Putri møtte Endre, Kjell, Resty og Stacia på jobb. – Gjestane kan bestemma om dei vil ta maten heim, eller setta seg ned med oss, seier ho.
Putri møtte Endre, Kjell, Resty og Stacia på jobb. – Gjestane kan bestemma om dei vil ta maten heim, eller setta seg ned med oss, seier ho. Foto: Snorre Standish Norheim

Då Endre og Resty Bjørnsen skulle gifta seg i fjor sommar, ville bruda ha mat frå heimlandet sitt.

Oppgåva gjekk til Putri Mandhasari Licumahua, som dei møtte gjennom takeawaystaden hennar på Kleppe.

Dit har ekteparet frå Forus reist ofte. Då plar dei handla éin middag til å eta same dag, og éin til å ha i kjøleskapet.

Indonesisk mat tar mange timar å laga, særleg gjeld det spesialiteten rendang, ein gryterett av biff og kokosmjølk.

– Me gidd ikkje å laga det sjølve, så då kjem me hit, forklarer Resty.

Resty leiter fram ein artikkel frå sin tidlegare arbeidsgjevar, CNN. Rendang og nasi goreng toppar lista over verdas femti beste matrettar. – Så det er populært, sjølv om ikkje alle veit kva det er, seier ho om det indonesiske kjøkkenet.
Resty leiter fram ein artikkel frå sin tidlegare arbeidsgjevar, CNN. Rendang og nasi goreng toppar lista over verdas femti beste matrettar. – Så det er populært, sjølv om ikkje alle veit kva det er, seier ho om det indonesiske kjøkkenet. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Starta med nettbutikk

Då Putri starta nettbutikk med matvarer, heime i kjellaren i Tananger, var eitt av måla å bli kjent med fleire frå Indonesia.

Dei er ikkje fleire enn rundt 2000 i Norge, og berre 300 i distriktet, fortel Resty, som skreiv masteroppgåve om dette på UiS.

Fordi nettbutikken drukna i søkemotorane, bestemte Putri seg for å ha stand på Gladmatfestivalen i Stavanger.

– Målet var å introdusera kundane for indonesisk mat, og guida dei til varene i nettbutikken min, seier ho.

Men kundane ville ikkje berre ha ingrediensar, dei ville veta kor dei kunne kjøpa maten, som dei likte så godt.

– Folk kjenner til kylling biryani, sushi, pad thai og tom yam, men kven veit kva rendang er?

Gode tilbakemeldingar

Derfor opna ho i august 2024 takeaway-kjøkken inst i butikklokalet til M & J Eksotisk på Kleppe.

– Har du sett meldingane dei har på Google? spør Stacia Elveritta, ein ivrig kunde.

Ho har reist frå Tasta for å handla kryddermiks til nasi goreng, som er ein populær rett med steikt ris.

Stacia viser på telefonen at Toko Bintang Takeaway har 5 av 5 stjerner på Google, basert på 97 tilbakemeldingar.

– Det er ikkje berre éin eller to, heller. Kundane er lojale, og dét har dei greidd sjølv om dei har ope to dagar i veka, på Kleppe.

Kundane har brukt fulle namn og store ord; til dømes skriv éin:

Ekteparet Putri og Randolp lager fantastisk indonesisk mat. Her fikk jeg smake flere småretter med fantastisk mørt og smakfullt okse- og kyllingkjøtt. Som de selv sier, food is love. Indonesisk mat hos ekteparet er et godt eksempel på nettopp det! ANBEFALES!

Randolph jobbar som elektrikar, og enn så lenge er Putri åleine om å driva Toko Bintang Takeaway.
Randolph jobbar som elektrikar, og enn så lenge er Putri åleine om å driva Toko Bintang Takeaway. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Fem dagar i veka

Putri er gift med nederlandske Randolph Licumahua, som budde i leilegheit på Bryne torg første gongen dei møttest over nettet.

Ho seier at ho ikkje trur på tilfelle – at gudane har ein plan – men hadde aldri i tankane å opna restaurant på torget den gongen.

Då ho valde å opna eigen stad på Bryne, var det fordi ho allereie har ein etablert kundebase i området, og fordi ho føretrekker å reisa utover Jæren enn innover mot Sandnes og Stavanger.

Restauranten har ope tysdag til laurdag, med utvida meny torsdag, fredag og laurdag, med rettane som lar lang tid å førebu.

Då serverer Putri indonesisk peparbiff, kylling med sitrongras og rendang – livretten som får ekteparet Bjørnsen til å setta seg i bilen.

Takeaway-staden er nettopp opna, og Putri skal ta tida til hjelp for å finna ut kva marknaden vil ha. Eitt av kjøleskapa står tomt – her kan det bli grønsaker eller eksotiske dessertar, eller noko anna.
Takeaway-staden er nettopp opna, og Putri skal ta tida til hjelp for å finna ut kva marknaden vil ha. Eitt av kjøleskapa står tomt – her kan det bli grønsaker eller eksotiske dessertar, eller noko anna. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Vil skapa feriekjensle

Maten kjem i takeawayboksar, men det er sett fram bord og stolar, og håpet er at folk vil gjera som Kjell Puntervold.

Veka etter at restauranten opna er han på sitt andre besøk. Ein annan fersk stamgjest har, på eige initiativ, kome med stoveplanter.

Putri er usedvanleg sosial, men det er også veninnene hennar, Stacia og Resty, frå Indonesia. Ho håper at den nye staden kan få nordmennene til å tø opp.

– Eg har eit mål om å kopla folk saman. Konseptet vårt er framleis takeaway, men forhåpentleg vil kundane setta seg ned med oss. Me vil at dei skal ha det som på ferie, og kjenna at dei ikkje treng sitta åleine.

Randolph har fått med kameraten Ole Petter Sognness til å fjerna leveggen som omslutta hjørnelokalet. Dei nye drivarane ønsker, på fleire måtar, å opna opp.
Randolph har fått med kameraten Ole Petter Sognness til å fjerna leveggen som omslutta hjørnelokalet. Dei nye drivarane ønsker, på fleire måtar, å opna opp. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim