13. juni blir det Jæren Pride Parade i Klepp for femte gong. Dette bildet er frå eit tidlegare år.
13. juni blir det Jæren Pride Parade i Klepp for femte gong. Dette bildet er frå eit tidlegare år. Foto: Alise Lea Tiller (arkiv)

Markeringa har sine røter i eit opprør mot politiet frå det skeive miljøet rundt utestaden Stonewall Inn i New York i juni 1969. Miljøet hadde fått nok av det dei meinte var trakassering frå politiet si side. Opprøret blir rekna som startskotet for den skeive frigjeringsrørsla.

I Noreg var den første Pride-markeringa i Oslo i 1974, to år etter at det norske forbodet mot seksuell omgang mellom menn blei oppheva.

Femte gong i Klepp

I løpet av åra som har gått sidan den gongen, har markeringa spreidd seg til mange norske byar og tettstadar.

Klepp hadde si første Pride-markering i 2020. Årets markering, den femte i rekka, består av eit opptog med etterfølgande tale, appell, lappar, saft, kaffi og musikk. Paraden går frå Haugabakka klokka 12.

Bak markeringa står nettverket Jæren Pride, eit initiativ frå fleire politiske parti i dei tre jærkommunane. I verdigrunnlaget deira heiter det at dei skal jobba for eit opnare samfunn for alle.

– Omdreiingspunktet i verdigrunnlaget er retten for alle til å elska den dei vil, skriv Jæren Pride i ei pressemelding.

Dei fleste partia som sit i kommunestyra på Jæren har skrive under på verdigrunnlaget, med unntak av Framstegspartiet, Industri- og næringspartiet, to lokallag av KrF og Hå-lista.

– Framleis ein veg å gå

I komiteen for årets feiring sit Gro Karete Bråtveit (SV), Siv Oltedal (SV), Frank Idland (AP), Carina Birgitte Stenseth Lund (V) og Torbjørg Isafold Kistjansdottir (MDG).

– Me har framleis eit stykke å gå, seier Siv Oltedal, komiteleiar for årets Pride-parade i Klepp.
– Me har framleis eit stykke å gå, seier Siv Oltedal, komiteleiar for årets Pride-parade i Klepp. Foto: Foto: Ingeborg Eliassen (arkiv)

Komitéleiar Siv Oltedal seier til Jærbladet at det dessverre framleis er slik at folk ikkje kan elska den dei vil.

– Me er ennå ikkje der at me har eit så mangfaldig samfunn som det me ønsker oss, seier ho.

Oltedal trekk opp historiske linjer og seier det har blitt lettare for folk å stå fram som den dei er.

– Men når du ser på det som skjer i kommentarfelta og i media ser du at me framleis har eit stykke å gå, seier ho.

Oltedal understrekar at det sjølvsagt er lov å ha ulike meiningar.

– Men det må skje på ein respektfull måte, seier ho.

Rådet hennar til dei som diskuterer i sosiale medium, er at før dei poster, bør dei tenka på korleis dei ville tatt imot bodskapet om det var dei som var den andre personen.

– Det er bra med ulike meiningar og det er bra at dei kjem fram, for då kan me diskutera. Men i den diskusjonen må me vera medmenneske, seier ho.

Gro Karete Bråtveit (SV) (frå venstre), Siv Oltedal (SV), Frank Idland (AP) og Carina Birgitte Stenseth Lund (V) sit i årets Jæren Pride Parade-komité. Torbjørg Isafold Kistjansdottir frå MDG var ikkje til stades då bildet blei tatt.
Gro Karete Bråtveit (SV) (frå venstre), Siv Oltedal (SV), Frank Idland (AP) og Carina Birgitte Stenseth Lund (V) sit i årets Jæren Pride Parade-komité. Torbjørg Isafold Kistjansdottir frå MDG var ikkje til stades då bildet blei tatt. Foto: Foto: Privat

Kontroversielt flagg

I forkant av juni har ein ny diskusjon om flagging med regnbogeflagg blussa opp på Jæren. Oltedal seier det er usikkert for henne kva skepsisen til flagget botnar i.

– Det verkar som det er ulike ting, men kva er kjerneargumentet? Både frå politiske og religiøse standpunkt er det ulike innfallsvinklar til dette, seier Oltedal.

– Mange assosierer flagget med FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold, som har tydelege politiske standpunkt i fleire saker, blant anna oppheving av sexkjøpsloven og like sosiale og økonomiske rettar til dei som lev i ikkje-monogame forhold?

– Me vil ikkje ta stilling til FRI. Me har vårt eige verdidokument som me forheld oss til, og tar diskusjonane under dette. Me vil ha fokus på mangfald og eit opnare og meir inkluderande samfunn der alle blir diskutert for den dei er.