Anniken Tuen Nygård og Svein Arve Nygård gjev tommel opp rett etter at dei vakna frå narkosen etter operasjonen torsdag 19. oktober. Ei drøy veke etterpå går alt etter planen.
Anniken Tuen Nygård og Svein Arve Nygård gjev tommel opp rett etter at dei vakna frå narkosen etter operasjonen torsdag 19. oktober. Ei drøy veke etterpå går alt etter planen. Foto: Privat

Ei veke etter at varaordføraren i Hå, Svein Arve Nygård, fekk operert inn ei nyre frå kona Anniken Tuen Nygård, er begge ute av sjukehuset. Anniken har reist heim til Sirevåg, medan Svein Arve må halda seg i Oslo ei stund til. I vekene som kjem skal han bu på hotell og gå til jamlege kontrollar på sjukehuset.

– Føler meg som ein ungdom

Det første han fortel til Jærbladet, eit par timar etter at han tok inn på hotellet, er at han har utsikt rett ut på Oslos største kyrkjegard.

– Det er ikkje særleg motiverande, seier han og ler.

Han høyrest strengt tatt ikkje ut som om utsikta har gått særleg inn på han.

Nygård seier det går godt etter operasjonen.

– Eg hadde ei natt med litt kramper og magesmerter, og har hatt litt vondt i operasjonssåret, men nå har eg begynt å bruka litt paracet, så nå føler eg meg som ein ungdom, seier han.

Allereie dagen etter operasjonen fekk han og kona besøk av kameratar frå Sirevåg.

– Eigentleg var planen at me skulle gå ut i Oslo då dei kom, men operasjonen vart utsett med eit par dagar, så når dei kom dagen etterpå, gjekk ikkje det. I staden var dei med oss på operasjonsovervåkingsrommet i ein time. Det var ein kjempesamankomst. Eg trur han må ha sett spor i heile Rikshospitalet, seier Nygård.

Tullar med «nattnyre»

Anniken Tuen Nygård og ektemannen Svein Arve Nygård ute på restaurant i forkant av operasjonen.
Anniken Tuen Nygård og ektemannen Svein Arve Nygård ute på restaurant i forkant av operasjonen. Foto: Foto: Privat

Nygård måtte ha ny nyre fordi han hadde kronisk nyresvikt, ein sjukdom som blant anna kan føre til at væske hopar seg opp i kroppen, heller enn å verta tissa ut igjen.

Han seier den nye nyra «ser ut til å fungera vanvitig godt».

– Eg tissar ut like mykje væske som eg tek inn, seier han.

Éit lite aber er det likevel:

– Eg tullar med Anniken om at eg fekk nattnyra, for det er helst på natta eg må tissa. Men eg klagar ikkje!

Anniken vart send heim til Sirevåg onsdag. Som donor må ho rekna med å verta noko sjukare enn mottakaren. I utgangspunktet er ho nå sjukmeld i to månadar.

– Eg snakka med Anniken tidlegare i dag. Ho fortalde at ho vart heilt utsliten av heimreisa i går, men at ho er mykje betre i dag, seier Nygård.

Tilbake på jobb

Sjølv må han vera i Oslo ei stund til. Kor lenge er litt usikkert, nokre seier seks veker, andre to månadar. Heldigvis er dei fleksible når det kjem til permisjonar og heimreiser.

– Det er eg glad for. Det vert nok ikkje så lenge før nokon ser meg heime, røper Nygård.

Varaordføraren har òg ambisjonar om å gå i formannskapsmøtet 7. november.

Nygård er allereie i fullt arbeid, men må i utgangspunktet halda seg i Oslo og gå til kontrollar på Rikshospitalet tre gonger i veka.

I utgangspunktet har kroppen hans allereie godkjend den nye nyra, men det kan framleis henda at immunsystemet hans vil støyta ho frå seg.

– Det kan framleis skje, men det er ikkje noko dramatikk i det. Det klarer dei normalt sett å redda inn med bruk av medisinar. Det er derfor eg skal vera så lenge i Oslo. Dei fangar det opp om det skjer endringar i kroppen, seier Nygård.

– Ikkje til å tru

Han er tydeleg imponert over sjukehuset og alt rundt.

– Når du ser det apparatet som er i sving, alt dei kan og alt som står klart, det er så kolossalt at det er vanskeleg å skildra det. Det er nesten ikkje til å tru. Me har treft mange der foreldre har gitt nyre til ungane og omvendt. Folk får nye liv. Det er ei heilt spesiell oppleving, seier han.