Indigo og regnbogen.
Indigo og regnbogen. Foto: NRK TV

For oss som var meir eller mindre sorglause barn siste halvdel av 80-talet – då skjermtid var ein halvtime mellom seks og halvsju– gjorde Gullars eit fargesterkt inntrykk.

Vedkommande fjørkledde figur identifiserte seg som ‘en fuggel som ikkje kan fly’ på skrikande bergensk.

Nabolaget i Regnbuebyen inkluderte òg ein kvit middelaldrande mann – buande i ei ekte (?) mannehole med søppelkasse som entrè.

Stundom letta Indigo på lòket og serverte både banale blødmer og sindige innsikter – slik litt tilårskomne menn har det med.

Lite visste barnet den gong om det pedagogiske systemet Regnbuebyen var bygd på. Kvar farge representerer eit sett av emosjonelle og sosiale evner. Samla dekker paletten eit breidt spekter som på fint heiter sosioemosjonell kompetanse.

Her er indigo ettertenksom, empatisk og analytisk.

Attende i samtida har Foreldrerådets Arbeidsutval (FAU) ved barneskulane i Time kommune hatt følgande sak til orientering:

Tenesteområdet Oppvekst har utarbeidd eit skriv for mangfald og inkludering. Eitt av punkta er å innføra regnboge-flagging på skulane til liks med rådhuset.

Altså ikkje lenger kan, men må. Lov om flagging på kommunenes offentlige bygninger vart i 2021 endra i retning av å gje kommunane meir kontroll over eigne flaggstenger – altså nytta andre flagg enn det norske (utan splitt og tunge), det samiske og fylkeskommunale i samband med arrangement, markeringar og merkedagar.

For mange er regnboge-flagget noko så enkelt og fint som eit symbol på mangfald og inkludering.

For andre er det meir komplisert.

Som den originale sju-farga regnbogen, kan òg pride-bogen knytast til kreatøren.

Frå San Francisco og basale rettar i 1978 bøyer bogen seg tilsynelatande stadig skeivare via LHBT til LHBTQIA+ og dagens pride-rørsle med Foreningen Fri som politisk fløy og Rosa kompetanse som ideologisk instrument – ikkje minst i barnehage og barneskule.

Om me foreldre har barna våre til låns, så gjeld det i alle fall for skulen.

At vaksne menneske får gjera eigne val og leva frie liv, er heldigvis ei sanning dei fleste held for sjølvsagt i vårt samfunn – men finst det samstundes grenser for kva ideologisk og politisk påverknad som skal inn på barnetrinn?

Indigo-kompetanse er undervurdert i våre dagar – stikk fingen i jorda, pust med nasen, tenk deg om og ver open for at ikkje alle tenker som deg, skriv Knut Undheim.
Indigo-kompetanse er undervurdert i våre dagar – stikk fingen i jorda, pust med nasen, tenk deg om og ver open for at ikkje alle tenker som deg, skriv Knut Undheim. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen

FRI – ‘foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold’ hevdar på sine nettsider at ‘hele det skeive miljøet skal ha definisjonsmakten for hva pride er og hva regnbueflagget betyr’. Den som måtte tenka og meina annleis stemplast vidare som ‘kristenfundamentalister’ og ‘inspirert av MAGA-Trumps retorikk og konspirasjonsteorier’ som ‘selvsagt ikke kan gis noe stemme i denne debatten’.

Pride-flagget kan sikkert virka samlande for alle som stiller seg bak det – men er det eigna til å fremja meiningsmangfald og inkludering av annleis tenkande?

Stilen minner meir om tilstanden i sekstenmeteren ved ein dødball i Premier League – trøyehalding og brytegrep utan fokus på ball.

Ikkje for å bagatellisera den livssmerte som ikkje minst angår det skeive miljøet – det er ikkje lett å vera menneske, veksa opp og finna seg sjølv og sin plass – ingen stemmer for mobbing og trakassering.

Som foreldre er me i same båt – alle vil borna sine vel – men dersom Foreningen FRI skal setja kursen, vil mange av oss hoppa i livbåtane.

Heldigvis har me framleis verdiar som samlar oss – at skulen bidreg til inkludering, vennskap og respekt er ikkje kontroversielt.

Og det norske flagget.

Som paradoksalt nok ikkje er heist ved skulestart på Undheim to år i strekk.

Mangla vil òg – når dei seks stripene for mangfald og inkludering går til topps i juni – farge nummer sju og vår gamle kjenning frå Regnbuebyen.

Indigo-kompetanse er undervurdert i våre dagar – stikk fingen i jorda, pust med nasen, tenk deg om og ver open for at ikkje alle tenker som deg.