– Unnskyld, eg skulle gjerne ha kome inn i bilen min, seier Sille Håland.

Den uoppmerksame fotografen frå Jærbladet sperrar for førardøra på den parkerte bilen. Han er oppteken med sitt der han sit på huk for å ta bilde av det som i dag ikkje liknar mykje på ei gate – men som skal bli det, når bustadprosjektet Snorres hage på Rosseland skal byggjast.

Høgst sannsynleg blir namnet Brødrene Søylands gate.

– Det er eit godt namn, slår Sille Håland fast då ho får høyra namneforslaget – og kva mannen med kameraet driv med nett der ho plar å parkera.

Sille bur i blokka rett ved, og slår fast er greitt med nokre nye gatenamn som ikkje er oppkalte etter kongar. For dei er det mange av i nabolaget.

– Kven er brørne Søyland, då? spør ho.

Ho får ei kort forklaring, men for dykk andre er det på tide å lesa vidare på rapporten frå journalistkollegaen til han med kameraet. Kollegaen som deler fornamn med bustadprosjektet, og som var i møtet der politikarane drøfta det nye gatenanmnet – og fleire til:

Her vart dei første gravemaskinane laga

Kristian og Ingebreth Søyland frå Bryne stod bak den legendariske merkevaren Brøyt, og laga sin første gravemaskin i 1949.

Før produksjonen flytta til Re, vart gravemaskinane laga på Rosseland, på tomta der bustadprosjektet Snorres hage kjem.

Nå er alle bygningane rivne, men for at koplinga til industrieventyret ikkje skal gå tapt, skal ei ny gate kallast opp etter brørne.

Husa langs Arne Garborgs veg er rivne. Det var her Søyland-brørne laga Brøyt-gravemaskinane, før produksjonen flytta til Re. Bak byggjegjerdet kjem bustadprosjektet Snorres hage, og gata inn frå blokkene i bakgrunnen kjem truleg til å verta kalla opp etter brørne – eller rettare sagt firmaet deira.
Husa langs Arne Garborgs veg er rivne. Det var her Søyland-brørne laga Brøyt-gravemaskinane, før produksjonen flytta til Re. Bak byggjegjerdet kjem bustadprosjektet Snorres hage, og gata inn frå blokkene i bakgrunnen kjem truleg til å verta kalla opp etter brørne – eller rettare sagt firmaet deira. Foto: Foto: Åge Bjørnevik

Etter rådføring med lokalkjende hadde kommunedirektøren kome til at følgande vegnamn ville passa:

  • Brørne Søylands veg

– Det er ikkje andre registrerte, unytta stadnamn i nærleiken, men dette forslaget tek ivare ønsket om ei lokal forankring for vegnamnet, resonnerer kommunedirektøren i saksframlegget sitt til politikarane.

Stussa på skrivemåten

I Time er oppgåva med å fastsetta gatenamn lagt ut til utval for lokal utvikling, som stussa fælt på den føreslåtte skrivemåten.

Time er ein nynorskkommune, og «brørne» er den bundne forma av brør. Men Jone Fosse (Sp) tykte at forslaget klinger dårleg.

Han ville heller kalla gata Brødrene Søylands gate, eller til og med Br. Søylands gate, heller enn den framande nynorskforma.

Sjølv nynorskentusiastar som Kjell Olav Stangeland (Ap) og Iren Lassen (H), måtte seia seg samd i det.

Samd var også Thor Inge Kalberg (Frp), som har køyrt Brøyt i fem år, og ikkje var i tvil.

– Brødrene Søyland, det er det me kjenneteiknar Brøyt med. Eg vil ha Brødrene Søyland, for det kjenner folk seg att i.

Teknisk sett viser forslaget frå utvalet til bedrifta, heller enn til personane, som hadde vore intensjonen til kommunedirektøren.

Utvalet er samde om å senda namneforslaget ut på høyring. Både folk, historielaget og fortidsminneforeninga skal få uttala seg.

Hjelper taxisjåførane litt

Tidlegare i år sende utvalet ut sju gatenamn for Larheia – det nye bustadfeltet nedst på Lyefjell – ut på høyring.

Eitt av namneforslaga, Larheivegen, fører vidare tradisjonen med å ta opp eldre gardsnamn i nye vegnamn.

– Me tenkjer at det vil vera verdifullt å her ta utgangspunkt i eit stadnamn som er nytta påstaden frå før. Skrivemåten Larheivegen verkar fullt ut tilrådeleg, skriv Språkrådet i ein uttale.

Dei resterande forslaga tar namn etter norske bergartar. I eit nabofelt i nordvest finst allereie Kvartsvegen, Granittvegen, Glimmervegen, Skifervegen og Malmvegen.

Språkrådet går god for alle dei nye forslaga: Sandsteinvegen, Gneisvegen, Konglomeratvegen, Marmorvegen og Grønsteinvegen

Sist gong hadde ikkje Pål Undheim (H) trua på at folk som skal heim frå byen, greier å uttala Konglomeratvegen, og etterlyste forslag som kunne vera lettare å forstå for taxisjåførane.

Språkrådet føreslo Esjesteinvegen som eit alternativ. Det er eit gammalt ord som i Rogaland er synonymt med kleberstein.

Ikkje alle i utvalet tykte alternativet var så stort lettare å uttala, men like fullt vart alle dei sju namna vedtatte.

Larheia er staden der brakkehotellet til arbeidarane på datasentertomta er under oppføring. På sikt skal heile området blir permanente bustader.
Larheia er staden der brakkehotellet til arbeidarane på datasentertomta er under oppføring. På sikt skal heile området blir permanente bustader.

Ganske unødvendig sak

Lengre oppe på Lye, der fuglar og ikkje steinar dominerer gatebildet, har kommunen fått melding om at det kan vera vanskeleg å finna fram.

Kommunedirektøren ville rydda opp i «ein uryddig adressesituasjon»:

«Eksisterande Lerkevegen vert delt opp i to parsellar, ved avkøyrsla til Rugdevegen. Den søre parsellen beheld namnet Lerkevegen, og den nordre delen treng eit nytt namn.»

Kommunedirektøren hadde føreslått å kalla den nordre delen Steinskvettvegen, men trekte forslaget sitt før møtet starta.

Det gjorde han fordi lyebuen Anders Undheim, lokalpolitikar i KrF og medlem i formannskapet, hadde gjort ei oppdaging.

Sjølv om han ikkje sit i utval for lokal utvikling, hadde han kikka på namneforslaget og gjort kommunedirektøren merksam på at det ikkje trengst – kommunen kan greia seg fint berre med Lerkevegen og Rugdevegen.

Hylla sambygding

På Kvernaland har kommunedirektøren føreslått å kalla opp ein ny adresseparsell mellom O.G. Kvernalands veg og Blåberget etter Magne Sandkleiva.

Fram til han døydde i vår, 98 år gammal, var han sambygding med Thor Inge Kalberg (Frp), som tykte forslaget var særs godt.

– Eg kjende han personleg – ein fantastisk person og ein ressursperson for heile bygda.

Kalberg stilte seg bak grunngjevinga frå kommunedirektøren, og har sjølv fleire gjenstandar av typen som er skildra i saksframlegget:

Han var ein vel akta mann i heile bygda, både pga. sin tekniske dugleik, som kreativ og godt likt sjef både på Brøyt og Kvernelands fabrikk. Dessutan er han den store treskjæraren i bygda og etterlet seg ei imponerande samling vakkert utskorne gjenstandar. Mange av dei gav han bort, både til utloding i Pensjonisten på Frøyland og privat.

Forslaget skal på høyring. Dei som vil lesa meir om Sandkleiva, kan gjera det i Time historielag si årbok frå 2024.