Rektor Jorun Beate Fylkesnes då Bore skule opna kantine tilbake i 2022.
Rektor Jorun Beate Fylkesnes då Bore skule opna kantine tilbake i 2022. Foto: Jærbladet

Hausten 2022 fekk elevane på Bore skule og Kleppe skule for første gong smake goda av si nye prøveordning.

Som vedtatt av politikarane, fekk desse skulane 700.000 årlege kroner kvar til skulemat, fram til ordninga blei avslutta i desember i fjor.

– Me trur det blir gøy. Endeleg får me ei kantine som me kan bruke, sa Bore-elevar nokre månader før oppstart.

No har skulane svart på spørsmål om gjennomføring, effekt og organisering. I mars skal saka opp til evaluering hos i politikarane.

Kommunedirektør Torild Lende Fjermestad anbefaler å ikkje vidareføre ordninga.

«Evalueringa viser at ordninga har hatt fleire positive effektar, men også utfordringar knytt til plass, tidsbruk og behov for tilpassingar i skuledagen», skriv ho i saksframlegget.

Trengsel, støy og tidspress

Fjermestad viser til at skulematordninga har hatt fleire positive sider.

Skulane gir tilbakemelding om at elevane i stor grad har vore fornøgde med mattilbodet. Mange har også prøvd og lært seg å like ny mat.

«Det har vore servert sunn og variert mat, og skulane har hatt fagutdanna kokk til å sikre kvalitet i tilboda. Ordninga har òg gitt rom for gode samtalar om mat og kosthald, og enkelte elevar har opplevd kantina som ein hyggeleg sosial arena», summerer kommunedirektøren opp.

Samtidig skal den praktiske organiseringa av kantinedrifta på barnetrinnet ha vore krevjande, skal ein tru tilbakemeldingane.

Bore skule skal ha opplevd særlege utfordringar då tilbodet blei utvida til fleire trinn. Det skal då ha blitt trengsel, støy og tidspress som påverka både elevane og undervisninga negativt.

«Kleppe skule peikar på liknande utfordringar, og måtte organisere skuledagen på ein måte som innebar at undervisningstid gjekk med til måltid, noko som ikkje er ønskjeleg», heiter det i dokumentet.

Skulane er klare på at dei ikkje har moglegheit til å vidareføre ordninga innafor eigne rammer. Ei vidareføring ville krevje betydeleg auka foreldrebetaling eller bruk av skulen sine ordinære midlar.

Politisk behandling i mars

Det var i samband med behandling av økonomiplanen for 2022–2025 at det blei sett av 1,4 millionar kroner kvart år til ein testperiode med skulemat på 2–3 skular.

Begge skulane som blei med i ordninga, nytta midlane til løn til kokk og noko innkjøp av nødvendig utstyr til kjøkkenet. Dei rapporterer at kostnadene var i tråd med prosjektet.

5. mars vil det vise seg kva politikarane i hovudutval for barn og unge meiner om saka.