Dan-Willy Harila Sajets og Ingjerd Haarstad Maar skal svømme heile Sognefjorden.
Dan-Willy Harila Sajets og Ingjerd Haarstad Maar skal svømme heile Sognefjorden. Foto: Ronja Årskaug Vallestad/Sogn Avis

(Firda/Jærbladet) – Lurv er det store monsteret her, ikkje Kraken, seier Ingjerd Haarstad Maar (55) spøkefullt.

Ho og Dan-Willy Harila Sajets (51) frå Klepp har som mål å svømme heile Sognefjorden på 205 kilometer.

Dersom dei lukkast, vil dei setje fleire rekordar: Dei blir dei første nordmennene som svømmer heile fjorden, og Ingjerd blir første kvinne, og Dan-Willy den første samen.

Men det er ikkje dette som driv paret.

– Vi svømmer for å setje søkelys på kvifor denne fjorden er viktig å verne, seier Ingjerd.

Sogn Avis omtalte saka først.

Sikrar dokumentasjon

Paret representerer den ideelle organisasjonen Swim4fjords, og har tidlegare erfaringar med å svømme fleire fjordar, mellom anna Lysefjorden og Repparfjorden.

I 2023 svømte også Ingjerd Førdefjorden for å setje fokus på fjordsøksmålet, og året før svømte ho langs heile Jærkysten.

HALVVEGS: Ingjerd i svømmetaket som markerte at dei var komne halvvegs, altså 102,5 kilometer. Dette er frå krysning over frå Vangsnes mot Kvamsøy.
HALVVEGS: Ingjerd i svømmetaket som markerte at dei var komne halvvegs, altså 102,5 kilometer. Dette er frå krysning over frå Vangsnes mot Kvamsøy. Foto: Foto: Swim4fjords

Grunnen til at dei svømmer Sognefjorden no, handlar om forslaget om marint vern av Sognefjorden, som er ute på høyring fram til i haust.

For kvar etappe gjer dei eit dykk kor dei tek bilde og dokumenterer tilstanden i fjorden. Bildematerialet sender dei vidare til to marinbiologar, og dette skal bidra til å danne datagrunnlag frå Sognefjorden.

– Det er ingen som har gjort dette før, og det handlar om å få fram korleis fjorden eigentleg har det, seier Ingjerd, som opprinneleg kjem frå Stavanger, men bur i Klepp. Dan-Willy kjem opprinneleg frå Varanger.

Postkortidyll og «monster»

Turen starta 24. juni inne i Skjolden.

Forutan eit par veker med jobb og familietid, har reisa så å seie gått utan stopp.

Planen er å «krysse målstreken» i Solund 24. august.

– Men det er det fjorden som bestemmer. Nokre gonger er det mykje motstraum, andre gonger er kreftene med oss, seier Ingjerd.

Når Jærbladet plukkar opp saka, onsdag 12. august, er dei heime i Klepp for å ta nokre kviledagar og jobba litt. Men søndag 16. august reiser dei tilbake til Sogn for å ta resten av fjorden.

– Det er rundt 45 kilometer igjen no – berre cirka ein Lysefjord, melder dei to med eit smil til Jærbladet.

Det seier ein del om kor lang den 205 kilometer lange Sognefjorden faktisk er.

Paret svømmer om lag sju kilometer kvar etappe. Dei held på i kring ti-tolv timar kvar dag, inkludert førebuingar, matpausar, logistikk og dokumentasjon.

Son til Ingjerd, Julian (20), er også med som support og sjåfør – han syter for at dei kjem seg til og frå etappane.

Vakkert oppå, verre nedi

– Det har vore som å svømme i eit postkort. Fjorden er veldig vakker, og vi har lege mykje på rygg for å få med oss omgjevnadane, seier Dan-Willy entusiastisk.

– Vi har også møtt mange fantastiske og hjelpsame menneske langs fjorden, og vi opplever at det er eit veldig bra samhald blant dei som bur her, legg han til.

«LURVELEVEN»: Her ser ein Dan-Willy i fridykk etter fjordkrysning og på veg mot Kvamsøy. – Lurv er noko vi har sett mykje av, og det er slett ikkje bra, fortel svømmarane.
«LURVELEVEN»: Her ser ein Dan-Willy i fridykk etter fjordkrysning og på veg mot Kvamsøy. – Lurv er noko vi har sett mykje av, og det er slett ikkje bra, fortel svømmarane. Foto: Foto: Swim4fjords

Under overflata teiknar det seg derimot eit anna bilde, ifølge svømmarane.

– Fleire har fortalt oss at det er svært lite fisk i fjorden, og sjølv har vi knapt sett ein einaste torsk på turen så langt, seier Dan-Willy.

Derimot har dei sett mykje «lurv». Dette er trådalgar som legg seg som eit grått teppe over botnen og kveler alt liv.

– Det er lurv som er monsteret i fjorden her, og ikkje Kraken, seier ho med ein spøkefull og samstundes alvorleg tone.

HJARTESAK: – Eg er tidlegare røykdykkar frå brannvesenet, og då var det ganske naturleg å starte med fridykking etter det. I tillegg er eg sjøsame, så alt som har med vatn og havet å gjere er noko som står hjartet mitt veldig nært, seier Dan-Willy Harila Sajets. Han kjem frå Varanger, og er også livreddar, og held også kurs ilag med Ingjerd.
HJARTESAK: – Eg er tidlegare røykdykkar frå brannvesenet, og då var det ganske naturleg å starte med fridykking etter det. I tillegg er eg sjøsame, så alt som har med vatn og havet å gjere er noko som står hjartet mitt veldig nært, seier Dan-Willy Harila Sajets. Han kjem frå Varanger, og er også livreddar, og held også kurs ilag med Ingjerd. Foto: Foto: Swim4fjords

«»

LIDENSKAP: – Eg har alltid vore oppteken av havet, seier  Ingjerd Haarstad Maara. Ho kjem frå Jæren, er havsvømmar, fridykkar og driv i tillegg svømmeskule. Ho står også bak organisasjonen Swin4fjords, ilag med Dan-Willy Harila Sajets.
LIDENSKAP: – Eg har alltid vore oppteken av havet, seier Ingjerd Haarstad Maara. Ho kjem frå Jæren, er havsvømmar, fridykkar og driv i tillegg svømmeskule. Ho står også bak organisasjonen Swin4fjords, ilag med Dan-Willy Harila Sajets. Foto: Foto: Swim4fjords