Hå kommune har fått med seg at Erling Braut Haaland namnedroppa Vigrestad på tv. Onsdag klokka 12:30 samlar dei flest mogleg jærbuar for å «ro» på Vigrestad stadion.
– Me vil senda ei helsing tilbake til Brauten, seier Hå-ordførar Andreas Bjorland (KrF).
– Me må mobilisera litt, legg han til.
Bjorland synest det er flott at Noregs mestskårande spiss i eit verdsmeisterskap i fotball for herrar er så synleg stolt av røtene sine.
– Det er kult. Det er ingen som veit kor Ødegård kjem frå, men alle veit at Erling er frå Bryne og Jæren. Det er flott det han gjer, seier ordføraren.