Det vert stilt mange spørsmål i innlegget til Siv Oltedal og Kamilla Eikrem i Jæren Pride.
I ein debatt som denne, er det avgjerande at begge partar skjønnar kvifor ein er ueinig med kvarandre.
Det har vore mange nokså tapre forsøk her i Jærbladet på å tydeleggjera kvifor ikkje alle omfamnar pridemarkering og prideflagging ved dei kommunale barneskulane.
- Lat meg prøva å svara konkret på spørsmåla de stiller.
- «Korleis er det mogleg at synspunktet – at folk skal få elske kven dei vil – blir eit religiøst og politisk stridsspørsmål?»
- Svaret er nokså enkelt: Prideflagget som dei har valt som symbol, vert sjølvsagt assosiert med priderørsla. Og i priderørsla er det ei blanding av ymse synspunkt som folk flest ikkje ønskjer inn i barneskulen. Det som vert omtalt som kjærleik, vil andre kalle begjær. Det som vert omtalt som naturleg, opplevast veldig unaturleg for andre.
- Jæren Pride sitt eige verdidokument er så diffust og vagt, at det er umogleg å skjønne kva dei eigentleg står for og ønskjer å oppnå. Homofili vert ikkje nemnt i det heile tatt, men alle veit jo at Pride handlar om kampen for homofile menneske si likestilling, retten og vilkåra deira.
Alt dette er greitt nok, men mangelen på openheit og tydeleggjering av retning, fører til at folk må trekkje sine eigne slutningar. I mangel på uttalt mål og verdi, samanstiller folk Jæren Pride og tilstøytande prideflagging med både priderøyrsla og organisasjonen FRI.
At dei hevdar dei ikkje har noko som helst med organisasjonen FRI å gjera, klarer eg ikkje å forhalda meg heilt til. FRI har i alle fall noko med Jæren Pride å gjera, og har arrangementet deira annonsert på sin nettstad. Eg forstår det slik at Jæren Pride ikkje ønskjer å dele verdigrunnlag med FRI, men det kan vera vanskeleg for folk flest å skilje Jæren Pride frå Pride og FRI, når same flagg vert brukt, og verdidokumentet deira nærmast er utan substans.
- «Markeringa av Jæren Pride handlar utelukkande om å tydeleggjere at folk skal kunne få elska den dei vil. Punktum.»
Om markeringa hadde handla om dette, og berre dette, så hadde ikkje denne debatten funne stad. Men ved å satse på regnbogeflagging på offentlege flaggstenger, viser dei at det ikkje er heilt punktum der dei seier at det er punktum.
Det er fullt mogleg å markera at folk skal få elske kven dei vil, utan å innføra flagging med ideologiske flagg på rådhus og på barneskular. Men her har Jæren Pride og kommuneadministrasjonen altså valt å gjere det på denne måten, derav motstanden frå befolkninga.
«Det handlar ikkje om å prakke på nokon noko som helst».
Viss prideflagget vert heist på barneskular, trass i at mange foreldre er i mot det, så prakkast jo dette bokstaveleg talt på mange. Mange er negative til prideflagging av god grunn, og kjem til å forbli negative også framover i tid.
Jæren Pride har valt å ta i bruk det same flagget som allereie er i bruk og tilverka av homobevegelsen, og sidan, den såkalla priderørsla.
At dei stussar på at folk assosierer Jæren Pride med resten av priderørsla, kan mellom anna forklarast med den tungt etablerte flagg- og symbolbruken.
Jæren Pride står sjølvsagt fritt til å arrangera pridearrangement, men ver vennlege å halde det til eit frivillig arrangement der folk har høve til å velja sjølv om dei vil delta eller avstå, ut frå eiga overtyding og meining.
Her trur eg mykje av usemja ligg. All den tid det er såpass stor usemje om ei sak i lokalsamfunnet som her, synest eg det er smart å la vere å gje saka så stor plass som ei offentleg flaggstong og opplegg på barneskular.
Trass i at det er brei oppslutning om sjølve prideflagget, er det også tilsvarande brei motstand.