Forslaget om å ta regnboge-symbolet inn i skulen skaper sterke reaksjonar.
Forslaget om å ta regnboge-symbolet inn i skulen skaper sterke reaksjonar. Foto: Arkiv

– Dette er ikkje ei gild sak. Fordi saka er ikkje saka, om du forstår.

Ranveig Undheim presiserte at alle er forskjellige, og har lov til å vera forskjellige, meina det me vil, og elska den me vil.

Senterpartipolitikaren fekk ordet seint i utval for levekår, der mykje handla om kva regnbogeflagget eigentleg symboliserer.

Dei siste par vekene har temaet blitt heftig debattert i kommentarfelt og i lesarinnlegg, ofte i harde ordelag.

Undheim røysta sjølv ja i 2020, då Time kommunestyre vedtok at regnbogeflagget kunne heisast i flaggstonga utanfor rådhuset.

Nå er spørsmålet om det same flagget skal kunna heisast på skulane, og det er ho ikkje like komfortabel med.

Foreldre reagerte på brev

I vår forfatta skulesjef Elsa Djuve Jerstad eit skriv med tittelen: «Inkludering og mangfald- slik gjer me det i Timeskulen».

Skrivet seier at regnbogeflagget er ein «naturleg del» av arbeidet med inkludering og mangfald i alle klassar på alle skular.

«Skulane i Time heiser derfor regnbogeflagget denne dagen», var meldinga.

Knut Undheim, forelder og varamedlem i KrF, reagerte på at skulesjefen gjorde flagginga obligatorisk.

– Eg stussa over at administrasjonen har lagt opp til endra praksis utan å involvera politikarar og foreldre i prosessen, sa han til Jærbladet for to veker sidan.

Tilbakemeldingar som hans gjer at politikarane nå må ta stilling til endring av praksisen – først i utval for levekår, så i kommunestyret.

Fryktar for fellesskulen

Mette Monsen og Framstegspartiet meiner at skulane ikkje bør ha moglegheita til å flagga.

Ho går gjerne i pridetog, men meiner debatten om flagget skaper meir splitting enn forståing.

– Pride og retten til å elska kven ein vil, og bli møtt med respekt for den ein er, er viktige verdiar. Samstundes opplever mange at sakas kjerne blir overskygga av politiske krav og debattar knytte til foreininga Fri, som fleire meiner går utover det pride opphavleg skulle handla om.

Nils Martin Sikveland og Senterpartiet støtta forslaget om ikkje å opna for regnbogeflagging på skulane nå.

Sikveland vil halda på ein sterk og brei offentleg fellesskule. Han trur manglande semje i samfunnet, om kva regnbogeflagget symboliserer, vil skapa motreaksjonar.

– Eg trur at ein av dei sterkaste og mest markante effektane me får av regnbogeflagging på skular, er å auka oppslutnaden om og søkartal til diverse private alternativ, sa han.

Anita Stokdal (Ap), Nils Martin Sikveland (Sp) og Ranveig Undheim (Sp).
Anita Stokdal (Ap), Nils Martin Sikveland (Sp) og Ranveig Undheim (Sp). Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Skyttargravdiskusjon

Kommunedirektøren føreslår å endra det kommunale flaggreglementet slik at skulane «kan» flagga «med regnbogeflagg på dagen for det årlege regnbogearrangement i kommunen».

Nina Nygård Magnussen sa at partiet Venstre hadde vurdert om dei skulle føreslå at «kan» skulle erstattast med «skal».

Ho meiner motstandarar og tilhengarar legg ulike tydingar i regnbogeflagget.

– Eg er på for-sida, om nokon skulle lura, men eg har erfart at eg kan argumentera meg i hel. Det blir ikkje lytta til kva eg seier, fordi me har ulike utgangspunkt. Og dette er øydeleggande i ungdomsmiljø og vaksenmiljø, me snakkar forbi kvarandre, på begge sider.

Utval for levekår vil la skulane flagga med regnbogeflagg. Konklusjonen kan bli annleis i kommunestyret, som avgjer saka.
Utval for levekår vil la skulane flagga med regnbogeflagg. Konklusjonen kan bli annleis i kommunestyret, som avgjer saka. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

For Nygård Magnussen representerer flagget aksept og mangfald, retten til å vera den du er og til å elska den du vil. Det var ein laus definisjon som har utgangspunkt i verdidokumentet til Jæren Pride.

–Mitt poeng er at me i levekår, og me i Time kommune, må lytta til kvarandre uansett kva side me står på. Me kan ikkje la verken motstandarar eller tilhengarar av pride, få lov til å definera flagget eller kva pride er, for snevert.

Slik var håpet hennar for debatten – og det vart også den førebelse konklusjonen i utvalet, etter eit forslag frå Høgre.

Tok avstand frå Fri

Utvalsmedlem Bente Hamre Larsen representerer Høgre og kjem frå ei partigruppe som er delt i synet på regnbogeflagget.

– Eg kjenner eit ubehag for måten dette blir omtalt på, og eg er glad for at me behandlar det med respekt her inne. Me respekterer forskjellige meiningar. Eg trur det er ganske rett at hovudproblemet er kva me legg i dette flagget.

Temperaturen har vore høg dei siste vekene. – For å vera heilt ærleg så skulle eg ønska at dette var ein debatt me ikkje trong ha, sa Bente Hamre Larsen.
Temperaturen har vore høg dei siste vekene. – For å vera heilt ærleg så skulle eg ønska at dette var ein debatt me ikkje trong ha, sa Bente Hamre Larsen. Foto: Foto: Snorre Standish Norheim

Ho ville løfta blikket og sa at måten flagget blir debattert på, sender eit signal til barn og unge som kjenner på utanforskap.

– Eg trur at éin dag, med moglegheita til å reisa regnbogeflagget, vil kunna gje meir tryggleik og inkludering i skulen, enn ekskludering.

Sidan usemja er stor om kva flagget symboliserer, føreslo ho å skriva inn i reglementet at flagget handlar om «respekt og inkludering».

– Det betyr ikkje at me er samde i alt organisasjonen Fri meiner. Det er heller ikkje deira flagg, presiserte ho.

Fleirtal for presisering

Symbolsk støtte kan ofte vera viktigare enn me trur, avslutta Bente Hamre Larsen, som takka KrF-representant Kjetil Hustoft for eit innlegg om psykisk helse og kor vanskeleg det kan vera å bli ståande utanfor.

Utvalsleiaren frå KrF, Bjørghild Underhaug, trur ingen barn vil ta skade av at det vaiar eit regnbogeflagg på skulen, og trur flagginga kan skapa auka aksept for å vera annleis.

– Det må vel vera viktigare enn at vaksne ikkje greier å finna eit symbol som samlar alle nyansar, og som er fritt for kontroversar?

Underhaug føretrekker å tala om regnbogeflagg, heller enn prideflagg. Ho er éin av sju som støtta presiseringa frå Høgre.

– Eg trur heller ikkje at me greier å overtyda dei som koplar regnbogeflagget til bestemte ideologiske meiningar. Det har me prøvd før, men eg trur likevel det er rett å presisera kva me stiller oss bak, og gjennom det, kva me ikkje stiller oss bak.