– Realisering av ein grendehall på Engelsvoll vil ta noko tid, legg kommunedirektør Torild Lende Fjermestad til grunn.

Men arbeidet er likevel utvilsamt i gang.

I ei sak som skal til endeleg behandling i kommunestyret 14. september, presenterer ho resultatet av komitéarbeidet som politikarane i oktober vedtok at skulle starte.

Arbeidsgruppa, som er sett saman av leiaren for hovudutval for samfunn og kultur, ordføraren og administrasjonen, har arbeidd med bestillinga om å få sett av ei tomt i nærleik til Engelsvoll skule.

I det første møtet deira, bestemte dei å sjå vidare på fire konkrete tomter.

med bakgrunn i signal frå arbeidsgruppa, anbefaler kommunedirektøren no politikarane å gå vidare med to.

Handballbane og forsamlingslokale

Utgangspunktet er ein hall med grunnflate på 2400 kvadratmeter.

Dette vil gi plass til ein handballbane, garderobar, entré med sosiale sonar og grendehusfunksjonar som forsamlingslokale og kjøkken.

Desse tomtene har kommunens planavdeling vurdert som reelle:

  • Alternativ 1: Engelsvoll barnehage
  • Alternativ 2: Kvednadalen, som igjen er delt inn i a, b og c-alternativ
  • Alternativ 3: Aust for Engelsvoll skule
  • Alternativ 4: Mellemyra aust
Illustrasjonen viser kor dei forskjellige alternativa er plassert i forhold til skulen.
Illustrasjonen viser kor dei forskjellige alternativa er plassert i forhold til skulen. Foto: Foto: Klepp kommune

Friområde eller LNFR skapar utfordringar

I ein rapport som avdelinga har utarbeidd, er det mellom anna blitt gjort ei vurdering av fordelar og ulemper for kvart av alternativa.

I saksutgreiinga skriv kommunedirektøren mellom anna at alle tomtene sannsynlegvis ligg på stabile massar, og at ingen kjem i direkte konflikt med raudlisteartar. Det er ingen konkurrerande planar til tomtene.

Areal på friområde eller LNFR-område skapar større eller mindre utfordringar i alle alternativ. Alle har også utfordringar når det gjeld bilparkering, tilkomst for gåande og trafikktryggleik med skulen.

Fjermestad presiserer også at det er ei kjent konflikt med eikeskog og huke eiker for Kvednadalen-tomtene, som skapar utfordringar.

Fare for snarveg over fylkesvegen

Arbeidsgruppa fekk planavdelinga sin rapport presentert i starten av mai.

Gruppa har blitt einig om at tomta der Engelsvoll barnehage ligg og ei av tomtene i Kvednadalen, den som gir størst sjanse for å unngå konflikt med verneverdig eikeskog, bør leggast til grunn for det vidare arbeidet.

Årsaka til at dei ikkje vil arbeide vidare med alternativet aust for Engelsvoll skule, er at det krev omfattande terrengomarbeiding og har vanskeleg tilkomst via privat gardsveg.

Saka var til behandling i formannskapet siste dagen i august. Der gjekk fleirtalet for innstillinga, som seier at tomta skal greiast ut under rullering av arealdelen i kommunen, og at to alternativ sør for skulen skal leggjast til grunn vidare. Kommunestyret får siste ordet 14. september.
Saka var til behandling i formannskapet siste dagen i august. Der gjekk fleirtalet for innstillinga, som seier at tomta skal greiast ut under rullering av arealdelen i kommunen, og at to alternativ sør for skulen skal leggjast til grunn vidare. Kommunestyret får siste ordet 14. september. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Det er også plassert på areal som ikkje er eigd av kommunen og krev omdisponering frå landbruksjord.

Det andre alternativet dei ikkje ønskjer å gå vidare med, Mellemyra, ligg på motsett side av fylkesvegen i forhold til skulen. Trafikksikker tilkomst via undergangar vil føre til lange omvegar, noko som gjer faren for å ta snarvegen over fylkesvegen stor.

Rive barnehagen

Ved barnehagealternativet, som arbeidsgruppa derimot vil gå vidare med, viser reguleringsplanen og kommuneplanen at delar av barnehagen vil krevje omregulering.

Alternativet baserer seg i det heile tatt på at Engelsvoll barnehage må rivast. Dei tapte barnehageplassane må då etablerast i ein ny barnehage på Anda, ifølgje rapporten.

Eit av alternativa til tomt, som er lagt til grunn for vidare arbeid med idrettshallen på Engelsvoll, krev at barnehagen må rivast.
Eit av alternativa til tomt, som er lagt til grunn for vidare arbeid med idrettshallen på Engelsvoll, krev at barnehagen må rivast. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Klepp kommune har kjøpt ei barnehagetomt på Anda. Men verken etablering av barnehagen eller midlar til ein grendehall ligg i langtidsbudsjettet, skriv Fjermestad i utgreiinga.

Den anbefalte tomta i Kvednadalen må skifte arealbruksføremål til utbyggingsområde/offentleg tenesteyting. Dette skjer best som del av rullering av kommuneplanen sin arealdel, vurderer kommunedirektøren.

Neste moglegheit for rullering av arealdelen er i neste kommunestyreperiode, etter lokalvalet neste haust.

Derfor meiner Fjermestad at det å få sett av ei tomt til idrettshallen på Engelsvoll, som politikarane ønskjer, kan utsetjast til neste revisjon av kommuneplanen i komande valperiode.