Nina Osland, kultursjef i Klepp, har store visjonar for kulturlivet i Klepp kommune.
Nina Osland, kultursjef i Klepp, har store visjonar for kulturlivet i Klepp kommune. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Det er så fint! Utbrytar Nina Osland.

Fredag var det ein månad sidan ho tredde inn i stillinga som kultursjef.

Ho har fått omvising i bygget tre gonger før, men skjuler ikkje entusiasmen sin når Jærbladet blir med heller.

Det er tredje gongen avisa er med inn i Plogen kulturhus, rådhus og kyrkje, som har offisiell opning 21. november.

Mellom kvar gong har progresjonen vore stor.

Sjølv om prosjektet heilt klart er under bygging enno, er det langt enklare å sjå visjonen til arkitektane denne gongen.

Alle flater i ask

Den kanskje mest synlege framgangen sidan sist omvising, i midten av november, viser igjen i kultursalen.

Sist gong var rommet prega av eit edderkoppnett av stillas. Fire månader seinare er det eit lyst, stort rom som opnar seg.

Panel, tak og parkett er dekka av ask.

Sjølv om det skal seiast at Klepp har ein eigen leiar for kultursalen, i dag tidlegare kultursjef Ulf Ludvigsen, vil store delar av arbeidet til Osland kunne dreie seg om bruken av dette rommet framover.

I same hus vil for eksempel også kulturskulen, ungdomsklubben og Frivilligsentralen halde til.

– Eg tenker at eg er enormt heldig som får vere med på dette, at eg får kome inn no, når så mykje bra skal skje. Det er jo ei politisk satsing på kultur, seier Osland.

– Me skal ta vare på det som er Klepp

Etter ein månad som sjef for kulturlivet i kommunen, ser ho optimistisk på framtida.

– Akkurat no er det viktigaste å få opna kulturhuset, som skal vere for alle, uansett om dei er kulturinteresserte eller ikkje, seier ho.

– Og så skjer det jo mykje i heile kommunen, så me skal jo også støtte opp om kulturlivet som skjer andre plassar. Det er viktig at me legg til rette å skape kunst og kultur, og så er det viktig at det også er stader der folk kan møtast og oppleve, seier ho.

Ho har stor tru på at kunst, kultur, frivilligheit, idrett og friluftsliv er noko menneske treng for å ha eit godt liv og eit godt lokalsamfunn. Å legge til rette for dette, meiner ho er ei viktig rolle kommunen har.

– Klepp er ikkje likt Bryne, Stavanger eller Sandnes. Me skal tar vare på det som er Klepp, og det som folk i Klepp er interesserte i, samstundes som me også skal overraske. Viss me får til det er eg veldig fornøgd.

– Klepp har dei beste strendene, det beste ølet, Rygr, og no får me det beste kulturhuset, samanfattar ho.

Biblioteket i framgang

Ask er gjennomgåande i heile bygget. Materialet er framståande også i biblioteket, som begynner å ta form.

Fast inventar som bokhyller, skrivebord og innleveringsmodular er på plass.

Fast inventar i biblioteket er i ferd med å kome på plass.
Fast inventar i biblioteket er i ferd med å kome på plass. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Også kaféen, som forbind foajeen med biblioteket, begynner å likne meir på det endelege resultatet no. Allereie er det sett inn ein displaymonter, som i slutten av året vil romme eit utval mat.

Kva type mat det vil vere moglegheit for å kjøpe, er ikkje landa enno.

– Me jobbar med kafékonseptet, det er ikkje klart, seier Osland.

Overlevering i midten av oktober

Prosjektleiar i kommunen Helge Sæland fortel at prosjektet ligg i rute både tidsmessig og økonomisk.

– Det går veldig bra. Entreprenøren ligg godt an med framdrifta. Mot sommaren og vidare mot overlevering 15. oktober blir det jobba med ferdiggjering, teknisk sluttføring og innregulering, seier han.

Innregulering inneber å regulere inn teknisk anlegg for at det skal fungere optimalt i bygget, som ventilasjon, varme og straum.

Andre etasje, som skal utgjere rådhuset med administrasjonskontor og formannskapssal, er stort sett ferdig, utanom nokre tekniske installasjonar.

– I første etasje føregår arbeidet med tekniske installasjonar og fast inventar i biblioteket, som skal vere ferdig nærare sommaren. Laust inventar og møblement kjem i veke 25. Elles er det ferdigstilling me held på med.

Uteområdet er også under opparbeiding. Fram mot overleveringa skal entreprenøren legge stein, så plen og ferdigstille området med tre og planter.