Politikarane i formannskapet i Hå gav uttrykk for at dei var både fornøgde, letta og glade då dei tysdag bestemte seg for å selja sentrumstomter på Nærbø og Varhaug til eigedomsutviklaren Ineo, sjølv om enkelte kunne fortelja om eit skår i gleda:
– Av og til, når eg snakkar med folk eller les Jærbladet, får eg inntrykk av at mange tenker på seniorar som gamle folk som må skjermast for alt av lyd og liv. Men eg er senior og over 55. Eg jobbar og trener og lever eit travelt liv. Eg er midt i målgruppa for dette. Og om eg på sikt vert gammal og skral, er det godt eg har ein plass eg kan vera i lag med andre, sa Gunn Dalen Håland (H).
Kontrovers på Varhaug
Bakgrunnen var at politikarane har avgjort at dei vil tilby to eigedommar sentralt på Nærbø og Varhaug til ein eigedomsutviklar som vil bygga bufellesskap for eldre.
Eigedommane det er snakk om, er Jadarvegen 27 på Nærbø og den gamle handelslagstomta på Varhaug, der det i dag er ein mellombels park.
Lokalt på Varhaug har det vist seg noko kontroversielt at ein vil nytta det som kanskje er den mest sentrale tomta i stasjonsbyen til dette.
– Eg trur eg framleis ikkje har snakka med éin person på Varhaug som synest det er ein god idé å legga akkurat denne typen busetnad midt i sentrum, uttalte Reidar Skretting til Jærbladet sundag.
Den næringsdrivande varhaugsbuen fryktar at eit leilegheitsbygg fylt med folk over 55 år vil legga ein dempar på folkeliv og konsertar i sentrum av bygda. Fleire andre har komme med liknande innspel til kommunen.
Det var denne kontroversen Håland sikta til. Ho er sjølv varhaugsbu, og forstod godt at planane kunne tenna både engasjement og uro.
– Nokon er nok litt redde for at noko som fungerer så godt skal verta vekke. Her er det både fest og basar. Her er det uteliv, sa ho.
Høgre-politikaren la til at mange nok føler at utandørsarrangementa i sentrum er ein stor del av Varhaug sin identitet, men påpeika at det trass alt berre skjer nokre få dagar i året.
– Men dette er kvardagen. På Varhaug har me vanvitig mykje vêr. Bufellesskapen kan skjerma området betre, noko som kan legga til rette for større aktivitet. Og det kan framleis vera marknadar og aktivitetar som tidlegare, sa Håland.
27 millionar for seks dekar
Håland, og dei andre politikarane som tok ordet, var gira opp etter å ha fått ei orientering frå firmaet Vilbo om korleis dei vil nytta dei to tomtene på Varhaug og Nærbø.
Vilbo er eit samarbeid mellom eigedomsutviklarane i Ineo og arkitektane i Helen & Hard. Dei har allereie samarbeida om fleire prosjekt, blant anna Vålandshagen i Stavanger og Rådhusmarka i Sandnes. Nå vil dei i gang med å bygga bufellesskap for eldre.
Desse bufellesskapa er , som er kopla saman av fellesområde – til dømes hobbyrom, treningsrom og drivhus – i første etasje. Vilbo opererer med fem bustader i kvar etasje. Leilegheitene er både store og små, noko som gjev eit breitt marknadsgrunnlag.
Vilbo har allereie eit prosjekt under utvikling på Jørpeland. Nå er to nye prosjekt på gang på Nærbø og Varhaug etter at eit samrøystes formannskap gjekk inn for å selja dei to sentrumstomtene til dei.
Prisen for den 3,8 dekar store tomta på Varhaug er 15,2 millionar kroner. Prisen for den 2,5 dekar store tomta på Nærbø er 12,5 millionar kroner.
– Vilbo er praktiske leilegheiter av høg kvalitet til overkommeleg pris, kopla saman av fellesområde med aktivitetar og eit levande fellesskap, sa arkitekt og dagleg leiar Randi Augenstein som, saman med prosjektutviklar Ivar Isdal heldt ei orientering for formannskapet i forkant av vedtaket.
– Målet vårt er at prosjektet skal kopla seg på det lokale miljøet, både for å svara på lokale behov, men òg for å vera med på å gje folk ein enklare kvardag og setta dei i stand til å bu heime lenger, sa Augenstein.
Satsar offensivt
Dei reknar med å bygga 45 leilegheiter på Nærbø og 50 på Varhaug. Målet er ein kvadratmeterpris på 70.000 kroner.
Tanken er å gå i gang på likt, både på Nærbø og Varhaug.
– Me har veldig tru på at det kan skapa driv. Me tenker offensivt og trur me har eit unikt prosjekt det er marknad for, sa Isdal.
Isdal la stor vekt på at det dei bygg skal «aktivisera sentrum».
– Me tenker å opna opp ein til to gonger i månaden og invitera til eldrekafé, sundagskafé eller likande og invitera heile sentrum, sa han.
Tanken er at idrettslag eller skuleklassar som skal på tur eller andre som treng dugnadsinntekter, skal stå for drifta.
Fellesareala er det ei stifting som skal eiga, men dei som bur der får evig bruksrett. Bebuarane må betala ein viss sum for drifta av desse areala. I utgangspunktet vil det kosta kvar bebuar 600 kroner i månaden, men stiftinga som eig kan få ned denne prisen, blant anna ved å leige ut fellesareala til andre i nærmiljøet. Stiftinga kan òg få inntekter frå utleige av gjestehybel.
Bruk av ein eigen app som heiter Heime, skal gjera det lett for bebuarane å organisera seg og arrangera fellesaktivitetar.
Augenstein sa at tomtene på Nærbø og Varhaug er godt eigna til formålet, nær butikk, apotek og kollektivtransport som dei er.
Bildeling
På Nærbø er tomta litt liten, så der vurderer dei å kjøpa naboeigedommen på austsida for å bygga parkering.
Målet er å bygga to punkthus, eit nært Torggata og eit nært Jadarvegen med eit 350 kvadratmeter stort fellesareal i midten. Grøntarealet skal ligga mot sørvest.
– Fellesarealet er med på å aktivisera bakkeplanet i sentrum, men er òg i direkte kontakt med uteområda, sa Augenstein.
Vilbo sine bygg er av faste element som kan kombinerast på ulike måtar, litt som byggeklossar.
– Bygningane trappar seg ned. Det er store høve for å få til ulike uttrykk i fasaden, som kan gje god variasjon, sa arkitekten.
Parkeringsarealet vil dei bygga med eit grønt lokk oppå. Vilbo vil ikkje bygga parkeringskjellarar, men satsar i større grad på bildeling, altså at i staden for at kvar bebuar har eigen bil, vil dei ha ei samling av felles bilar, som kan tingast gjennom Heime-appen.
Er det kapasitet vil dei òg gjera bilane tilgjengelege for andre som bur i nærområdet.
Eigedomsutviklarane opna opp for at det kan vera rom for enkelte private parkeringsplassar.
Drivhus i sentrum
På Varhaug er Vilbo, ifølge eigen presentasjon, opptatt av å trekka seg mest mogleg tilbake for å halda på og vidareutvikla det grøne arealet som er på sentrumstomta i dag.
Parkeringa skal vera på baksida, mellom bufellesskapet og Ingridtunet. På framsida, i retning R. Skretting og Stasjoen pub, skal det framleis vera eit grøntareal. Her vil dei òg setta opp eit drivhus, som får ei sentral rolle.
– Alle prosjekta våre har drivhus. Her er tanken at eit tilgjengeleg drivhus, kan skapa ei buffersone mot bebyggelsen, som vert meir privat, sa Augenstein.
Drivhuset vert første bygg på tomta. Det er heilt bevisst.
– På den måten kan me ha søndagskafé og eldrekafé allereie før me begynner å bygga og selja. Slik kan me gjera oss kjende i sentrum, sa Isdal.
Dei opnar òg for mindre næringsdrift av typen frisør eller fysioterapeut.
– Her tenker me òg at drivhuset kan nyttast, sa Augenstein.
Ho var opptatt av at området ikkje berre skal nyttast av dei som er eldre.
– Det er viktig at òg barn og unge kjem inn, sa Augenstein.
Grøntområdet vil dei knyta saman med leikeplassen som i dag er utanfor rådhuset. På sikt kan delar av Rådhusgata verta stengt, noko som gjer dette lettare.
Under formannskapsmøtet opplyste plansjef Ole von Erpecom Vikse at administrasjonen ønsker å stenga av den sørlege delen av Rådhusgata og kopla denne delen av uteområdet framfor rådhuset tettare saman med leikeparken og uteområdet framfor bufellesskapet.
– Fantastisk
Politikarane kom med eit par formaningar om at det er viktig å ikkje privatisera uteområda i sentrum, men var elles overstrøymande begeistra.
– Me har diskutert denne saka mange gonger, inkludert utforming. Den presentasjonen me nå har fått, svarar på måla me har sett på ein utruleg god måte. De lagar ikkje barrierar, men koplar saman på ein fantastisk måte, synest eg, sa ordførar Andreas Bjorland.
Han understreka at det ikkje er sikkert at dette er den rette løysinga for alle, men meinte det uansett er ei løysing som vert viktig framover.
– Dette kan vera eit godt supplement til kommunale tenester. Det kan gjera at folk kan bu lenger heime, og at det vert enklare den dagen dei eventuelt skal få hjelp heime, sa han.
Av enkeltsaker i Hå skal det, ifølge ordføraren, vera nettopp desse bufellesskapa for seniorar han har fått flest spørsmål om.
– Og det er eit positivt engasjement. Det meste av irritasjon som eg har høyrt, er at me berre tenker Nærbø og Varhaug. Det seier litt om interessa for dette, sa Bjorland.
Varaordførar Svein Arve Nygård syntest det var gildt at det er høgt tempo i saka, og viste til at det først var i valkampen for to år sidan at fleire av partia gjekk inn for dette.
– Undervegs har eg vore uroa for dette med bil, og lurt på at me her i Hå var i ferd med å planlegga noko der dei som bur der ikkje skal ha bil. Men eg trur det skal gå greitt. Er det nokon som plent må ha eigen bil, kjenner dei sikkert nokon som har ein gard han kan stå på, sa Nygård.
Varaordføraren frå Sirevåg la til at han håpar tilsvarande bustadar kan komma litt lenger sør òg, « ... slik at me som er avhengige av havutsikt kan få det.»
Eit liknande ønske kom frå Elin Hetland Mong (Hå-lista), som spelte inn tomta som står igjen når Vigrestad får ny skule som mogleg lokasjon.
Sist til å ta ordet var Renate Skretting, som la fram eit tilleggsforslag frå eit samla formannskap: Bodskapet om at samanhengande torgareal må vektleggast i det vidare arbeidet vart samrøystes vedtatt.