Ørjan König og Bekkis har søkt om å få forlenga uteserveringa med eit telt som tar cirka 150 personar.
Ørjan König og Bekkis har søkt om å få forlenga uteserveringa med eit telt som tar cirka 150 personar. Foto: Snorre Standish Norheim

For Ørjan König var det ikkje tvil om at dei skulle nytta seg av moglegheita til å visa landslaget, som for første gong sidan 2000 har kvalifisert seg til eit meisterskap i fotball.

Med fotball på TV får han ikkje mykje ferie i sommar, men til gjengjeld får han det veldig kjekt på jobb.

– Eg skal sjå alt, ler han, som håper at Norge tar seg forbi gruppekampane.

Telt med plass til 150

Bekkis plar visa engelsk Premier League og hadde allereie ein dialog med dei norske rettigheitshavarane, Allente. Det er dei som i mai sender faktura til alle visningsstadene i Norge, basert på talet på sitteplassar.

– Eg trur ikkje eg kan seia nøyaktig kva det kostar. Men det er dyrt, stadfestar König.

Han skal visa sendingane til NRK og TV2 på storskjerm i eit telt på 12x12 meter, med plass til om lag 150 gjestar.

Til Norge-kampane vil Bekkis selja bord, men til dei andre kampane er det viktigaste at det kjem folk. Ambisjonen er at teltet blir den naturlege samlingsplassen for dei som vil sjå fotball.

– Eg tenker me viser alt som er av interesse. Det kjem òg an på når på døgnet kampane går.

Påstand om konkurransevriding

Kampane går som kjent i USA, Mexico og Canada. Opningskampen begynner ved midnatt norsk tid, men neste kamp, mot Senegal, startar ikkje før klokka to.

Regjeringa har derfor sendt på høyring eit lovforslag om eit ekstraordinært unntak frå skjenketidene i alhoholloven. Fristen for å søka Time kommune om utvida skjenketider under fotball-VM gjekk ut 27. mars.

Kommunestyret skal behandla saka 6. mai. Eit spørsmål frå Thime Station viser at det ikkje blir rett fram:

«Vi finner det spesielt og ikke minst konkurransevridende, at man kun kan søke om utvidet bevilling / skjenketid, om en viser fotball på tv», skreiv dagleg leiar Mads Aspen til kommunen.

Tilbakemeldinga antyder ei forventning om ei generell utviding av skjenketidene i sommar, også for dei som ikkje viser fotball.

Administrasjonen svarte med å visa til lovforslaget regjeringa har sendt på høyring, og som uttrykkeleg seier:

«Avvikende skjenketider kan bare fastsettes for skjenkesteder som viser direktesendte kamper i fotball-VM for herrer 2026 for stedets gjester.»

Fem aktørar har søkt

Fleire aktørar som ikkje til vanleg viser fotball, har søkt om å utvida skjenketid fram til klokka 06:00, i perioden 11. juni til 19. juli.

Thime Station har søkt – det same har Annige bar på Kvernaland og Bryne kro og hotell.

Kinosjef Erlend Serigstad på den kommunale kinoen på Bryne har også søkt om utvida skjenking.

Alle har stadfesta at dei skal visa kampar på TV, som altså er eit krav for å få innvilga utvida skjenketid.

Kommunen har presisert at det kan bli stilt vilkår knytte til tryggleik, vakthald og gjennomføring.

Skjenkekontrollen i Rogaland brann og redning har ikkje ei offisiell meining om kommunane bør utvida skjenketida. Leiar Sverre Skårland har svart at dei vil få ekstra utgifter når kontrollbehovet blir større.

Politimeisteren i Sør-Vest politidistrikt, Hans Vik, har også åtvara om at utvida skjenketider vil bety meir jobb for dei, skreiv Stavanger Aftenblad i mars.

– Eg synest det er positivt at fleire vil visa kampane For vår del, så lenge me har rettane til å visa Premier League, tenker eg det er naturleg at me viser fotball-VM, seier Ørjan König.
– Eg synest det er positivt at fleire vil visa kampane For vår del, så lenge me har rettane til å visa Premier League, tenker eg det er naturleg at me viser fotball-VM, seier Ørjan König. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

– Happy tilsette

I invitasjonen til å søka om utvida skjenketid har administrasjonen tatt atterhald om at lovendringa faktisk blir noko av.

Dessutan må lokalpolitikarane avgjera om dei ønsker at Time skal ha utvida skjenketider, og i så fall, om det skal innførast nokre særlege avgrensingar.

König seier det var naturleg å søka om utvida skjenking til klokka seks då kommunedirektøren opna for det.

– Men me vil sjå på korleis me skal bruka det, fordi me har ingen interesse av å stå her og skjenka øl til klokka seks om morgonen. Me vil skjenka under kampane, som jo er grunnen til at lovforlaget kom.

– Kva seier dei tilsette?

– Dei er veldig positive. Folk er dødshappy for VM, og alle har lyst til å jobba. Det trur eg skal gå veldig fint. Eg tenker me serverer til kampen er ferdig, og så går me heim etterpå.