Kommuneoverlege Gerd Signy Solberg Omland viser fram nyoppusssa legekontor på Nærbø. I bakgrunnen står Gunn Søyland frå Fagforbundet, Ap-politikar Wibecke Natås og kommunalsjef Jørn Kosmo.
Kommuneoverlege Gerd Signy Solberg Omland viser fram nyoppusssa legekontor på Nærbø. I bakgrunnen står Gunn Søyland frå Fagforbundet, Ap-politikar Wibecke Natås og kommunalsjef Jørn Kosmo. Foto: Håvard Ovesen

– Det er utruleg kor stor skilnad det gjer med litt måling, lys og nokre plantar.

Det var eit gjennomgangstema då politikarane i Utval for helse og velferd fekk ei omvising i helsesenteret på Nærbø tysdag. Og ja, lokala dei fekk sjå, var nymalte og fine, og skilnaden på korleis helsesenteret ser ut på innsida nå, samanlikna med tidlegare, er stor.

Likevel, dei viktigaste endringane dreier seg ikkje om lys og måling. Det handlar om nok plass og gode nok tilhøve for dei som jobbar der og for dei som kjem dit for å ta imot helsetenester.

Skofri helsestasjon

Det var ei stolt Stine Horst Haugseng, leiar for helsestasjonstenesta i Hå, som kunne visa lokalpolitikarane rundt i nye lokale der Hå sjukeheim sitt dagtilbod haldt til tidlegare. Nå er det store, flotte og lyse lokal, med stellebord på rekke og rad og eit eige ammerom for dei som treng det.

På veggane har dei hengt opp bilde av dyr, som det passar seg på Jæren.

Stine Horst Haugseng viser politikarane rundt på helsestasjonen for ungdom. Frå venstre er Gry Kirsti Høyland Sirevåg (Sp), Wibecke Natås (Ap), Irene Omland (H), Sefany Mesfin (Hå-lista) (skjult) og Svein Kåre Hegelstad (Frp). Til høgre står politisk sekretær Mirjam Evje.
Stine Horst Haugseng viser politikarane rundt på helsestasjonen for ungdom. Frå venstre er Gry Kirsti Høyland Sirevåg (Sp), Wibecke Natås (Ap), Irene Omland (H), Sefany Mesfin (Hå-lista) (skjult) og Svein Kåre Hegelstad (Frp). Til høgre står politisk sekretær Mirjam Evje. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Helsestasjonen har òg fått eit stort og fint undervisningsrom der dei blant anna kan halda gravidkurs, barselgruppemøte eller personalmøte.

– Me er heldige, sa Horst Haugseng og smilte.

Av omsyn til hygiene og reinhald er den nye helsestasjonen ei skofri sone. Dei som kjem har to val, anten gå på sokkelesten eller ta på skoovertrekk i plast.

Endeleg lydtett

Det same er tilfellet i den nye helsestasjonen for ungdom som ligg på andre sida av inngangspartiet til Hå sjukeheim. Også her har dei fått mykje meir plass og finare lokale enn dei hadde før.

Men vel så viktig er diskresjonen. Før var det eit problem at det var lytt i lokala. Det gjorde det vanskeleg å oppretthalda teieplikta. Nye dører og lydisolering har fått slutt på det problemet.

Helsestasjonen er open kvar mandag frå 14 til 16:30. Ungdommane kan anten tinga time på førehand, eller dei kan berre stikka innom og venta til det vert ledig.

Horst Haugseng seier besøket er greitt nok.

– Men me skulle ønska at fleire ville nytta seg av det, sa ho.

Godkjente legekontor

Også legekontora og tilhøyrande fasilitetar ved helsesenteret har fått ei grundig oppgradering. Blant anna er venterommet utvida, har fått nye møbel og ny farge på veggane.

Dei tilsette har fått betre arbeidsforhold.

– Nå er alt godkjende kontor med vindauge og lys, sa kommuneoverlege Gerd Signy Solberg Omland då ho viste politikarane rundt i denne delen av helsesenteret.

Fastlegane i helsesenteret har, som helsestasjonen for ungdom, hatt store problem med at det har vore for lytt i lokala. Nå er ny lydisolering på plass.

– Nå er teieplikta oppfylt, sa Omland.

Møteromma er flytta opp i andre etasje.

Bernt Olaf Egeland (INp), Sefany Mesfin (Hå-lista) og Svein Kåre Hegelstad (Frp) stiller seg opp ved stelleborda på helsestasjonen. Skjult bak ein plante står Stein Aarsland (KrF).
Bernt Olaf Egeland (INp), Sefany Mesfin (Hå-lista) og Svein Kåre Hegelstad (Frp) stiller seg opp ved stelleborda på helsestasjonen. Skjult bak ein plante står Stein Aarsland (KrF). Foto: Foto: Håvard Ovesen

Helsesenteret har òg fått eit skikkeleg pauserom, noko dei ikkje har hatt før.

Då politikarane kikka rundt i pauserommet, peika kommuneoverlegen på kaffimaskinen og skunda seg å komma med ei presisering som, i alle fall i Jærbladet sin del av det private næringsliv, er uhøyrt:

– Den kaffimaskinen har me betalt for sjølv, altså!

Treng eit legekontor til

Under omvisinga tysdag, var det ingen som på ståande fot kunne gje eit eksakt tal på kor mykje oppgraderinga har kosta. For snart to år sidan skreiv Jærbladet at summen kunne komma opp i 12,2 millionar kroner.

Uansett pris kunne kommuneoverlegen slå fast at tilhøva ved helsesenteret « ... har blitt veldig mykje betre».

Omland minna samtidig om at sjølv om helsesenteret er oppgradert, trengst det framleis eit nytt legekontor på Nærbø. Som Jærbladet tidlegare har skrive, vil det i åra som kjem vera bruk for plass til fem nye legar, pluss andre typar helsepersonell.

Kommunen har sett av pengar til å sjå nærare på løysingar for eit nytt legekontor på Nærbø.

– Me gler oss til det kjem, sa Omland tysdag.