Måndag 18. mai var ein spesiell kveld på Motland skule. Som vanleg øvde Nærbø skulekorps – trass i ein travel og kjekk dag med tre spelejobbar dagen før. Men det uvanlege: Varhaug skulemusikkorps hadde varsla at dei ville koma med nokre instrument dei ikkje har bruk for lenger.
No blir nemleg korpset på Varhaug formelt lagt ned, sju år etter at dei spela i 17. mai-toget i heimbygda for siste gong.
– Mykje meir enn eg trudde
– Heilt fantastisk. Og det var mykje meir enn eg trudde det skulle bli, og instrument er dyre, så her er det store verdiar, seier leiaren i Nærbø skulekorps, Rune Lode.
– Me lovar at me skal sikra korpsmusikk i 17. mai-toget på Varhaug i mange år framover som takk for dette
Dagen før spela korpset først i toget på Nærbø, så på Varhaug, og til slutt ved Hå sjukeheim på Nærbø.
Ved sida av Lode ligg ein stor haug med instrument som den gåvmilde gjengen frå Varhaug nett har bore inn i foajeen på Motland skule.
Nærbø er det siste skulekorpset som er att i Hå, etter at aktiviteten er avvikla i både Varhaug skulemusikkorps, Vigrestad skulekorps og Ogna skulekorps.
Rekrutteringsdag på torsdag
Nærbø skulekorps rekrutterer no frå heile Hå, og har per i dag rundt 40 medlemmer som spelar instrument – og i tillegg rundt 50 medlemmer i drilltroppen.
Nyleg har skulekorpset vore innom 2.- og 3.-klassane på alle skulane i kommunen, med unntak av Ogna. Og torsdag ettermiddag/kveld inviterer dei ungar til å melda seg på og koma til Motland for å prøva å spela eit instrument.
– Me ser at Ogna er litt langt unna, men folk derfrå er sjølvsagt også velkomne til oss, forklarar Lode om kvifor dei ikkje hadde eit eige skuleopplegg lengst sør i Hå.
Også drilltroppen skal ha rekrutteringskveld torsdag, men den delen er allereie fullbooka.
– Har lege i dvale
Korpsa merkar at konkurransen om dei unge si tid dreg seg til, og at det er vanskelegare både å rekruttera og å halda på dei unge.
På Varhaug jobba dei ei lang stund for å redda korpset, fortel leiar Kjartan Aanestad i det som blei avviklingsstyret i Varhaug skulemusikkorps.
I 2019 annonserte dei at det blei siste gongen korpset gjekk i 17. mai-toget på Varhaug, og i ettertid har det ikkje vore gjort nokre forsøk på å dra i gang aktiviteten igjen. Aanestad fortel at dei har late korpset liggja i dvale, og at dei har venta i så mange år som det Norges Musikkorps Forbund sine reglar krev.
– No legg me ned korpset. Me har gått gjennom instrumenta våre, og gjev no det som er typiske korpsinstrument til Nærbø. Resten skal Hå kulturskule få. Det er kjekt at instrumenta blir brukte, seier Aanestad.
Rune Lode i Nærbø skulekorps takkar nok ein gong naboane frå Varhaug, sjølv om han aller helst skulle ha sett at det var fleire skulekorps i Hå, slik at gåva ikkje hadde vore aktuell.
Sjølv har den ferske leiaren i skulekorpset mange gode minne frå felles turar og seminar med andre korps, og meiner det er ein del av sjarmen med å spela.
– To ting som gjer meg trist
– Kvifor er det blitt vanskelegare å rekruttera?
– Det har jo blitt fleire tilbod. Stadig fleire prøver å få med seg ungane tidlegare og tidlegare, og etter kvart går det meir og meir tid til kvar aktivitet. Då avgrensar det seg jo sjølv, for veka har ikkje fleire dagar. Mine ungar får for eksempel ikkje vera med på meir enn tre ting. Det går rett og slett ikkje, seier Lode.
Familien er engasjert i både fotballen og handballen på Nærbø, i tillegg til korpsmiljøet.
– Det er to ting som gjer meg trist når det gjeld rekrutteringa til korpset. Det eine er at ein del foreldre rett og slett styrer ungane unna, og heller jobbar for å få dei til å driva med lagsport. Om korps ikkje er sport, så er det i alle fall eit lagspel. Her er me heilt avhengige av at kvar enkelt stiller opp og fyller si rolle i heilskapen, seier Lode.
– Det andre som gjer meg trist, er den usanne myten om at ein må stilla så mykje på dugnad i korpset. Korpset er sjølvsagt avhengig av at folk engasjerer seg, og av dugnad, men det er ikkje noko meir her enn i fotballen eller handballen. Kanskje snarare tvert imot. Ikkje treng nokon stilla opp som trenarar eller oppmenn heller, for her har me betalte instruktørar. Og instrument og uniformer får medlemmene låna, så det er ikkje ei stor investering i botn for å spela i korps heller, legg Lode til.
Vaksenkorpset er ein nøkkel
Lode trur vaksenkorpset på Nærbø – der han sjølv for øvrig spelar – er ein nøkkel til at skulekorpset i stasjonsbyen har overlevd, medan andre skulekorps i Hå har lagt ned.
Det støttar også Britt Helen Furøy, leiaren i Nærbø Musikkorps – og for øvrig også tidlegare leiar i Nærbø skulekorps.
– Det er viktig å ha eit korpsmiljø der dei nye kan læra av dei meir erfarne. Det gjeld både internt i skulekorpset, og mellom skulekorpset og vaksenkorpset. Me har ein god del aktivitetar der me i vaksenkorpset er aktivt med, til dømes rekrutteringsdagen på torsdag, seier Furøy.
I Nærbø Musikkorps har dei godt og vel 50 medlemmer, og godt og vel 40 av dei er aktive. Aldersgruppa er brei, heilt opp til over 80 år.
Også vaksenkorpset prøver å dra med seg nye medlemmer – folk som har spela i korps tidlegare, og som har lyst å ta opp at spelinga.
– Me ser jo at me ikkje rekrutterer så mykje direkte frå skulekorpset. Dei som blir der til dei er 18-19 skal jo ofte i militæret eller ut å ta utdanning. Men når dei kjem heim att og etablerer seg, er det meir aktuelt å starta opp att med spelinga, seier Furøy.
I år har dei ei ekstra fin gulrot å gå etter: Konserten dei skal ha saman med Inger Lise Hope i idrettshallen i Loen 13. mars neste år.
– Det blir skikkeleg gildt, seier Furøy med eit smil.