VIL HA HALL: Ove Horpestad, gruppeleiar i Klepp Høgre, er uroa over at bygging av Folkehelsehallen på Kleppe dreg ut i tid.
VIL HA HALL: Ove Horpestad, gruppeleiar i Klepp Høgre, er uroa over at bygging av Folkehelsehallen på Kleppe dreg ut i tid. Foto: Åge Bjørnevik

– Eg må seia at eg er skuffa i kveld. Det er mykje godt i budsjettframlegget frå kommunedirektøren, men folkehelsehallen dreg altså ut i tid. Og det same skjer med aktivitetsparken, der det langt frå er sett av dei summane som trengst enno. Her burde det ha vore sett av pengar, sjølv om økonomisjefen seier at prosjekta er i tankane deira i åra etter 2024, seier Horpestad til Jærbladet rett etter at kommunedirektøren i Klepp måndag kveld hadde presentert budsjettforslaget sitt.

Horpestad er gruppeleiar for Høgre, som er det einaste opposisjonspartiet i Klepp – etter at alle dei andre partia etter valet i fjor haust gjekk saman for å byta ut Høgre-ordførar Ane Mari Braut Nese med Ap-ordførar Sigmund Rolfsen.

Når det gjeld aktivitetsparken, skal første byggjetrinn setjast i gang mot slutten av dette året – og første del av dette vera ferdig til neste sommar. Det betyr at det blir nok ein vinter utan isflate på Kleppe. Isen no skal koma vinteren 2022, ifølgje kommunedirektøren sin presentasjon.

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad skriv i ei pressemelding sendt ut før møtet at Folkehelsehallen treng meir tid til konseptavklaring og tomteval.

Klepp idrettsråd sin draum har vore ein stor hall på Meieritomta i sentrum, men tomtevalet var omdiskutert då kommunestyret før sommaren i fjor valde å utsetja saka om folkehelsehall.

Nøgd ordførar

Ordførar Sigmund Rolfsen (Ap) syntest bodskapen frå kommunedirektøren var svært oppløftande.

– Det som er lagt fram, er ei vidareføring av den retninga me har lagt dei siste åra, der store, planlagde prosjekt vert fullførte, samstundes som det er funne rom for ei satsing på tidleg innsats blant barn og unge og på helse og velferd. Eg synest administrasjonen har gjort eit grundig arbeid, og følgt opp politiske signal på ein svært god måte, seier Rolfsen til Jærbladet.

– Investeringane er høge, men innanfor det som er forsvarleg, og følgjer også opp det som allereie har lege i planane. Eg er absolutt ikkje overraska over det som kom fram i kveld, men det er positivt, slår Klepp-ordføraren fast.