Svein Egil Haugstad og Grigore Huja justerer høgda på ei granitthelle i starten av gågata.
Svein Egil Haugstad og Grigore Huja justerer høgda på ei granitthelle i starten av gågata. Foto: Snorre Standish Norheim

– Det einaste me høyrer, er tommel opp og fint arbeid. Eg har ikkje høyrt noko negativt.

Det var rapporten frå Svein Egil Haugstad i Bjørns hage og anlegg, nokre minutt før utval i lokal utvikling behandla gågateplanen.

Sjølv om det nå kjem nye lys og granitt i halve Storgata, er det ikkje vedtatt korleis gata skal utformast eller brukast.

Det skal skje i detaljplanarbeidet – ein plan som har anar heilt tilbake til 1960-talet, poengterte utvalsleiar Rein Harald Salte (H).

47-åringen Endre Vollsund (V) har høyrt om gågata sidan han var liten, og Kjell Olav Stangeland (Ap) har levd endå éin generasjon.

Då eit samla utval la gågateplanen ut på høyring, sa Pål Undheim (H) at ambisjonen må vera å vedta planen før sommaren 2027.

Thor Inge Kalberg (Frp), den lengstsittande i kommunestyret, har høyrt om gågata sidan han starta i politikken. Han lurte på om planen har lagt til rette for eit offentleg toalett. Administrasjonen svarte nei.
Thor Inge Kalberg (Frp), den lengstsittande i kommunestyret, har høyrt om gågata sidan han starta i politikken. Han lurte på om planen har lagt til rette for eit offentleg toalett. Administrasjonen svarte nei. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Berre ein forsmak

– Eg trur at gågata vil skapa endå meir liv og aktivitet i Bryne sentrum. Det vil binda saman togstasjonen, torget og M44, og gjera sentrum om til ein heilskapleg og attraktiv plass for innbyggarar og besøkande, sa Endre Vollsund.

Dagen før hadde han ein tur gjennom gata, og han meinte å sjå konturane av korleis ho kjem til å bli.

– Den nye steinen som er lagt, frå Jærb:bu til torget, gjev oss ein god smakebit.

Representanten for barn og unge, Ragnhild Hobberstad, greip tak i nettopp dette: at planforslaget er ein forsmak, som lite forpliktande på fleire punkt.

– Slik eg vurderer det, er det noko vagt og uforpliktande. Viss målet er barnevenleg utvikling, kan sånne forhold med fordel konkretiserast noko tydelegare. Særleg når det gjeld tiltak knytte til leik, trafikktryggleik og løysingar for sykkel og sparkesykkel.
– Slik eg vurderer det, er det noko vagt og uforpliktande. Viss målet er barnevenleg utvikling, kan sånne forhold med fordel konkretiserast noko tydelegare. Særleg når det gjeld tiltak knytte til leik, trafikktryggleik og løysingar for sykkel og sparkesykkel. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Planen er fleksibel på fleire område som gjeld barn og unge direkte, illustrerte ho med ei formulering henta frå utkastet:

  • Minimum 150 kvadratmeter skal opparbeidast slik at området kan leggast til rette for leikefunksjonar.

Som føresegna seier, er det sett av område til leik, men det blir ikkje gjort noko med dei før det finst finansiering.

Per nå er dei tenkt finansierte med tilskot frå private bustadbyggarar i sentrum, særleg M44, som ikkje oppfyller krav på eiga tomt

– Utforming og innhald er lite konkret. Når det ikkje blir konkretisert i reguleringa, svekker ein moglegheita til å ha reell medverknad for barn og unge, sa Hobberstad om planforslaget.

Lågt detaljnivå

«Reguleringsplanen har eit lågt detaljnivå, noko som er naudsynt på grunn av manglar på midlar, og dette har både fordelar og ulemper», skriv kommunedirektøren om forslaget som er sendt på høyring.

På pluss-sida kan kommunen koma i gang med arbeidet sjølv om pengane til prosjektering og møblar ikkje er på plass. Dessutan gjer detaljgraden at kommunen vil ha større fleksibilitet til å gjera endringar undervegs.

På minussida blir avklaringar og konkrete løysingar for gatedesign og tekniske problemstillingar skubba ut i tid. Det skjer då i prosessar som ikkje sikrar same medverknad som i ein planprosess.

Det er altså vanskeleg å seia korleis gata blir sjåande ut til slutt.

«Dette kan bidra til uforutsigbarheit for innbyggjarane og næringslivet», poengterer kommunedirektøren i saksframlegget, slik Ragnhild Hobberstad var inne på.

Overordna designmanual

I staden for detaljerte føresegner, har kommunen fått utarbeidd ein formingsrettleiar. Det er ein slags overordna designmanual som legg føringar for opparbeidinga av gateløpet, og seinare for møbleringa i gata.

Manualen skal leggast til grunn for valet av møblar, skilt, markiser og liknande, og gjeld både for kommunen sjølv og dei private aktørane som ligg an til å disponera brorparten av tilgjengeleg møbleringsareal.

Planforslaget legg opp til at dei næringsdrivande i gata skal leiga og disponera inntil 80 prosent av møbleringssonene i Storgata (lilla sone på kartet). Det offentlege møbleringsarealet (rosa sone) er sett av til benkar, kunst- og formidlingsinstallasjonar og vegetasjon i bakken eller plantekasser.
Planforslaget legg opp til at dei næringsdrivande i gata skal leiga og disponera inntil 80 prosent av møbleringssonene i Storgata (lilla sone på kartet). Det offentlege møbleringsarealet (rosa sone) er sett av til benkar, kunst- og formidlingsinstallasjonar og vegetasjon i bakken eller plantekasser. Foto: Foto: Time kommune
Kommunen skal følga opp dei næringsdrivande gjennom leigeavtalar. Som vilkår for leige av offentleg areal, må dei følga formingsrettleiaren.
Kommunen skal følga opp dei næringsdrivande gjennom leigeavtalar. Som vilkår for leige av offentleg areal, må dei følga formingsrettleiaren. Foto: Foto: Norconsult

Kven er gata for?

Bodskapen frå Pål Undheim var at kommunen måtte møta og lytta til brukarane av sentrum, alt frå utelivet til barn og unge.

Han minte om det er ikkje mange år sidan sentrum var heilt daudt, mens ein nå kan velja mellom kafear og restaurantar.

– Det er det som er skilnaden, og det er viktig at me som kommune set pris på og høyrer på dei. Me skal ikkje ta med oss alt, men ta innspela opp til vurdering.

Kaféen Rits har allereie tatt i bruk det nye gateløpet.
Kaféen Rits har allereie tatt i bruk det nye gateløpet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Kjell Olav Stangeland var klar for å senda forslaget ut på høyring, og sa at den nettopp er meint å gje innspel av den typen Høgre-representanten etterlyste.

Han er samd i at utelivsaktørane har skapt nytt liv i sentrum dei seinare åra, men vil ikkje utforma gågata på deira premissar.

– Me veit at det er sterke pressgrupper som har sterke meiningar om korleis dette skal vera, og me skal lytta til dei. Men eg vil i likskap med representanten frå barn og unge, seia at me må ta omsyn til heilskapen og tenka på alle brukarane av gågata. Det er trass alt berre ein bitte liten del av befolkninga som bruker uteservering.

Ein endå mindre del av befolkninga nytta moglegheita til å seia meininga si då planarbeidet starta.

Då kom det ikkje fleire enn åtte høyringssvar. Eitt svar var frå Bryne næringsforening, og berre to var frå privatpersonar.

Høyringsfristen varer fram til 19. juni.

Slutt for bilar

10. april godkjende Statens vegvesen skiltinga, som inneber at det blir skilta gågate frå Jernbanegata i aust til Øgaardsbakken i vest.

Varetransport er tillate mellom 6 og 12.

«Vedtaket er gyldig fra det tidspunkt skilt er satt opp og avdekket», står det i vedtaket.

Kommunedirektøren skriv i saksframlegget at det er ønskeleg å skilta gåta når utskiftinga av gatedekket er ferdig framfor Jær:bu.

Siste etappe skjer i 2027 og 2028, når dei eldste røyra i kommunen skal skiftast. Då strekk gågata seg ned til Reevegen og Bryne Mølle.

Utover Storgata og torget inkluderer planområdet sidegatene Saronsbrotet, Erlandsbakken og Øgaardsbakken opp til dei kryssar Meierigata. Sidegatene kan få breiare fortau og fleire nye tre, men det er ikkje sett av pengar til dette. Den bratte Erlandsbakken (på bildet) er nå stengt for trafikk. På sikt er det planlagt sykkelparkering og leikeplass.
Utover Storgata og torget inkluderer planområdet sidegatene Saronsbrotet, Erlandsbakken og Øgaardsbakken opp til dei kryssar Meierigata. Sidegatene kan få breiare fortau og fleire nye tre, men det er ikkje sett av pengar til dette. Den bratte Erlandsbakken (på bildet) er nå stengt for trafikk. På sikt er det planlagt sykkelparkering og leikeplass. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim