Den tradisjonsrike sommarfestivalen Ranglerock på Bryne har i år fått eit problem mange har drøymd om i årevis, men som få, i alle fall inntil nyleg, hadde venta seg: Norge har kvalifisert seg til VM i fotball.
I seg sjølv ei gledeleg nyheit, men når du arrangerer musikkfestival, er det ringt når den eine av dei to kveldande krasjar med storkampen Norge-Frankrike. Det skjer i år, fredag 26. juni klokka 21:00.
Vitskapleg til verks
Festivalleiinga er ingenting om ikkje løysingsorientert, og sette seg i vinter føre å finna ut kva for publikum som vil ha minst kvalar med å droppa VM-kamp på storskjerm til fordel for ei live musikkoppleving.
Jærbladet utførte ei uhøgtideleg spørjeundersøking blant lesarane. Meiningane om kva for eit publikum som er minst fotballinteressert er mange, men dei to sjangrane som fekk mest stemmer, med 16 prosent kvar, var høvesvis frijazz og metal.
Festivalleiinga gjorde eigne undersøkingar. Dei gjekk, hevdar dei i ei pressemelding, meir kvalitativt til verks med djupneintervju av artistar og andre bransjefolk. Dette skal ha komme på toppen av kvantitative undersøkingar.
Konklusjonen?
«Det er vanskeleg å peike ut éin musikksjanger som gjennomgåande er lite interessert i fotball.»
Å ja.
Sosiologi på lågt nivå
Festivalleiinga slår fast at det finst fotballidiotar i dei fleste musikalske leirar:
«Sjølv om me ikkje har funne særleg fotballinteresse hos publikum innan frijazz, kan dette vel så gjerne skuldast eit avgrensa datagrunnlag som eit faktisk fråvær. Frijazzmiljøet er trass alt relativt lite, og generaliseringar blir difor usikre», skriv dei.
Ein liten tendens peiker seg likevel ut, ifølge Ranglerock: Publikum i den meir okkulte delen av rocken ser ut til å vera noko mindre opptatt av fotball enn gjennomsnittet.
Festivalleiinga medgjev at det ikkje er eit stort sosiologisk sjokk, men slår likevel fast at «sjangrar som tematiserer det overnaturlege, det underjordiske, heksekunst og okkultisme, samlar ofte eit publikum med andre kulturelle og symbolske referanserammer enn sjangrar der tematikken i større grad kretsar rundt romantikk, øl og kjønnsliv».
Det er desse funna Ranglerock har lagt til grunn når dei har bestemt seg for kva som skal skje inne i Hvelvet på Kulturbanken på Bryne, samtidig som fotballkampen rullar over skjermen ute.
Mørkt ritual
«Når halve verda samlar seg om eit fotballritual, passar det fint at me inne tilbyr eit heilt anna ritual – eit musikalsk, mørkt og forunderleg eit.»
Til å konkurrera med herrelandslaget i fotball har Ranglerock henta inn Tusmørke.
Bandet, som har spelt på Ranglerock tre gonger tidlegare, ligg i grenselandet mellom progrock, folk og dansbar psykedelika. Festivalleiinga kallar det musikk som ikkje vert spelt, men påkalla.
«Perfekt for eit publikum som ønskjer ei reise bort frå kampens larm, og inn i eit anna lys, ein annan logikk og eit anna univers», meiner dei.
Festivalleiinga har òg vore lure og henta inn eit anna band som neppe er særleg engasjert i det norske herrelandslaget sine merittar i Boston den aktuelle kvelden: Svenske Witchcraft.
Gruppa frå Örebro speler musikk i skjeringspunktet mellom klassisk hardrock og doom metal.
«Dei som har lengta etter eit gjensyn med det tunge og progressive rockelandskapet frå 70-talet, vil ikkje bli skuffa», lovar festivalleiinga.