Prideflagget vaia laurdag ved Time rådhus.
Markeringa av Jæren Pride handlar utelukkande om å tydeleggjere at folk skal kunne få elska den dei vil. Punktum, skriv Siv Oltedal og Kamilla Eikrem i Jæren Pride. Foto: Åge Bjørnevik

Jæren Pride er eit nettverk som starta som eit tverrpolitisk, interkommunalt initiativ for å jobba for eit opnare samfunn med rom for alle. I Hå, Time og Klepp har AP, SV, Høgre, Venstre og SP skrive under verdigrunnlaget, samt Rødt og MDG i Time og Klepp, og KrF i Time.

Her står det: «Ved å normalisera retten til å elska den ein vil og retten til å vera seg sjølv, kan vi saman vera med på å skapa gode liv for alle. Vi må ha opne dører for å ta imot alle. Alle må få mot til å visa kven dei er, og oppleva at dei blir godt mottekne og aksepterte av fellesskapet».

Så lenge ikkje alle partia på Jæren skriv under, tek vi dette til inntekt for at det er eit stridsspørsmål.

Men kva type stridsspørsmål er det? I følgje ei undersøking frå Bufdir og Opinion i 2022, så er det framleis negative haldningar til både det skeive miljøet – og til å markere Pride. Sjølv om 64 prosent meiner at det er viktig å markere Pride, er tala lågare på bygdene – og i område der det er fleire religiøse og truande (Bufdir & Opinion, 2022).

Årsakene til dette er sjølvsagt samansette – men ein ting er likevel viktig: Markeringa av Jæren Pride handlar utelukkande om å tydeleggjere at folk skal kunne få elska den dei vil. Punktum.

Det handlar ikkje om å prakke på nokon noko som helst – men å vise støtte til våre medmenneske, som har blitt – og framleis blir – møtt med negative haldningar i lokalmiljøa.

Det er ingen grunn til at vi på Jæren skal vere dårlegare enn andre stadar i landet.

I Jærbladet 26. mai les vi at skulane i Time har FAU fått rundskriv frå kommunen om utvida med flagging – regnbogeflagg. Dette i samband med at det blir arrangert Jæren Pride Parade 13. juni 2026.

Regnbogeflagget er ein naturleg del av arbeidet med inkludering og mangfald i alle klassar på alle skular.

Knut Undheim, far til elev ved Undheim skule – blir intervjua i Jærbladet og erkjenner at regnbogeflagget står for mangfald for mange «Men for andre symboliserer det seksuell frigjering og priderørsla, inkludert foreningen FRI».

Som det står vidare i artikkelen i Jærbladet så har Jæren Pride tydeleg uttrykt at her er det ingen tilknyting til FRI. Vi i komiteen håper at vi framover får ein debatt, kor ikkje FRI blir brukt som argument.

Mange brukar det norske flagget – særleg på ekstreme høgresider – på måtar vi ikkje likar. Vi held framleis fram med å flagge – nettopp fordi flagginga symboliserer andre verdiar, som er samlande for oss som nasjon – fridom og demokrati. Vi håper det framover kan bli respekt for å bruke regnbogeflagget, som er viktig for å symbolisere mangfald – og det å bli akseptert av fellesskapet.

Kva slags andre argument blir brukt mot Jæren Pride?

Kan synspunktet ha noko med syn på kristendommen å gjere? Prest i Den norske kyrkja Gyrid Gunnes skriv i Klassekampen 21.mai: «Til tross for gudstjenestens påstand om at Bibelen er «Guds ord», så skjønner man egentlig veldig lite av kristendommen som levende tro ved å lese grunnlagsdokumentet [Bibelen].»

Bibelen må også tolkast utifrå kyrkja som institusjon og samspelet med samfunnet.

Vi kan lese inn – alt etter politisk ståstad – spørsmål om det som er vårt fokus her «Pride»: På den eine sida rettferd og solidaritet og på den andre sida individets moral og individuelle handlingar som det sentrale.

Kan det ha med politikk å gjere? For eksempel at ein ikkje som politiske parti vil ta stilling, men meine at dette er ei «privatsak». I politikken er det ein lang tradisjon for at samfunnet også blir meir oppteken av korleis folk har det i kvardagen sin.

Det er ikkje ok om folk har det vanskeleg – berre dei held seg innanfor familiens grenser. Tema Jæren Pride tek opp dreier seg også om å unngå diskrimering – at alle skal få elske kven dei vil.