Oslo 20220622. 
Et regnbueflagg vaier i vinden Oslo sentrum,
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Det skal Eirik Hausberg ha: Det er fullt mogleg å meine at kommunar og skular skal tenke klokt om symbolbruk. Det er også fullt mogleg å vere usikker på korleis ein best markerer at alle barn, unge og vaksne skal få vere trygge i lokalsamfunnet vårt.

Den samtalen bør me kunne ha på Jæren utan å mistenkeleggjere kvarandre.

Men då må me vere presise.

Hausberg omtalar Pride-flagget som eit «ideologisk flagg». Det høyrest kanskje ryddig ut, men kva er det eigentleg som blir kalla ideologi her?

At homofile, lesbiske, bifile og transpersonar finst? At nokre barn har to mødrer eller to fedrar? At nokre ungdomar etter kvart kjem til å oppdage at dei ikkje passar inn i forventningane andre har til kjønn og kjærleik? Dette er røyndom, ikkje ideologi.

Eller meiner han at skulen planlegg å markere Pride med å oppmuntre barn til ukritisk kjønnsbekreftande behandling og om å støtte fri surrogati? Det er i så fall nett den mistenkeleggjeringa han sjølv argumenterer for å gå til livs.

Han hevdar vidare at skulen «prakkar» Pride på familiar dersom han heisar prideflagget. Men skulen prakkar ikkje noko på elevar når han lærer dei at menneske har lik verdi. Skulen prakkar heller ikkje noko på elevar når han lærer dei om demokrati, likestilling, ulike livssyn, ulike kulturar og ulike måtar å leve på.

Dette er ikkje private hjartesaker skulen kan velje bort dersom nokon blir provoserte. Det er ein del av samfunnsoppdraget som heimla i opplæringslova og Overordna del av læreplanverket, som mellom anna lyd:" Skolen skal ta omsyn til mangfaldet av elevar og leggje til rette for at alle får oppleve tilhøyrsle i skole og samfunn. Vi kan alle oppleve at vi skil oss ut og kjenner oss annleis. Derfor er vi avhengige av at ulikskapar blir anerkjende og verdsette."

Det betyr ikkje at alle må gå i parade. Det betyr ikkje at alle må meine det same. Det betyr ikkje at foreldre mistar retten til å ha eigne verdiar, eiga tru eller eigne meiningar. Men det betyr at skulen ikkje kan seie at somme barn og familiar er for kontroversielle til å vere synlege.

For ordens skuld synest eg ikkje at verdiformuleringa til Jæren Pride er noko diffus i det heile, og eg trur det speglar kva det store fleirtalet legg i Pride-feiringa: Eit ønske om at menneske skal kunne leve ope, utan å verte gjorde til problem. Dersom ein meiner at Jæren Pride står for noko urimeleg, bør ein vise konkret til det. Viss ikkje blir argumentet berre skuld ved assosiasjon.

Det mest avslørande er likevel tanken om at saka ikkje bør få plass på offentlege flaggstenger eller barneskular fordi mange er usamde. Det høyrest kanskje logisk ut, men følgene kan bli store.

Det kan nemleg gjere det innafor å gjere minoritetsgrupper mindre synlege om berre protestane er store nok. Dette er ikkje nøytralitet. Det er fleirtalsmakt. Og det ville sett ein farleg presedens der stresset på minoritetar igjen får begynne å auke, noko vi allereie ser tendensar til globalt for både skeive, ikkje-etniske og til ein viss grad maktminoriteten kvinner.

Skulen skal sjølvsagt markere klokt. Ei god markering må passe alderen til elevane. Ho må vere trygg, inkluderande og open for spørsmål. Ho skal ikkje vere partipolitisk. Ho skal ikkje presse elevar til å meine noko bestemt.

Men å vere klok er noko anna enn å vere feig.

Når nokon seier at dei gjerne vil markere at folk skal få elske kven dei vil, men ikkje med flagg, ikkje på rådhuset, ikkje på barneskulen og ikkje når foreldre er usamde, då må vi få spørje: Kvar og når skal denne støtta eigentleg vere synleg?

For mange barn og unge handlar ikkje dette om symbolpolitikk. Det handlar om at dei merkar at vaksne meiner det når dei seier at alle høyrer til.

Det er nettopp dette prideflagget markerer for mange. Du er ikkje feil. Familien din er ikkje feil. Du skal ikkje måtte gøyme deg for å passe inn.

Det burde ikkje vere for mykje å be om på Jæren.