Geir I. Mykletun og Sandtangen 2 AS ønsker å integrera offentleg parkering i sitt utbyggingsprosjekt. Dersom kommunen regulerer kinoplassen til parkering vil heile prosjektet stoppa opp, åtvarar Mykletun.
Geir I. Mykletun og Sandtangen 2 AS ønsker å integrera offentleg parkering i sitt utbyggingsprosjekt. Dersom kommunen regulerer kinoplassen til parkering vil heile prosjektet stoppa opp, åtvarar Mykletun. Foto: Snorre Standish Norheim

– Ja, me vart veldig overraska. Spesielt fordi det ikkje har vore nokon dialog i forkant, seier Geir I. Mykletun til Jærbladet.

Han sit i det gamle Telenorbygget på Bryne, som ligg på festa tomt med adresse Sandtangen 2. Kontorbygget er fullt utleigd, men eigarane har i snart ti år hatt planar om å riva det og bygga ut kvartalet.

Time kommune eig éin del av kvartalet (kinoplassen), Bane Nor eig resten. Her ville Sandtangen 2 AS reisa høghus med bustader, næringsbygg langs Arne Garborgs veg og eit tak som publikum kunne gå på.

Før planen vart trekt i siste liten, skreiv Jærbladet og Stavanger Aftenblad fleire saker om at Bryne kunne få sitt eige «operatak».

I 2018 skreiv kommunedirektøren at planforslaget ville «bidra med bymessige funksjoner til området» og anbefalte politikarane å senda det ut på høyring. Mykletun hugsar ein kommune som var begeistra for planane.

Nå, seks år seinare, har kommunedirektøren kome med eit nytt forslag. Han vil setta av delar av området til eit parkeringshus, noko som vil blokkera for dei tidlegare planane.

Forslag i sentrumsplan

Parkering er eit hovudtema når sentrumsplanen for Bryne skal oppdaterast for å gjelda i åtte nye år, fram til 2035.

Ideen om ein parkeringshall under sentrum er skrinlagt, og det trengst eit alternativ. Bilane skal vekk frå Storgata, som skal bli gågate.

Ifølge kommunedirektøren handlar kommunal parkeringsverksemd ikkje om økonomi, men om «trafikkregulering, byutvikling og tilrettelegging». I den samanhengen har han føreslått å snevra inn arealføremålet på kinoplassen til «Parkering».

Mykletun er forundra over forslaget, som er meint å synleggjera kor viktig det er med offentleg parkering i kvartalet.

– Vårt ankepunkt er at dette vil låsa alle moglegheiter for å laga ein heilskapleg plan for kvartalet. Å legga eit parkeringshus på ei av dei mest eksponerte tomtene i Bryne sentrum er kanskje ikkje den beste måten å oppgradera Bryne sentrum på, meiner han.

På grunn av ferieavvikling i Time kommune har me ikkje lukkast å få ein kommentar frå administrasjonen på påstanden om mangelfull dialog med Sandtangen 2 AS.

Slik såg arkitektane føre seg fasaden ut mot Arne Garborgs veg.
Slik såg arkitektane føre seg fasaden ut mot Arne Garborgs veg. Foto: Foto: Aros Arkitekter

Trur på felles løysing

I eit høyringsinnspel skriv Sandtangen 2 AS at det ikkje er nokon motsetnad mellom å laga offentleg parkering og å bygga ut kvartalet.

Saman med høyringsuttalen kjem skisser over eit parkeringsanlegg på éin eller to etasjar, som kan romma 200 til 250 parkeringsplassar. Forslaget kan kombinerast med næring og bustader i etasjane over.

Sandtangen 2 AS oppfordrar kommunen til ikkje å låsa seg fast til eit parkeringshus på éin del av plankartet. Dei grip tak i ei setning i kommunedirektørens saksframlegg til politikarane, som opnar for ei anna tilnærming:

«Et annet alternativ kan være å opprettholde Sentrumsformål, men ha med i bestemmelsene at mulighet for offentlig parkering må sikres. Dette for å synliggjøre viktigheten av en offentlig parkeringsplass i dette området.»

– Det er noko me eigentleg er heilt samde i. Det er ikkje usemje om at det kan vera fornuftig å få til offentleg parkering i dette området. Men me stussar på måten det er føreslått gjort på, som er lite fleksibel og ikkje så planfagleg smart. Når kommunen opnar for ein annan måte, er det vår jobb å påpeika at det er ein betre måte å gjera det på, seier Mykletun.

Eigarskap i Sandtangen 2 AS:

I ei høyringsutsegn har Statens Vegvesen anbefalt kommunen å halda på sentrumsføremålet, for å avgrensa personbiltrafikken i sentrum. Geir I. Mykletun ønsker offentleg parkering og trur eit anlegg kan fungera for brukarar av Bryne sentrum, så vel som for reisande med jernbanen.
I ei høyringsutsegn har Statens Vegvesen anbefalt kommunen å halda på sentrumsføremålet, for å avgrensa personbiltrafikken i sentrum. Geir I. Mykletun ønsker offentleg parkering og trur eit anlegg kan fungera for brukarar av Bryne sentrum, så vel som for reisande med jernbanen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Rett ved jernbanen

Å få avklart parkeringshus-saka er eitt av fleire hindre som står i vegen for at Sandtangen 2 kan realiserast.

Nærleiken til jernbanen er kjernen i ei endå større knipe – som påverkar Sandtangen 2 AS, men også Time kommune.

Kort tid før politikarane skulle behandla planen i 2018, måtte utbyggarane be om å få trekka saka.

Sandtangen 2 AS hadde samarbeidd med grunneigar Bane Nor Eiendom om planforslaget. Sistnemnde kunne ikkje vera med på å fremja eit planforslag som Bane Nor hadde signalisert at dei ville stoppa.

På grunn av nærleiken til jernbanen varsla Bane Nor motsegn mot ein plan som kunne gjera det vanskelegare å bygga nytt dobbeltspor. Bane Nor stilte krav om at det ikkje skal byggast nærmare enn 30 meter målt frå det nærmaste sporet.

Det skjedde sjølv om planen for Sandtangen 2 var i samsvar med sentrumsplanen frå 2016, som Bane Nor ikkje hadde protestert mot.

Sandtangen 2 ligg langsmed jernbanen. Planarbeidet vart lagt på is fram til kommunedelplanen for dobbeltspor mellom Nærbø og Sandnes kom på plass.
Sandtangen 2 ligg langsmed jernbanen. Planarbeidet vart lagt på is fram til kommunedelplanen for dobbeltspor mellom Nærbø og Sandnes kom på plass. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Planar i konflikt

I 2019 gjekk Rogaland fylkeskommune og kommunane langs Jærbanen saman om å sponsa planarbeidet for dobbeltsporet. Planen var ute på høyring tidlegare i år og skal behandlast i haust.

– Men den planen løyser ikkje problemet for oss: Dei har oppretthalde byggeforbodsona. Heile ideen med å få planen for dobbeltsporet opp og stå, var at me kunne gå i gang igjen med å utvikla sentrum, seier Mykletun.

Både utbygging av heile kvartalet, slik Sandtangen 2 AS vil, og eit parkeringshus på delar av området, slik kommunedirektøren har føreslått, føreset at dei får bygga tettare på jernbanen enn 30 meter.

– Det store problemet er manglande samkøyring. Forslaget til sentrumsplan er i strid med kommunedelplanen for dobbelsporet, men utan at det blir omtalt. Du kan ikkje ha ein situasjon der to planar som overlappar i areal, seier to forskjellige ting, seier Mykletun.

Arkitekten har streka opp kva areal ulike avstandskrav opnar for å bygga på. Plankartet som Time kommune har sendt på høyring, forheld seg ikkje til Bane Nor sitt krav på 30 meter (omringa grått område).
Arkitekten har streka opp kva areal ulike avstandskrav opnar for å bygga på. Plankartet som Time kommune har sendt på høyring, forheld seg ikkje til Bane Nor sitt krav på 30 meter (omringa grått område). Foto: Foto: Aros Arkitekter / Time kommune

Må søka dispensasjon

Både Sandtangen 2 og Time kommune må innstilla seg på å måtta søka om dispensasjon.

I samband med Time kommune sitt høyringssvar, skreiv kommunedirektøren til politikarane i formannskapet:

«For å legge til rette for videre utvikling i stasjonsbyene hadde det vært en fordel hvis kommunedelplanen hadde vist byggegrenser, noe som den ikke gjør. Det er imidlertid nå avklart hvor sporene kommer til å ligge. Det vil dermed være enklere å søke om tillatelse for mindre enn den generelle 30 meters avstanden til nærmeste sporets senterlinje i aktuelle reguleringsplaner eller byggesaker.»

Jærbladet har spurt Bane Nor om det stemmer at det blir enklare å søka om dispensasjon frå avstandskravet når dobbeltsporplanen er vedtatt.

– Me i Bane Nor ønsker å fremja utbygging langs Jærbanen. Det er derfor me har laga denne planen – for å hjelpa kommunane og private aktørar langs heile sporet å koma vidare med utbyggingsløysingar. Viss ikkje vil ikkje denne kommunedelplanen vera så mykje verd, seier prosjektsjef for dobbeltsporet, Erik Pascal Johansen.

Erik Pascal Johansen er prosjektsjef for dobbeltsporet i Bane Nor.
Erik Pascal Johansen er prosjektsjef for dobbeltsporet i Bane Nor. Foto: Foto: Bane Nor

Ingen garantiar

Prosjektleiaren seier at dobbeltsporplanen vil gjera det enklare for Bane Nor å vurdera ein søknad om dispensasjon. Planen gjer det ikkje nødvendigvis enklare å få søknaden innvilga.

– Kommunedelplanen stadfestar nå kor dobbeltsporet skal ligga. 30-metersgrensa vil gjelda frå eit tenkt nytt spor, og viss ein ønsker å bygga nærmare enn 30 meter, må ein søka om dispensasjon. Når me veit kor sporet ligg, så vil behandlinga av søknaden bli noko lettare. Men det betyr ikkje at det er garanti om å få eit prosjekt godkjent, understrekar han.

Time kommune skriv i sentrumsplanutkastet at det kan vera lettare å få dispensasjon for eit parkeringshus enn eit bygg med næring eller bustader. Det avviser ikkje Pascal Johansen heilt, men han understrekar at alle aktørar må søka.

Prosjektsjefen kjenner planane til Sandtangen 2 AS, som har sendt inn høyringssvar til dobbeltsporplanen. Pascal Johansen oppfordrar dei til å gjera ferdig prosjektet og søka om dispensasjon. Han seier òg at dobbeltsporprosjektet kan hjelpa med å utarbeida søknaden.