Stormen «Amy» tok kverken på denne gamle fiskarbua. Nå kan ho få nytt liv.
Stormen «Amy» tok kverken på denne gamle fiskarbua. Nå kan ho få nytt liv. Foto: Håvard Ovesen (arkiv)

Hausten 2024 sette Jæren Sauna opp ei mobil badstue ved Obrestad hamn. Dette var deira andre badstue; den første sette dei opp i Madland hamn sommaren 2024. Pågangen var såpass stor at dei i mars i fjor sette opp ei badstue nummer to ved hamna på Obrestad.

Måtte vekk

Men om badstuene viste seg å vera populære hjå publikum, var dei ikkje like populære hjå Statsforvaltaren i Rogaland, som meinte badstuene var i strid med dei strenge verneforskriftene for Jærstrendene.

Jæren Sauna hadde søkt om dispensasjon frå verneforskriftene til å setta opp badstuene, men sette dei opp før dei hadde fått svar.

Her stod badstua til Jæren Sauna. Det var i strid med både verneføresegnene og naturmangfaldloven, meinte Statsforvaltaren i Rogaland.
Her stod badstua til Jæren Sauna. Det var i strid med både verneføresegnene og naturmangfaldloven, meinte Statsforvaltaren i Rogaland. Foto: Foto: Jæren Sauna

Statsforvaltaren gav pålegg om å fjerna badstuene. Jæren Sauna klaga, men fekk ikkje medhald. I november i fjor måtte Jæren Sauna derfor flytta badstuene sine vekk frå hamnene langs Jærstrendene.

Nå er sjansen stor for at dei kjem tilbake til Obrestad hamn, denne gongen med ei permanent badstue.

Hamna treng ny do

Forklaringa er den at det lenge har vore behov for eit nytt offentleg toalettanlegg i hamna. Ifølge kommuneadministrasjonen er dagens anlegg så nedslite at det ikkje er eigna til å bruka vidare. Det er heller ikkje føremålstenleg å pussa det opp.

Då politikarane i Hå vedtok budsjettet for 2025, sette dei av ein million kroner til nytt toalettanlegg i hamna. Så langt har ikkje planen blitt realisert, blant anna fordi verneforskriftene for området er strenge, noko som gjer det vanskeleg å setta opp nye bygg.

Fleire enn før nyttar seg av Obrestad hamn. Det gjer behovet for eit skikkeleg toalettanlegg stadig meir presserande.
Fleire enn før nyttar seg av Obrestad hamn. Det gjer behovet for eit skikkeleg toalettanlegg stadig meir presserande. Foto: Foto: Håvard Ovesen

I oktober i fjor slo stormen «Amy» inn over Jæren og Obrestad. I hamna var vinden så kraftig at han tok med seg taket og den eine veggen på fiskarbua som stod på eigedommen til Leif Obrestad.

Obrestad har søkt om, og fått, rivingsløyve, men parallelt har det vore dialog mellom han, Hå kommune og Jæren Sauna. Saman har dei komme fram til ein plan.

Sambruk

Planen er som følger:

  • Jæren Sauna skal leiga tomta der Obrestad si gamle Moelven-brakke står i dag. Leigeavtalen er for 30 år. Prisen er 1 krone i året
  • Kommunen skal opparbeida tomta og etablera den infrastrukturen som trengst
  • Jæren Sauna skal setta opp ein sauna med tilhøyrande toalettbygg
  • Kommunen skal leiga toalettbygget av Jæren Sauna for 12.000 kroner i året. Kommunen skal òg ta på seg drift og vedlikehald av toalettet

I ei sak som skal opp i formannskapet tysdag, skriv kommunedirektøren at dei har komme fram til «en omforent forståelse» med Statsforvaltaren i Rogaland om at dei kan restaurera brakka for å gje plass til offentleg toalett og sauna.

Slik ser arkitektane føre seg den nye kombinasjoen av offentleg toalett og badstue. Hamna ligg til høgre på teikninga.
Slik ser arkitektane føre seg den nye kombinasjoen av offentleg toalett og badstue. Hamna ligg til høgre på teikninga. Foto: Foto: Vestly arkitektur

Statsforvaltaren skal ha opna opp for ei mindre utviding, men legg til grunn at bygget, reint estetisk, blir tilnærma likt den opphavlege brakka.

– Kostnadseffektivt

Steingarden, som i dag går på framsida av brakka, skal flyttast til baksida.

Drift og vedlikehald av toalettet vil ikkje bli gratis for kommunen, som må innarbeida dette i driftsbudsjettet. I Madland hamn er det Jæren Friluftsråd som tar på seg drift og reinhald av det nye, offentlege toalettbygget der. Dette kostar kommunen 100.000 kroner i året.

At fleire skal bruka bygget i lag, er positivt, meiner kommunedirektøren. Sambruk kan bidra til auka aktivitet og tilsyn i området, noko som igjen kan førebygga slitasje og uønskt bruk.

Kommunedirektøren kallar løysinga dei har komme fram til for føremålstenleg og kostnadseffektiv.

Løysinga ivaretar både brukarbehov, økonomiske omsyn og verneinteresser, meiner kommunedirektøren, som rår politikarane til å seia ja til avtalen.