–Her kjem redninga, smiler Reidar Skretting i slaktarbutikken R. Skretting på Varhaug i det han trår ut av bilen utanfor M44 på Bryne.
I bagasjerommet har han 200 kilo nylaga farsedeig.
Melde seg sjølv
– Eg såg på facebook at dei var tomme for farse på Obs. Me produserer jo ny farsedeig heile tida, så då tenkte eg at me kunne stilla opp, seier Skretting.
Han sende ei melding til varehussjef på Obs Bryne, Ole Sirevåg, og melde seg som reddande engel.
– Svaret var at han kunne gi meg ein lyd viss problemet vedvarte, og det gjorde det, seier Skretting vidare.
Varehussjef Sirevåg står klar i døra når Skretting parkerer bilen. Han fortel at dei håpa i det lengste at Nortura kunne levera farsedeig som vanleg på tysdag. Obs-kiosken har vore utan den populære lunsjretten sidan torsdag før nyttår.
– Slik vart det dessverre ikkje. Beskjeden nå er at Nortura ikkje kan levera før tidlegast i neste veke, seier Sirevåg.
Han er glad for farsehjelpa frå Varhaug.
– Det er veldig kjekt når dei strekker ut handa slik, seier varehussjefen.
Eit halvt tonn i veka
Til vanleg leverer Nortura eit halvt tonn farsedeig i veka til Obs Bryne.
– Det er vel mange jærbuar som har som nyttårsforsett å eta meir farse, så då må me trå til. Kanskje dei må auka til eitt tonn nå, spøker Skretting og forsikrar at han kan levera meir farsedeig om det trengst.
– Dette er bare kjekt, seier han.
[brick-component="brick-teaser-player"]:not(:defined) article.brick-teaser-player-overlay { display: none; } Vil du sjå neste video?Total krise i Time1:26
Rundt klokka 10.00 var deigen er på plass hjå Hilde Aamodt på kjøkkenet i Obs-kafeen. Ho starta umiddelbart med bearbeidinga. Dei fyrste farsene Varhaug-farsene var på plass i varmeskapet i kiosken rundt 10.45.
Kiosken på M44 er truleg den utsalsplassen som sel mest av det jærske fenomenet farse. Kvar veke blir det produsert og selt rundt 2500 farser.
Nortura beklager
Det er eit dataangrep hjå Nortura som skaper trøbbel for blant anna farseleveransen.
Kjell S. Rakkenes, konserndirektør strategi, rammevilkår og kommunikasjon i Nortura, fortalde til Jærbladet tidlegare i veka om frustrerande dagar sidan dataangrepet vart oppdaga.
– Me må bare beklaga at jærbuen ikkje får farsa si som vanleg, sa han.
Nortura er i gang med produksjon ved hjelp av midlertidige løysingar, men er førebels ikkje oppe i full drift.