OPPGRADERT: Bygget har fått oppgradert fasade. Uteområdet skal også oppgraderast, men her er pubeigarane avhengige av avklaringar frå Hå kommune.
DISPENSASJON: Holdeplassen Bar har allereie leigd eit lite uteområde på kortsida av bygninga av Hå kommune, men treng ei formell godkjenning for å kunna servera ute. Foto: Snorre Standish Norheim (arkivfoto)

Skal nyetablerte H-pubben får skjenkeløyve? Det avgjer politikarane i utval for helse- og sosialsaker tysdag.

Kommunedirektøren rår dei til å seia ja til søknaden frå skjenkestyrar Terje Haugseng og vara Tord Haugseng, som ønskjer å etablera ein ny pub i Torgplassen 2, der Holdeplassen Bar heldt til før flyttinga.

Retta mot yngre menneske

– H-pubben skal vera eit alternativ til Holdeplassen Bar as. Kundegruppa er yngre menneske, med tyngdegruppe cirka 23 år, heiter det i søknaden.

I første omgang søkjer dei om skjenkeløyve for dei tidlegare publokala i 1. etasje, der det er plass til 65 gjester. Men dei signaliserer også på sikt interesse for å utvida til overetasjen og med uteservering, men det er avhengig at planane om å utvida huset går gjennom. Dagens overetasje har tidlegare vore brukt som skjenkestad, men blei stengd for nokre år sidan på grunn av manglande rømmingsvegar.

Med skjenkeløyve er ei viktig brikke på plass, men i tillegg må mellom anna bygninga formelt godkjennast før H-pubben kan opna.

Uteservering på kommunal grunn

Torsdag skal politikarane i utval for tekniske saker og næring ta stilling til ein søknad frå Holdeplassen Bar om å ta i bruk eit tilgrensande uteområde til uteservering.

Holdeplassen inngjekk allereie for eitt år sidan avtale med grunneigar Hå kommune om å leiga arealet ved Torgplassen 10 – men formelt må det ifølgje sentrumsplanen for Nærbø omregulerast for å brukast til uteservering. Sidan arealet berre er ein liten del av eit mykje større område i planen, tilrår kommunedirektøren no at Holdeplassen Bar får dispensasjon frå reguleringsplan-kravet i to år.

«Intensjonene bak bestemmelsen det søkes dispensasjon fra vil ikke bli vesentlig tilsidesatt og fordelene anses til å være klart større enn ulempene i denne konkrete saken», skriv kommunedirektøren i sitt forslag til vedtak.

Holdeplassen vil også montera markise over uteserveringa. Også det er kommunedirektøren positiv til.