Det er ingen vanleg, naturleg innsjø i området der dette bildet er teke. Det seier litt om forholda tidleg måndag ettermiddag.
Det er ingen vanleg, naturleg innsjø i området der dette bildet er teke. Det seier litt om forholda tidleg måndag ettermiddag. Foto: Åge Bjørnevik

«Ta gjerne ein tur etter heftig styrtregn», oppmoda ein tipsar til Jærbladet sist veke. Han hadde sett seg lei på store dammar på parkeringsplassen ved Ogna skule på grunn av dårleg drenering.

– Ja, dette er eit problem me har hatt over tid – i fleire år, stadfestar rektor Helge Håland overfor Jærbladet.

Nye Ogna skule stod ferdig i 2018, og problema med dreneringa på parkeringsplassen mellom skulen og Ognahallen har vore der heile tida. Men det har blitt verre med åra, fortel rektor, som har rapportert problemet vidare i Hå kommune.

Dei blei våte på beina, lærarane som fekk flytta bilane frå parkeringsplassen, der vatnet steig raskt utover måndagen. Halvannan time før dette bildet var teke, skal berre rundt halvparten av plassen ha lege under vatn.
Dei blei våte på beina, lærarane som fekk flytta bilane frå parkeringsplassen, der vatnet steig raskt utover måndagen. Halvannan time før dette bildet var teke, skal berre rundt halvparten av plassen ha lege under vatn.

Etter ein vanleg regnskur kan opptil halve parkeringsplassen stå under vatn – noko som særleg er til irritasjon dersom styrtregnet har kome medan bilen står parkert der, og ein må vassa til bilen for å koma seg heim.

Måndag stod absolutt heile parkeringsplassen under vatn, og vatnet var svært nær ved å krypa heilt opp på veggen til Ognahallen. Då Jærbladet var på staden ved 13-tida, hadde mange av lærarane vore ute og flytta bilane sine til ein av dei andre parkeringsplassane nær skulen: den ved kyrkja eller den ved bedehuset.

Lærarar og elevar ved Ogna skule hadde også fått ein ikkje daglegdags sjøutsikt måndag: Kjelva mellom skulen og fylkesveg 135 mot Hølland var blitt til ein stor, midlertidig innsjø.

Kjelva mellom fylkesveg 135 mot Hølland og Ognahallen/Ogna skule var måndag forvandla til ein stor, midlertidig innsjø.
Kjelva mellom fylkesveg 135 mot Hølland og Ognahallen/Ogna skule var måndag forvandla til ein stor, midlertidig innsjø. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Vegen for dreneringssaka vidare har Håland ikkje full oversikt over.

– Eg har forstått det slik at dei jobbar med saka i Hå kommune. Me har sjølvsagt lyst på ei løysing, men eg har jo også ei viss forståing for at det ikkje berre er å knipsa, så er det ordna, seier rektoren.

Leiar for teknisk drift i Hå kommune, Hermund Haugland, kjenner heller ikkje på ståande fot detaljane i saka.

– Eg veit at folk hos oss jobbar med å finna ut kor årsaka til feilen med dreneringa ligg, og kven som har ansvaret for å ordna feilen. Så eg kan i alle fall seia at me er kjende med problema ved parkeringsplassen ved Ogna skule, seier Haugland.

Men nett måndag er det så mykje anna som kokar – med oversvømminga i Bjårvatnet ved Brusand som den største enkeltsaka – at han ber om forståing for at han ikkje rekk å sjekka opp i nett dette nett denne dagen.