Ei samla pårørandegruppe til bebuarar i Kløvervegen går no til kamp for å behalde den faste nattevakta.
Ei samla pårørandegruppe til bebuarar i Kløvervegen går no til kamp for å behalde den faste nattevakta. Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

– Det er så gale at det handlar om å vere eller ikkje å vere for nokre av våre vaksne ungar, seier Monica Tjøtta.

Dottera hennar, og ni andre, bur i kvar sine leilegheiter i Kløvervegen i Verdalen. På grunn av si psykiske funksjonsnedsetting har dei sidan 2010 hatt ei tilgjengeleg, sovande nattevakt på ein base like ved.

Kommunen skal endre organiseringa av nattenestene sine. Ifølgje dei pårørande skal dette skje i haust.

Nattevakter som har kompetanse med ulike brukargrupper, blir samla i eit felles, omreisande team, som kan tilkallast ved behov.

Etter planen mister bebuarane i Kløvervegen, som får tenester av i kommunen, nattevakta si.

– Me kjem ikkje til å godta det. Det einaste alternativet for mange av oss, er å ta heim ungen vår for å vareta tryggleiken og omsorga, seier Tjøtta.

Sjå svaret frå Wendy Finnerud, kommunalsjef for helse og velferd i Klepp kommune, seinare i saka.

Kompetansen skal nyttast der det er behov

Kommunen grunngjev endringa med at dei neste åra blir prega av tenester til fleire, men med færre ressursar.

Høg utbytting av tilsette, vanskar med å rekruttere kompetanse, og eit høgt sjukefråvær gjorde også at kommunen såg behov for å sjå på organiseringa.

Monica Tjøtta, Marit Smith-Jacobsen, Karin Skjæveland, Siri Løland, Gunstein Løland, Jan Smith-Jacobsen, Heidi Heigre og Kåre Bøen fortvilar over den nye nattordninga som Klepp er i gong med å innføre.
Monica Tjøtta, Marit Smith-Jacobsen, Karin Skjæveland, Siri Løland, Gunstein Løland, Jan Smith-Jacobsen, Heidi Heigre og Kåre Bøen fortvilar over den nye nattordninga som Klepp er i gong med å innføre. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

Arbeidet om ei felles natteneste er ein del av utviklingsprogrammet Tørn, som kommunen har deltatt i sidan 2023.

Tørn skal bidra til ny organisering av arbeidsoppgåver, arbeidstid og personellressursar i møtet med utfordringane med å sikre berekraftige helse- og omsorgstenester i åra som kjem.

Det er i utgangspunktet ingen økonomisk gevinst av endringa.

«Me forventar at den nye organiseringa gir meir stabilitet og kontinuitet, og me får eit styrka fagmiljø og betre samarbeid på tvers av tenestene», skriv kommunen i saka.

Dei omreisande teama vil bestå av tilsette innan psykisk helse og rus og i heimesjukepleie, som er utdanna sjukepleiarar eller helsefagarbeidarar. Tanken er at kompetansen blir nytta der det er behov, til heimebuande, i miljøtenesta og inn på institusjon.

Trur fleire ikkje vil ringe teamet

Ifølge sakspapir vil det framleis vere personalbasar i miljøtenesta som har stadlege nattevakter, både vakne og nokre sovande. Men for bufellesskapet i Kløvervegen gjeld altså ikkje dette.

– Me som føresette, pårørande og verjer veit at ungane våre ikkje vil sove åleine i bustadene sine når det ikkje er eit kjent menneske i basen her som dei kan ringe til viss dei treng det, seier Tjøtta.

Det skal ha blitt gjennomført risiko- og sårbarheitsanalysar (ros), noko også dei pårørande kjenner til.

Analysane skal ha munna ut i ei rekke tiltak som har bidratt til å redusere risikoane, som kommunen framleis arbeider med å sette i verk.

Ein av risikoane som kom fram, er at tilsette opplever det som utfordrande å forhalde seg til nye brukargrupper og problemstillingar, og at nokon kan ville slutte om dei må arbeide med andre brukargrupper enn dei er vande med.

«Difor vil det i omorganiseringa bli gitt kompetansehevande tiltak til tilsette som skal arbeida med nye brukargrupper», heiter det i papira.

– Ingen av dei som bur her, hadde ringt til nattpatruljen, for dei kjenner dei ikkje. Og enkelte av dei ville ikkje forstått kva dei skulle gjere. Nokon har ikkje språk, seier Tjøtta.

Nattevakta på basen, som søv mellom midnatt og 06:00, hjelper bebuarane med morgonrutinane når dei skal på jobb om morgonen, fortel dei. Den kan bli tilkalla av bebuarane ved behov.

– Det har også for eksempel vore folk og banka på dørene om natta. Det er enkle ting, men ikkje for dei som har desse utfordringane. Ei nattevakt gir ein tryggleik, seier ho.

Opplever seg ikkje involvert

Særleg er foreldregruppa skuffa over at dei ikkje opplever seg involverte i prosessen.

For mange er alternativet til å behalde nattevakta å ta heim ungen sin for å vareta tryggleiken og omsorgen, fortel dei pårørande.
For mange er alternativet til å behalde nattevakta å ta heim ungen sin for å vareta tryggleiken og omsorgen, fortel dei pårørande. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I papira står det eit avsnitt om brukarmedverknad. Mellom anna heiter det at det er ein sentral føresetnad med god og tydeleg informasjon til brukarar og pårørande, for ei vellukka omstilling.

Kommunen skal ha laga ein plan som sikrar dette.

– Det har ikkje vore éin lyd til nokon av oss. Det har vore for lite brukarmedverknad og for lite informasjon ifrå kommunen øvst. Det er me som veit kva dette går i, kva ungane treng, kor skoen trykker, og kva tryggleiken betyr, seier Tjøtta.

Foreldra rosar personalet og leiaren på basen, og understrekar at det er leiarskapet på eit høgare nivå i kommunen dei kritiserer.

– Me har hatt omsorga for ungane våre i alle år, og har det enno. Men av og til kjenner me at me må få senke skuldrene, og at andre tar ansvaret, seier Tjøtta.

Prosjektgruppa som har arbeida med organiseringa er verksemdleiaren i helse og velferd, avdelingsleiarar, rådgivarar, verneombod og tillitsvalt.

Ifølgje kommunen har det vore høg involvering i prosjektet. Verneombod, tillitsvalde og tilsette på natt skal ha vore inkluderte, heiter det i sakspapira.

Då saka var oppe i hovudutval for helse og velferd, kom det fram at det skal vere tilsette som ikkje kjende seg igjen i dette.

Bekymra for sikkerheita

Foreldra er redde for at ansvaret no i praksis blir deira på nattetid. Fleire bekymrar seg for at dei ikkje alltid vil ha moglegheit til å vere på plass kjapt, dersom det er behov.

– Dei skyver ansvaret over på oss, for det er me som får telefonane, seier Marit Smith-Jacobsen.

– Det tar jo ikkje bort tryggleiken for ungane, men frå oss foreldra òg, seier Karin Skjæveland.

Kåre Bøen meiner ordninga utelukkande er eit tap for bebuarane i Kløvervegen.
Kåre Bøen meiner ordninga utelukkande er eit tap for bebuarane i Kløvervegen. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim

I den politiske saka kjem det fram at kommunen vil nytte teknologiske hjelpemiddel meir, for eksempel alarmar som reagerer ved epilepsianfall. Foreldra tviler på sikkerheita desse hjelpemidla gir.

Fleire av bebuarane har tilleggsdiagnosar som og . Ifølgje Epilepsiforbundet er den generelle instruksen at eit anfall som varer over fem minutt, krev akuttmedisin og/eller tilkalling av ambulanse.

Dei er redde for at eit omreisande team ikkje klarer å rekke til bustaden innan desse minutta.

– Og kva om brannalarmen går? spør dei.

– Dei skal ikkje berre overleve, dei skal leve også

– Kommunen grunngir omlegginga av nattenesta blant anna med at det blir færre hender til å utføre oppgåvene i framtida. Kva tenker de om det?

– Det blir ikkje meir folk av at dei tar vekk ei nattevakt, og set den i det ambulerande teamet. Dei sparar ikkje pengar på det, og eg klarer ikkje å sjå kor dei sparer folka heller, meiner Jacobsen-Smith.

Kåre Bøen trur det er tenkt at endringa skal gi ein rasjonaliseringsgevinst generelt i omsorgstenesta, gjennom at det blir behov for å tilsetje færre.

– Men for denne gruppa, som har hatt nattevakt sidan oppstarten i 2010, er det utelukkande eit tap.

– Ungane våre skal ikkje berre overleve, dei skal leve også, seier Smith-Jacobsen.

– Gjer ingenting utan å vite at det er fagleg forsvarleg

Dei pårørande fortel at dei har sendt eit brev til kommuneleiinga ved ordføraren, som dei framleis ventar på svar på.

Wendy Finnerud, kommunalsjef i helse og velferd, avviser at kommunen hadde mottatt brevet før avisa blei involvert.

Ho bekreftar at det ikkje vil vere ei sovande nattevakt på basen i Kløvervegen lenger.

– I dei fleste bukollektiva vil me no ha vakne nattevakter. Nokon veldig få plassar har behovet gjerne endra seg i løpet av den siste tida, slik at brukarar ikkje treng ei nattevakt. Det kan vere at nattevakta ikkje har blitt vekka på natt på lang tid, den siste månaden eller året, seier ho til Jærbladet.

Desse blir gjerne plassert som vakne nattevakter i eit anna bukollektiv, eller søker seg kanskje til ei ledig stilling i det omreisande teamet, utdjupar kommunalsjefen.

Dersom bebuarane treng hjelp, kan dei tilkalle teamet på hjul, eventuelt ei vaken nattevakt i et bufellesskap ikkje langt unna.

Gjennom grundig opplæring som sikrar at bebuarane forstår korleis dei kan tilkalle denne hjelpa, i tillegg til alarmar og annan teknologi som varslar dei tilsette, er tanken at kommunen vil gi ei tryggare teneste med kortare responstid enn om ein sovande nattevakt skulle blitt vekka.

Finnerud seier at kommunen er opptatt av at bebuarane skal vere trygge på at det kjem ein person som forstår dei.

– Me gjer ingenting utan å vite at det er fagleg forsvarleg, trygt, og basert på brukarens behov. Me kjem til å følgje tett opp, justere og korrigere for både bebuarar og tilsette før me innfører ordninga.

Finnerud avkreftar at endringa nødvendigvis skjer i haust, og seier at den først vil skje når alle naudsynte tiltak identifisert i ros-analysen er kvittert ut, til dømes installering av tryggleiksteknologi, opplæring av tilsette og nye rutinar.

– Evaluering vil føregå kontinuerleg etter at ny modell er sett i verk.

Vil bruke ressursane meir fornuftig

På spørsmål om Finnerud kan utdjupe fordelane kommunen ser med å organisere i team, svarer ho at endringa er i tråd med den demografiske utviklinga i samfunnet.

Wendy Karin Finnerud, kommunalsjef i helse og velferd i Klepp kommune, understrekar at kommunen ikkje gjer nokon ting utan å vite at det er fagleg forsvarleg. – Me kjem til å følgje tett opp, seier ho.
Wendy Karin Finnerud, kommunalsjef i helse og velferd i Klepp kommune, understrekar at kommunen ikkje gjer nokon ting utan å vite at det er fagleg forsvarleg. – Me kjem til å følgje tett opp, seier ho. Foto: Foto: Liselotte Bakkevig Tonheim (arkiv)

– Me opplever at det er vesentleg færre søkarar til nattevaktstillingar enn til dag- og kveldsvakter. Erfaringane våre samsvarar med situasjonen i nabokommunane og ved sjukehuset – dette er altså ikkje særskilt for Klepp, men ein generell trend i regionen, skriv ho i ein e-post.

– I saka har me blant anna beskrive nokre fordelar med team-organisering, ei meir robust natteneste, eit større team med breiare kompetanse som kjem innbyggarane våre til gode. Det handlar og om at me må bruke kompetansen riktig. Rett kompetanse, til rett tid, til rett stad. I tillegg er det mykje forsking som understøttar betydninga av tverrfaglege team i helsetenesta, skriv ho.

Ho utdjupar at kommunen gjer dette for å møte framtida og handtere fleire heimebuande, men også å bruke kompetanse på ein mest mogleg effektiv måte.

– Dette vil gjere tenesta tryggare, og ressursane blir brukte meir fornuftig.

– Me forventar ikkje nedgang i behovet for tenester framover. Tvert imot ser me at fleire innbyggjarar bur lengre heime og har meir komplekse behov. Derfor er det sannsynleg at det er behov for å styrke nattenesta i åra som kjem.

– Medfører ikkje reduksjon i tilbodet

– Pårørandegruppa er fortvila over at nattevakta blir tatt bort frå bebuarane i Kløvervegen, og meiner det øydelegg heile tryggleiken til både brukarar og pårørande. Dei meiner at kommunen skyver ansvaret over på dei pårørande, og at det einaste alternativet er at dei som foreldre sjølv tar ungane sine heim. Kvifor har kommunen valt å ta nattevakta ut akkurat her?

– På generelt grunnlag vil antal tilsette nattevakter vere behovsstyrt. Brukarar som har behov for, og vedtak om, nattenester vil få dette på same måte som i dag. Dersom behova endrar seg, vil tenesta følgje opp kvar enkelt brukar individuelt, i tråd med prinsippet om brukarmedverknad.

Finnerud meiner at endringane i nattenesta altså ikkje medfører reduksjon i tilbodet til brukarar med vedtak.

– Er tanken at bebuarane sjølv skal ringe til den ambulante tenesta dersom dei treng hjelp til noko? Dei pårørande meiner at fleire av bebuarane ikkje kjem til å ringe fordi det er ukjende personar, eller fordi dei ikkje forstår kva dei skal gjere/ikkje har språk. Kva tenker de om dette? Er det utført ros-analysar på dette?

– Det er gjennomført ei omfattande ros-analyse med leiarar, avdelingsleiarar, tilsette, verneombod og tillitsvalde. I ros-analysen blei det identifisert risikoar, og sett inn naudsynte risikoreduserande tiltak, blant anna om problematikken i spørsmålet her, skriv ho.

På spørsmål kring dei pårørande sin skepsis til sikkerheita dei teknologiske hjelpemidla gir, i forbindelse med for eksempel epilepsi, skriv Finnerud at kommunen tar bekymringane på stort alvor.

Dette er noko som blir jobba med, ifølgje henne.

– Me ønskjer å oppretthalde ein god dialog med brukarar, pårørande og verje, og målet er at dei skal oppleve å bu trygt og få den hjelpa dei treng. Basert på gjennomført ros-analyse og tiltak som er sette i verk, er vurderinga at tenestene kan ivaretakast på ein forsvarleg måte med ny organisering av nattenesta.

– Det er fire tilsette i det ambulerande teamet som skal kunne respondere, og eventuelt dele seg opp, dersom dei i miljøtenesta har behov for bistand. Organiseringa av det ambulerande teamet vil kunne gjere at ein unngår samtidigheitskonfliktar.

– Viktig tilbakemelding

Då Jærbladet skreiv om endringa av nattenesta i mars, var saka berre til orientering for politikarane. Finnerud viser til to politiske saker der arbeidet med nattenesta også har blitt nemnd dei siste to åra, i tillegg til tertialrapportane.

Sakene har vore oppe i brukar- og seniorrådet for medverknad, og behandla hovudutval for helse og velferd.

Jærbladet stiller spørsmål om korleis kommunen har involvert pårørande og brukarar i prosessen, og kva kommunen tenker om at dei pårørande meiner dei ikkje har høyrt ein lyd om endringa og etterlyser meir brukarmedverknad og informasjon.

– Kommunen har hatt fleire møte med Norsk Forbund for Utviklingshemmede (NFU) som er ein brukarorganisasjon, kor ein har informert om nattenesta. I tillegg har det vore individuelle møte med brukar, verje/pårørande der nattilbodet og tryggleiksskapande tiltak er gjennomgått, skriv ho i e-posten, og legg til:

– Likevel er dette ei viktig tilbakemelding frå pårørande at dei ønskjer meir informasjon, som me tar med oss i det vidare arbeidet.

Ho seier at det er tryggleiken for tenestemottakarane som står øvst, og vedgår at kommunen ser ut til å framleis ha ein jobb å gjere for å trygge dei involverte.