Debatten er i ferd med å verta gammal nå, men ein gong i tida var det mykje snakk om å bygga eit såkalla «sambrukshus» på Nærbø. Tanken var å samla ulike helsetenester, som legesenter, helsestasjon, helsestasjon for ungdom, tannlegekontor og familiesenter i same bygg som kulturskule, bibliotek og kafé.
Plass til fem nye legar
Planane var kontroversielle. Mange frykta at nybygget skulle øydelegga torget på Nærbø. Til slutt vart den høge investeringsutgifta avgjerande. Lokalpolitikarane vart einige om å legga sambrukshuset på is.
Men med det forsvann òg det som skulle vore løysinga på det som har vore eit vedvarande problem på Nærbø: Det er ikkje nok plass til dei kommunale legetenestene.
Det vil seia, litt meir plass har dei fått. Dagens helsesenter vart pussa opp, noko som, i tillegg til betre arbeidsforhold, har gjeve rom til éin ny fastlege.
Men det er ikkje nok.
Ifølge kommuneoverlege Gerd Signy Solberg Omland vil det dei kommande åra vera bruk for plass til ytterlegare fem fastlegar, i tillegg til ein ekstra turnuslege. Det trengst og meir plass til andre typar helsepersonell, som sjukepleiarar, helsesekretær og liknande.
Det kjem fram i ei sak som vert lagt fram for Innbyggarrådet tysdag. Saka skal òg opp i Utval for helse og velferd og formannskapet.
Hastverk
I dag er det elleve fastlegar på Nærbø. Det er ikkje nok til å gje alle som treng det plass på ei legeliste.
I åra som kjem kan det verta endå vanskelegare. Ifølge sakspapira, ført i pennen av kommuneoverlege Omland, står kommunen nemleg overfor eit generasjonsskifte blant legane.
Jamt over har yngre legar, som framleis er under spesialisering, færre plassar på listene sine enn dei som er hakket eldre. Det er dette, saman med ei rask vekst i folkesetnaden i stasjonsbyen, som gjer at kommuneoverlegen varslar om ei behovsauke på nær 50 prosent.
Per i dag er det heller ikkje rom til å ta imot fleire turnuslegar eller medisinstudentar som skal i praksis på Nærbø. Det set kraftige avgrensingar på det som ifølge kommuneoverlegen er kommunen sin viktigaste rekrutteringsarena for framtidige fastlegar.
Det er stor politisk semje om at fleire eldre må bu heime så lenge som mogleg. Desse kan, naturleg nok, trenga fastlegetenester. Nokre av desse tenestene, til dømes sårstell, kan utførast av andre enn fastlegar, men det trengst framleis rom til å gjera det.
I saka heiter det at eit nytt legekontor på Nærbø bør komma på plass « ... i næraste framtid».
Kommunedirektøren sitt råd til politikarane er å ta saka som utgangspunkt for å sjå etter aktuelle lokal for eit nytt kommunalt helsesenter på Nærbø.
Konservativt vil inn i bufellesskap
Nye legekontor vart eit tema allereie i kommunestyremøtet denne veka.
Arne Husveg (Konservativt), som òg er nestleiar i Innbyggarrådet, la fram ein interpellasjon der han spurde om ordføraren ville ta initiativ til å greia ut om eit nytt legekontor kan samlokaliserast med det kommande seniorbufellesskapet på Nærbø.
Politikarane i Hå har tatt initiativ til å selja tomter til bustadutviklaren Vilbo, som vil bygga seniorbufellesskap på Varhaug og på Nærbø.
Bufellesskapa er meint for personar over 55 år som er på jakt etter sentralt plasserte leilegheiter med universell utforming. Bufellesskapa har store fellesområde, der bebuarane kan møtast, til dømes hobbyrom og drivhus.
Vilbo ser føre seg å bygga 50 leilegheiter på Varhaug og 45 på Nærbø. Målet er å by på leilegheiter av varierande storleik og med ein kvadratmeterpris på rundt 70.000 kroner.
Bufellesskapet på Nærbø skal oppførast i fem etasjar på ei 2,5 dekar stor tomt i Skjærpedalen, på hjørnet mellom Torggata, Dalvegen og Jadarvegen, tvers overfor biblioteket.
Husveg påpeika at det i dag ikkje er rom for å reisa kommunale bygg av større omfang. Han føreslo at kommunen bør sjå nærare på ein leigeavtale med Vilbo.
– Samlokalisering av legekontor og helserelaterte tenester i slike bygg kan vera ei løysing som gjev nærleik, tryggleik og tilgang for innbyggarane, styrkar samhandlinga mellom tenester, kan realiserast tidlegare gjennom leige framfor å bygga, bidreg til aktivitet og liv i sentrum og gjev ein økonomisk ansvarleg modell for kommunen, meinte Husveg.
– Vanskeleg
Ordførar Andreas Bjorland (KrF) gav Husveg skryt for å vera opptatt av å finna løysingar på ei viktig utfordring, men var ikkje overtydd om at løysinga han hadde funne, var god.
– Legekontor og bufellesskap har særs ulike krav til uteareal. Legekontoret treng mykje areal til parkering og må ha tilgang for ambulanse. Seniorbufellesskap treng eit grønt uteområde som inviterer til sosiale aktivitetar, sa ordføraren.
Etter planen skal bufellesskapet få til saman rundt 350 kvadratmeter med fellesareal.
Bjorland la vekt på at det er naturleg for eit bufellesskap av denne typen at fellesareala ligg i første etasje, med uteområde rett utanfor døra.
Han meinte òg at ei løysing som den Husveg skisserte vil kutta drastisk ned på talet på leilegheiter, ned frå 40 (ifølge ordføraren – Vilbo seier dei vil bygga rundt 45) til 25.
– Dette vil gjera eit allereie lite prosjekt vanskeleg å gjennomføra, meinte ordføraren.
Han slo fast at det ikkje var tilrådeleg å sjå nærare på moglegheiter for legekontor i første etasje.
– Eg meiner me heller bør arbeida vidare med skissa til framdrift, sa Bjorland og viste til saka som skal opp i Innbyggarrådet på tysdag.
Ordføraren tok òg opp eit tema han var innom då formannskapet avgjorde å selja tomtene på Varhaug og Nærbø til Vilbo: Kan henda gjev omgrepet seniorbufellesskap feil assosiasjonar.
– Ein senior kan vera sprekare enn mange andre. Dette er ikkje plent ein sjukeheim. Eg trur ikkje dei har behov for legekontor i første etasje, sa Bjorland.
Husveg takka for eit gjennomtenkt og tydeleg svar.
– Eg set pris på det. For meg handlar det om å vurdera moglegheita medan utviklingsarbeidet framleis går føre seg, så me ikkje lukkar døra for ei løysing som kan vera føremålstenleg og økonomisk forsvarleg, sa han.