Fredag 22. juli 2022 braut det ut ein dramatisk brann i IVAR sitt ettersorteringsanlegg på Forus. Brannen, som varte i over eit døgn, førte til at anlegget vart totalskadd.
Anlegget, som var nytt i 2019, var eit av få slike anlegg som kunne sortera plast ut frå restavfallet. Sidan brannen har forbrukarane sjølv vore nøydde til å kjeldesortera plasten sin.
I Klepp innførte kommunen nyleg ei henteordning, medan dei i Time og Hå har vore nøydde til å levera plasten sin til ulike returpunkt.
Har bestilt maskinar
I mellomtida er IVAR i full gang med å bygga nytt bygg til ettersorteringsanlegget på Forus. Dei har òg inngått avtalar om å kjøpa sorteringsmaskinar.
– Maskinane er klare til installering når bygget er tett, sa IVAR-sjef Ingrid Nordbø under ei orientering for Hå kommunestyre torsdag 3. april.
Ny brannsikring
IVAR reknar med å starta full prøvedrift frå slutten av 2026.
Nordbø fortalde at dei kjem til å gjera endringar i brannsikringa, men at sjølve sorteringsteknologien kjem til å vera den same som i anlegget frå 2019.
– Valet av sorteringsteknologi har stått seg. Me har valt same teknologi om igjen, sa Nordbø.
Klepp, Time og Hå er blant dei tolv eigarkommunane til IVAR.