leia, dei som kjenner meg godt lurer ikkje det i heile, seier den påtroppande rektoren

Ho har også mykje erfaring med kor, og ho vil arbeida med musikk ved folkehøgskulen.

Monica C. Høien gleder seg stort til å ta fatt i den nye jobben.

– For meg kjennest det nesten som å ha fått ei gåve, seier 47-åringen og smiler stort.

Endringar i leiinga

Jæren folkehøgskule har gjort diverse endringar med rektorstillinga, som eit forsøk på å få betre rekrutteringa til stillinga.

– Under rektorstillinga har det lege økonomi og drift. No prøver me ei ordning der rektoren kan konsentrera seg meir om det viktige, elevane, seier noverande rektor Dag Folkvord.

Han blir 62 år i sommar, og vil arbeida ved skulen i nokre år til i ei ny stilling der han får ansvar for økonomi og drift.

Jæren folkehøgskule har 19 tilsette.