Instruktør Sølve Oftebro hjelper Joakim Gabrielsen med augesminka.
Instruktør Sølve Oftebro hjelper Joakim Gabrielsen med augesminka. Foto: Håvard Ovesen

Stemninga er roleg på bakrommet i Hvelvet seint fredag ettermiddag. Det er ikkje lenge til dørene opnar og publikum kjem for å sjå revyen sett opp av eit dusin sceneglad ungdom.

Ungdommane verkar ikkje avskrekka der dei legg på siste laget med teatersminke, ordnar kostyme og terpar på overgangar mellom ulike nummer.

– Å hugsa replikkane er éin ting, men å hugsa på alt som skal inn på og ut av scena og rekkefølga og sånn er noko heilt anna, seier Joakim Gabrielsen til Jærbladet.

I ein revy må det vera både humor, dans og song. Desse tre skodespelarane har god kontroll på alt.
I ein revy må det vera både humor, dans og song. Desse tre skodespelarane har god kontroll på alt. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Vaks ut av valfag

Det som begynte som eit par timar med undervisning i impro for Vardheia-elevar med Sal & scene som valfag, har utvikla seg til å bli teatergruppa Spotlight. Her er ungdommar frå både ungdomsskular og vidaregåande skular.

Gruppa er gratis, finansiert med støtte frå Landsrådet for Norges Barne- og ungdomsorganisasjoner og andre eksterne gjevarar, i tillegg til dugnadsjobbar som ungdommane gjer.

Angelina Kolstad Boynton trivst godt i teatergruppa.
Angelina Kolstad Boynton trivst godt i teatergruppa. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Blant dei som har komme til etter kvart, er Angelina Kolstad Boynton frå Lye. Ho er interessert i drama, fekk høyra om eit gratis tilbod på Kulturbanken og bestemte seg for å sjekka det ut.

– Det var veldig gøy, seier ho.

Boynton var spent på førehand, ho kjende ikkje nokon av dei andre, men, seier ho, dei var opne og tok henne godt imot.

– Det var koseleg. Det var derfor eg kom tilbake, seier ho.

– Å lata som du er ein annan

Joakim Gabrielsen er ung, men har allereie drive med skodespel og teater dei siste ni åra.

– Det var det som trakk meg hit, fortel han.

Daniel Horpestad (t.v) og Joakim Gabrielsen gjer siste finpuss på eit av nummera.
Daniel Horpestad (t.v) og Joakim Gabrielsen gjer siste finpuss på eit av nummera. Foto: Foto: Håvard Ovesen

– Kva er det som er så gildt med å vera skodespelar?

– Å bygga opp ein karakter er gøy i seg sjølv, det å lata som om du er ein annan. Til dømes kan du gå på ein annan måte enn du gjer til vanleg. Sånne ting gjev meistringskjensle heile vegen.

Noko av det han synest har vore gildast med å setta opp revyen, er måten dei laga han på. Dei begynte med improviserte sketsjar rundt gitte stikkord og tema. Seinare blei desse kokt ned til ulike revynummer.

– Det som startar som eit par setningar på eit papir har blitt til ei heil førestilling som folk kan komma og sjå på, seier Haukland.

Samtida

Temaa kretsar rundt det som skjer i ungdommane si eiga samtid.

– Me har henta inspirasjon frå det som skjer nå, seier Regine Kleppe.

Dermed kan publikum venta seg mykje lått og løye rundt alt frå KI, TikTok og russemusikk til politikk og Paradise Hotel.

Til vanleg treffest gruppa kvar mandag. Nå i det siste, i oppkøyringa til premieren, har det vore langt oftare.

Skodespelarane gjer alt sjølv, både på og av scena. Dei dansar og syng, lager kostyme og rekvisittar. Dei er òg ansvarlege for eiga sminke.

Karu Mamud (frå venstre), Amanda Selje og Maria Haukland sminker seg før teatergruppa Spotlight sin premiere på revyen «Stimuli» i Kulturbanken på Bryne.
Karu Mamud (frå venstre), Amanda Selje og Maria Haukland sminker seg før teatergruppa Spotlight sin premiere på revyen «Stimuli» i Kulturbanken på Bryne. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Karu Mamud, Maria Haukland og Amanda Selje er i ferd med å ta på seg scenesminke. Ungdommane hjelper kvarandre.

Dei må sminka seg kraftig, forklarar dei, slik at trekka deira skal synast tydeleg under scenelysa.

– Å framheva kinnbein og auge er veldig viktig, seier Haukland.

Fellesskap

– Av alt det de gjer, frå skodespel og dansing til sminke og kostyme, kva er det de synest er gildast?

– Fellesskapet. Å laga ting i lag. Det er det som er gøyast.

Sølve Oftebro trivst med energien til ungdommane i teatergruppa Spotlight.
Sølve Oftebro trivst med energien til ungdommane i teatergruppa Spotlight. Foto: Foto: Håvard Ovesen

Instruktør Sølve Oftedal frå Kulturbanken seier det er «herleg» å jobba med ungdommane.

– Det er så mykje energi, seier han og smiler.

«Stimuli» hadde premiere i Hvelvet scene fredag kveld.

For dei som ikkje fekk han med seg, er siste sjanse laurdag klokka 19:00.

Teatergruppa er allereie i gang med å planlegga ein ny runde neste år. Oftedal trur det fort kan bli noko anna enn revy.

– Det er ein grei plass å starta, men kva dei vil gjera vidare, er opp til ungdommane.

Ungdommane førebur seg på ein siste gjennomgang før premieren fredag kveld.
Ungdommane førebur seg på ein siste gjennomgang før premieren fredag kveld. Foto: Foto: Håvard Ovesen