– Dette er inngangsporten, og me ønskte å gjera denne delen like fin som resten. Me har vendt oss til gode krefter i byen og laga eit spleiselag. For Bryne Næringsforening og alle andre er dette eit byutviklingstiltak, seier Kenneth Lia.
Saman med Brynes Vel, Jærdagen/Jærnåttå og Jæren Sparebank har næringsforeininga «funne» dei siste 800.000 kronene som trengst for at også starten av gågata kan få granittdekke.
Utan pengar til inngangsporten
I økonomiplanen som vart vedtatt i desember, er det sett av to pengepottar til Storgata:
- 8 millionar kroner i 2026 til strekninga Jær:bu til torget – mot aust
- 16 millionar kroner i 2027–28 til strekninga Jær:bu til Reevegen – mot vest
Arbeida i 2026 vart utløyste av at Storgata uansett måtte gravast opp, for å legga ned nye røyr til leilegheitsprosjektet Jær:bu.
Andre etappe er eit prioritert VA-prosjekt, der nokre av dei aller eldste røyra i heile Time skal gravast opp og fornyast.
Med desse pengane blir gatedekket nytt frå Reevegen opp til torget – men det blir ikkje noko til inngangen til Storgata.
– Det vart liggande att, men me var litt taktiske og pressa ikkje på det, i frykt for å mista alt anna, fortel Lia.
Ferdig til Jærdagen?
I tidlegare gågateomgangar har kommunen jobba for å få med næringslivet. Denne gongen kom initiativet frå motsett hald.
– Nå var det fantastisk, fordi det var næringslivet sjølv som kom på banen og tilbydde seg å betala for steinen, fortel Ole Bjørn Mårak, som er leiar for kommunalteknikk.
Kommunen betaler for grunnarbeida og sjølve legginga av granitten. Sidan det ikkje er sett av pengar på budsjettet kjem kommunedirektøren til å legga fram ei politisk sak i neste formannskapsmøte.
– Det blir omtrent ei femt/femti-deling, seier Maråk om kostnadene for gatestubben mellom torget og Jernbanegata.
Slik Jærbladet har skrive tidlegare, ønsker utestadene på begge sider av gata å utvida uteserveringa.
– Det hadde vore dumt om dei etablerer nye uteområde og så kjem kommunen om eit par år og skal legga nytt dekke, slik at alt må demonterast. Det er òg ein del av argumentasjonen for å ta det nå.
Løftar i lag
Børre Lobekk lèt seg begeistra over samarbeidet mellom sparebanken, velforeininga, næringsforeininga og kommunen.
– Eg opplever at alle drar vanvitig bra i lag om dagen. Eg er stolt over å vera brynebu når det er slike gode krefter, som har mange folk bak seg, og ønsker det same, seier styreleiaren i Bryne Næringsforening.
– Det er gildt og motiverande at det er krefter som vil løfta i lag på Bryne.
Han har òg tru på det som skal skje vidare med inngangen til Storgata. Uteserveringane til Mellombels, Thime Station, Yummy Time og Enigma skal utformast heilskapleg og i tråd med gågateplanen.
Planen, som skal innehalda retningslinjer for utforming, nærmar seg førstegongsbehandling.
– Viktig at Bryne er vakkert
Brynes Vel vart skipa for å fremja Thimebyens vel, og har sidan starten i 1913 arbeidd med infrastruktur.
– Me er rett og slett ei velforeining for Bryne, og for Bryne sentrum like mykje som Sandtangen. Då Bryne Næringsforening først tok initiativet, slengde me oss på fordi me ser at det er eit godt tiltak, seier styreleiar Olav Hetland.
– Det er viktig at Bryne er vakkert. Det er ikkje nok at det berre er funksjonelt, seier han.
Marknadsansvarleg i Jæren Sparebank, Anne Birgit Braut Langemyhr, har fleire grunnar til å ønska seg ein vakrare inngangsportal.
– Det er viktig at Bryne held fram med å utvikla seg. Når eit så godt prosjekt er i gang, tenker eg det hadde vore dumt om den siste biten vart ståande som eit hòl i fleire år, seier ho.
Kjensle av stoltheit
Samstundes med at gatedekket og gatelysa blir fornya, vil kommunen etablera straumuttak for arrangement og vinterlys.
– Det er enkelt å få det når me tenker på det nå, seier Årne Skrettingland på drift.
For Livar Bertelsen, leiar av Jærdagen, kan det bety slutten på ørten provisoriske straumskap utanfor festivalbuene.
Festivalsjefen seier at kommunen bidrar med folk og utstyr gjennom heile Jærdagen/Jærnåttå-veka. Bidraget til starten av Storgata blir derfor ein måte for arrangørane å gje tilbake.
Og arrangørane, er det verd å minna om, er frivillige alle som éin.
– Folk går dugnad på Jærdagen, Jærnåttå og i komiteen. Dei får ikkje att i kroner og øre, men når dei fekk høyra at innsatsen deira bidrar til prosjekt som dette, så gjev det ei stoltheit.