På grunn av dei nye bustadblokkene måtte andre bustader  i området omadresserast, for å bli «logiske og i samsvar med reglane for adressering». Nede til høgre er Klokkesvingen under byggingen. Verkstaden oppe til venstre skal rivast og gje plass til nye blokker.
På grunn av dei nye bustadblokkene måtte andre bustader i området omadresserast, for å bli «logiske og i samsvar med reglane for adressering». Nede til høgre er Klokkesvingen under byggingen. Verkstaden oppe til venstre skal rivast og gje plass til nye blokker. Foto: Snorre Standish Norheim

I starten av februar gav Time kommune rammeløyve til rivinga av ein gammal bilverkstad i Trallfavegen 7 og oppføring av fem leilegheitsblokker på den såkalla Bavaria-tomta.

Over tre byggetrinn skal det koma næring i første etasje, inkludert ein Kiwi-butikk, og inntil 120 leilegheiter. Fire av blokkene får fem etasjar, den femte og siste får seks etasjar.

Fleire av naboane som var kritiske til prosjektet, gjentok skepsisen då utbyggaren Backe Prosjekt søkte om rammeløyvet.

«Tiltaket er uendra sidan endring av plan. Kommunalsjefsamfunn ser difor ikkje at det er løfta fram nye moment som tilseier at tiltaket ikkje skal kunne godkjennast», står det i vedtaket frå februar.

Utbyggaren har tatt utgangspunkt i eit snitt på 2,25 bebuarar per leilegheit. Dermed kan det vera så mange som 270 personar som skal få ny adresse i Kristoffers hage.

Kommunalt ansvar

– Det er kommune si oppgåve å tildela eller endra offisielle adresser, opplyste kommunen i eit varsel til påverka naboar.

Dersom det er fleire «adresseverdige» bygg på eigedommen, forklarte kommunen i brevet, skal kvart bygg ha eigen adresse.

Husnummera skal tildelast i stigande rekkjefølge, og dersom det òg blir tildelt bokstav, skal det gjerast i alfabetisk rekkjefølge.

På grunn av dei nye bustadblokkene, måtte andre bustader omadresserast.

– Logiske adresser er viktig for å sikra presis og rask navigering, spesielt i naudsituasjonar, presiserte ingeniøren i kommunen.

– Det kom inn mange tilbakemeldingar på dette
varselet og me har gått gjennom dei. Dei fleste tilbakemeldingane går på frykt for forvirring
ved endring av adresser i eit etablert område, skreiv kommunen i nytt brev etter at fristen gjekk ut.
– Det kom inn mange tilbakemeldingar på dette varselet og me har gått gjennom dei. Dei fleste tilbakemeldingane går på frykt for forvirring ved endring av adresser i eit etablert område, skreiv kommunen i nytt brev etter at fristen gjekk ut. Foto: Foto: Time kommune

Bokstavleik i Myrbrotet

I løpet av eit par dagar fekk kommunen eit titals svar frå naboar som ikkje var samde i at det var logisk å endra adressa deira.

«I denne saken er hele gaten i Myrbrotet uenige i adresseringsforslaget. Vi ser ikke logikken i dette valget, her må dere forklare bedre», skreiv éin av naboane, før han følgde opp med ein formell klage.

I dagens kart deler tre bustader på husnummer 1, med bokstavar bak: Myrbrotet 1A, 1B og 1C.

I forslaget frå kommunen skulle dei i staden dela på husnummer 3, saman med dei tre bustadene som deler det nummeret i dag, i tillegg til at bokstavane skulle rokerast.

«Dersom husa i nåverande Myrbrotet 1, er nødd til å få ny adresse, foreslår eg at det vert dei som får 3d, 3e og 3f. Dette for å unngå adresseforvirring i lang tid framover», føreslo ein annan nabo.

I eit tredje hus tok den yngste generasjonen opp kampen, saman med mor, og sende kvart sitt brev til kommunen.

«Kvifor må vi få ny adresse og ikkje heller dei nye blokkene?»
«Kvifor må vi få ny adresse og ikkje heller dei nye blokkene?» Foto: Foto: Privat
«Vi veit at det skal bygge nokon bygningar rundt området, men kvifor må de liksom byta på husnummeret for det?»
«Vi veit at det skal bygge nokon bygningar rundt området, men kvifor må de liksom byta på husnummeret for det?» Foto: Foto: Privat

Gjekk tilbake på forslag

Naboane fekk tre veker til å koma med ei tilbakemelding. Etter fristen svarte kommunen med å senda eit nytt brev.

– I høve med at det kjem nye bygg som treng adresser, kan me ikkje imøtekomma ynskje om å behalda eksisterande adresser. Men me ser at det vert forvirrande med adressenummer med mange ulike bokstavar.

Det siste forslaget kuttar ut bokstavleiken og fordeler nye, heile nummer til bustadene i Myrbrotet.

– Desse adressene vil vera i tråd med regelverket me må forhalda oss til, og vil vera logiske å finna fram i for ambulanse, politi, drosjar og andre, skriv kommunen.

Elleve bustader får endra adresse med det siste forslaget frå kommunen. Berre leilegheitsprosjektet Klokkesvingen får bokstavar bak husnummeret.
Elleve bustader får endra adresse med det siste forslaget frå kommunen. Berre leilegheitsprosjektet Klokkesvingen får bokstavar bak husnummeret. Foto: Foto: Time kommune

Klokkesvingen A og B

Adressene i Kristoffers hage er framleis fordelte på to gater. Inngangane langs Trallfavegen får denne gata som adresse.

Husnummer 5 i Hetlandsgata må gje frå adressa si, slik at dei 30 leilegheitene i Klokkesvingen kan få adressa Trallfavegen 5A og 5B.

Svarfristen er tre veker også på det siste adresseringsforslaget frå kommunen.