– Ro! Gjengen i Linehagen gjer seg klare for å heia Norge fram til siger. Frå venstre er Joan Helene Gehring, Lovise Bergstad, Jorunn Fotland, Torstein Tunheim, Brita Fotland og Åslaug Tunheim.
– Ro! Gjengen i Linehagen gjer seg klare for å heia Norge fram til siger. Frå venstre er Joan Helene Gehring, Lovise Bergstad, Jorunn Fotland, Torstein Tunheim, Brita Fotland og Åslaug Tunheim. Foto: Håvard Ovesen

Det er triveleg i Linehagen på Bryne. Fredag kveld har fleire av dei som bur i leilegheit her, samla seg i ein gapahuk i fellesområdet. Grillen er, som han ofte er her på sommarstid, i gang. På bordet er det rikeleg av frukt, jordbær og anna snacks.

Inntil veggen har dei sett opp ein storskjerm. I kveld er kvelden der naboane samlar seg for å heia fram Linehagens store son: Erling Braut Haaland, som for fire år sidan kjøpte leilegheit i Linehagen. No skal han spela landskamp mot Frankrike under fotball-VM for herrar i USA.

Vil ha Erling på banen

Eller, spela og spela, for å spara kreftene hans til nye kampar, har trenar Ståle Solbakken sett Haaland på benken som innbytar.

Else Marie Anti Tengesdal, Reidun Havrevoll, Anne Jorun Hahn og Lovise Bergstad har kjøpt inn regnponchoar i fargane til det norske flagget.
Else Marie Anti Tengesdal, Reidun Havrevoll, Anne Jorun Hahn og Lovise Bergstad har kjøpt inn regnponchoar i fargane til det norske flagget. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Anne Jorunn Hahn er ikkje sikker på om han ikkje kjem til å lura seg utpå banen likevel.

– Det er det me har blitt einige om, seier ho og ler.

Snaue to timar før kampen begynner, er gapahuken, bygd som eksamensoppgåve av tømrarelevar frå den vidaregåande skulen, i ferd med å fylla seg opp.

I høve kvelden er fellesområdet og gapahuken pynta med norske flag. Fleire har på seg supportereffektar.

Egil Havrevoll har fått seg supporterskjerf og er klar for kamp.
Egil Havrevoll har fått seg supporterskjerf og er klar for kamp. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Populær samlingsplass

Det er litt regn i lufta, så det er ikkje sikkert dei blir like mange som vanleg, men dei reknar med å vera minst 20 i gapahuken når kampen startar. Førebels er dei 11.

– Normalt er det veldig mange som stiller opp, fortel Egil Refsnes.

På det meste har dei vore samla 50 stykke for grilling og fellesskap rundt gapahuken. Då måtte dei til med presenningar for å få tak nok over alle.

Refsnes har budd i Linehagen i 25 år. Han innrømmer at han var litt skeptisk då han flytta inn.

– Men det går veldig godt å bu i leilegheit og ha alt tilgjengeleg, seier han.

Egil Refsnes var svolten før kampen og såg seg nøydd til å tjuvstarta på grillinga.
Egil Refsnes var svolten før kampen og såg seg nøydd til å tjuvstarta på grillinga. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Fotballgale naboar

Ein får tru det gode miljøet blant dei som bur der òg speler inn.

– Fellesskapet er eineståande, seier Refsnes.

– Me har det veldig godt her. Er det vêr til det, er me ute og grillar, seier Reidun Havrevoll og Else Marie Anti Tengesdal.

Anne Jorunn Hahn kan fortelja om eit sameige som er glade i å sjå fotball. Då Noreg spelte mot Senegal, den kampen som begynte to om natta, blei ho sjølv så oppgaldra av spelet at ho måtte ut og lufta seg litt. Då telte ho minst 12 vindauge der det var folk oppe og såg kamp.

Anne Jorunn Hahn testar ut regnponchoen.
Anne Jorunn Hahn testar ut regnponchoen. Foto: Foto: Håvard Ovesen

På spørsmål om korleis dei trur kampen mot Frankrike går, blir dei litt betenkte. Lovise Bergstad tippar 2–1 til eitt av laga. Ho vil ikkje seia høgt kven ho trur vinn, men lar seg etter kvart overtyda av optimismen til Hahn.

– Det blir 2–1 til Norge, seier ho.

– Verre enn å bomma på straffe

Erling Braut Haaland, Noregs mestskårande spiss i eit verdsmeisterskap i fotball for herrar og eigar av ei leilegheit i Linehagen, er, seier naboane hans, jamleg innom.

Torstein Tunheim fortel at det ikkje er så lenge sidan han trefte han sist. Då var Haaland veldig i farten.

– Eg spurde kva det var. Han sa han leitte etter nøklane. Då svarte eg at det å mista nøklane er verre enn å bomma på straffe.

Torstein Tunheim er 96 år gammal. Då han begynte å spela fotball, hadde dei ikkje skikkeleg ball, men måtte klara seg med aviser dei bløytte i vatn.
Torstein Tunheim er 96 år gammal. Då han begynte å spela fotball, hadde dei ikkje skikkeleg ball, men måtte klara seg med aviser dei bløytte i vatn. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Tunheim ler godt.

– Var ikkje den god?

– Fotball gjev glede

96 år gamle Tunheim kjem opphavleg frå Undheim. I yngre dagar var han sjølv ein ivrig fotballspelar.

– Me pleidde å røra aviser, ja, ikkje Jærbladet, for det fanst ikkje då, i vatn og laga ball av dei. Så sparka me. Det hadde me mykje glede av, fortel han.

Den gongen var fotballspelinga på bygda uorganisert, men etter kvart tok gode organisasjonar tak og fekk spelet inn i meir ordna former.

– På den måten kunne heile bygda ha det gildt, seier Tunheim.

Fellesområdet er pynta i høve kveldens storkamp.
Fellesområdet er pynta i høve kveldens storkamp. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Høg alder

Det er opp til fleire rullatorar og rullestolar å sjå i gapahuken denne kvelden. Og det er ikkje til å legga skjul på: Gjennomsnittsalderen blant dei som bur i Linehagen er ganske høg.

– Men Erling trekk snittet ned, seier Egil Refsnes og ler.