Sommaren 2024 sette Jæren Sauna opp ei badstue i Madland hamn. Bak stod Jæren Sauna, eit lokalt firma.
Badstua viste seg å vera ein publikumssuksess og fekk etter kvart selskap av ytterlegare to badstuer i Obrestad hamn.
Hadde ikkje lov
Men i november i fjor blei det slutt. Dei to hamnene ligg i Jærstrendene landskapsvernområde, og Statsforvaltaren i Rogaland reagerte på at Jæren Sauna hadde sett dei opp utan at dei hadde dispensasjon frå vernereglane.
Statsforvaltaren varsla Jæren Sauna om at dei måtte fjerna badstuene.
Jæren Sauna klaga på avgjerda. Dei argumenterte med at dei hadde søkt om å få setta opp permanente badstuer, og at dei hadde sett ut mellombelse badstuer medan dei venta på svar på søknaden. At badstuene var mellombelse, grunngav dei med at dei stod på tilhengarar.
Jæren Sauna avviste at badstuene var i strid med verneformålet, fordi dei ikkje førte med seg vesentlege inngrep. Dei meinte òg at det uansett burde vera rom for å gje badstuene dispensasjon frå reglane fordi dei bidrog til folkehelse, naturopplevingar og sosiale fellesskap.
Korkje Statsforvaltaren i Rogaland eller Miljødirektoratet, som seinare fekk klaga til behandling, var samde i desse vurderingane.
I november i fjor, etterkom Jæren Sauna pålegget dei fekk om å fjerna badstuene.
Kan få bot
Men historia er ikkje slutt med det. I sommar fekk Jæren Sauna varsel frå Miljødirektoratet om at dei risikerer å få ei bot på 75.000 kroner for å ha brote med verneføresegna for Jærstrendene.
Det skriv Stavanger Aftenblad.
Ifølge avisa meiner Miljødirektoratet at Jæren Sauna har handla aktlaust då dei sette ut badstuene i eit verneområde utan løyve og utan å ha sjekka nærare kva reglar som eventuelt gjeld for badstuer på hjul.
Miljødirektoratet legg vekt på at bota skal ha allmennpreventiv verknad – altså at folk skal forstå at det straffar seg å bryta verneføresegna i landskapsvernområdet.
Jærbladet har vore i kontakt med dagleg leiar Jæren Sauna. Han ønsker ikkje å kommentera saka.
Planlagt retur til Obrestad
For dei som saknar å kombinera ein tur i ei badstue med eit dypp i forfriskande jærhav, er det likevel håp: Jæren Sauna og Hå kommune har planar om kombinert badstue og offentleg toalett i Obrestad hamn.
Badstua og toalettet skal stå på privat eigd grunn, der det tidlegare stod ei fiskarhytte.
Søknaden er ikkje ferdig behandla, men kommunedirektøren i Hå har signalisert at kommunen og Statsforvaltaren i Rogaland har ein «omforent forståelse» om at den gamle fiskarhytta, skal kunna restaurerast for å gje plass til offentleg toalett og badstue.
Det fordrar ei mindre utviding, noko Statsforvaltaren, ifølge kommunedirektøren, skal ha opna opp for.