Rett nok la Ousmane Dembélé ein ganske kraftig dempar på stemninga, og det er ikkje til å nekta for at enkelte etter kvart som kampen utvikla seg blei leie og gjekk heim, men dei mange som var igjen i Jærhallen fredag kveld såg uansett ut til å kosa seg.
Det var Bryne FK, som i samarbeid med Jæren sparebank, inviterte til fotballfestkveld, i samband med at Norge skulle møta Frankrike i siste gruppespelkamp i VM i fotball.
Arrangementet var gratis, alkoholfritt og spesielt retta inn mot barn, unge og familiar.
Det var tusen billettar til fotballkvelden. Alle blei henta ut, men eit stykke ut i første omgang var det klart at ikkje alle kom til å sitta heilt til slutt. Kan henda var dei leie av å venta på Haaland eller kan henda var dei rett og slett metta på opplevingar.
Legendekamp
Kvelden begynte med fotballkamp mellom Bryne ungdomsskule og Vardheia ungdomsskule. Denne var det Bryne ungdomsskule som vann 2-1.
Etterpå møttest gamle Bryne-spelarar til dyst i den såkalla «legendekampen».
Så var det tid for å sjå landskamp.
Blant dei som hadde benka seg til rett framfor skjermen, var Guro Lykkebø Høyland (9).
– Det er gøy å vera her, sa ho. Høyland la til at om landslaget tapte, ville det vera «forferdeleg», men kunne rapportera om god stemning.
– Stemninga er kjempebra, sa ho.
Høgdepunktet så langt? Skåringa til Norge, sjølvsagt.
– Bra utan rølp
Litt lenger bak sat sekstenåringane Rikke Hauge, Gurine Todnem og Ella Samnøy. Dei roste arrangementet.
– Det dei gjer her er bra. Det skaper samhald. Det er bra at ikkje alle fotballarrangement treng vera så rølpete, med masse alkohol og fulle folk, sa Hauge.
Dei tre venninnene frå Klepp stasjon er sjølv ivrige fotballspelarar for Klebe IL.
– Det gildaste med å spela fotball er samhaldet i laget og fotballgleda, sa Samnøy.
– Å veksa opp i eit lagmiljø er bra. Det blir mykje meir sosialt, meinte Hauge.
– Dembélé må ut
I pausen delte dei tre sine analysar av herrelandslaget sin innsats så langt.
– Dei starta dårleg, men klarte komma seg inn i det etter kvart. Dei mista ballen fort, og var litt dårlege i forsvar, meinte Hauge.
Venninnene var òg frustrerte over at dei norske kontringane gong etter gong gjekk rett over til Frankrike.
Den største frustrasjonen var det Todnem som sette ord på.
– Dembélé må ut, sa ho til nikk frå dei rundt.
Ousmane Dembélé skåra tre av Frankrike sine fire mål mot Norge.
– Ut frå det de har sett nå, korleis trur de det vil gå med Norge i sluttspelet?
– Me må ha trua, men me er redde Norge ryk ut fort. Men det er uansett dritkjekt at me har vidare. Me kjem til å heia det me kan!
– Samlar unge til felles oppleving
– Kjempestemning, samanfatta Bjørn Røken Hagerup frå Bryne FK fotballfesten i det første omgang nærma seg slutten.
Så kom han tydelegvis på at han, gjeve korleis det gjekk i Boston, kan henda burde legga til eit atterhald:
– Framleis.
Thelo Aasgaard sitt mål var nok òg med på å halda stemninga oppe utover i kampen.
– Det var gildt at me fekk det målet, sa han.
Uavhengig av resultat, syntest Hagerup det var gildt at klubben kunne samla så mange barn og unge og sjå at det slo an.
– VM handlar om å samla folk til felles opplevingar. Det er kjekt å kunna gje slike opplevingar til ungane på Jæren, å gje dei ein smak av VM, sa Hagerup.