I Bygdeungdomslaget er dei glade i å dansa. Slik såg det ut på dansegolvet tre minutt etter at landsstemnet på Øksnavad var offisielt opna tysdag kveld.
Foto: Åge Bjørnevik
Sletta ned mot Figgjoelva bak Øksnavad vidaregåande skule er frå og med tysdag kveld gjort om til ein gigantisk møteplass for unge folk frå heile landet.
Norges Bygdeungdomslag har lagt årets landsstemne hit, og ein stor, lokal dugnadsgjeng har lagt ned mange timar med arbeid for å gjera alt klart.
Tysdag kveld var det offisiell opning, med saging av planke, framføre ein feststemd gjeng – som seinare på kvelden skulle få konsertar, først med Silo & Saft, og så med Staysman.
Silo & Saft, med Olav Madland i spissen, hadde mange unge blodfans på landsstemnet.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Staysman spiller for 13. år på rad på Norges Bygdeungdomslags landsstemne.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Men kvifor akkurat desse artistane på opningskvelden?
– Staysman var aldri ein diskusjon. Han har spelt på landsstemnet dei siste 13 åra. Han er ein artist som alle vil sjå, som lagar fantastisk stemning kvar gong, slår infoansvarleg Nathalie Skurve fast overfor Jærbladet.
– Og sidan temaet for stemnet vårt her på Jæren er «Elleville vesten», hadde me også lyst å trekkja fram eit godt, lokalt band som er kjent for å skapa god stemning. Då var det naturleg å gå for Silo & Saft. Me spelar alltid musikken deira på festane våre, legg Skurve til.
Infoansvarleg Nathalie Skurve på veg ned mot stemneområdet på sletta bak Øksnavad vidaregåande skule.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Tysdag ettermiddag hadde landsstemnet på Øksnavad selt i overkant av 1000 billettar. Dei reknar ikkje med å klara å koma opp i 2000–3000 billettar, som dei får til når stemnet blir arrangert på Austlandet, men ser for seg at rundt 1200 skal vera i leiren gjennom veka, og at ytterlegare nokre hundre kjem innom på dei ulike delane av arrangementet som er opne for besøk.
Landsstemnet har eit innhaldsrikt program – med aktivitetar, tevlingar, konsertar og show – frå opninga tysdag til utsjekk søndag.
Mathias Wefring Undheim har lagt ned mange dugnadstimar. No er han klar for landsstemne-festen.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Vilja Bilstad, Guro Storhaug Røed, Julie Egeland Sele og Sanne Løland er klare for landsstemne. Alle er frå Sandnes, dei tre førstnemnde frå Malmheim og sistnemnde frå Sviland.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Are Tveit og Noora Hjelland har teke turen frå Stord for å vera med på landsstemnet.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Jette Øverland og Guro Storhaug Røed kosar seg i den fine solskinskvelden.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Det er 15 år sidan landsstemnet til Norges Bygdeungdomslag blei arrangert i Rogaland sist. Då var det på Nærland. I 2020 var det meininga at det skulle arrangerast på Øksnavad, men det året blei landet stengd ned på grunn av koronapandemien, og heile stemnet blei avlyst.
Rogaland Bygdeungdomslag fyller 80 år i år. Dette er portalen til Rogaland sitt område inne på Øksnavad-campingen. Emma Brattebø og Sofie Madland frå infonemnda skal sørgja for at det kjem mykje frå landsstemnet på sosiale medium og i andre kanalar.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Herman Kuhne frå Stokke i Vestfold baud like godt opp vakt Kathrine Danielsen frå Norsk Folkehjelp Hå til ein liten runde swing på veg inn i festteltet.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Kristian Bettum frå Vestfold, Oscar Roen Lium frå Oppland og Roald Mattias Ringvold frå Oppland har funne forbrødring i slips og hatt.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Lars «Lesjalars» Hole frå Oppland har både Vazelina-artist Arnulf «Høgger'n» Paulsen og keeper Ørjan Håskjold Nyland som forbilder.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
«Er det alltid like stille over der?», syng delegasjonane frå dei ulike fylka på tvers av lokalet - for å dra kvarandre i gang. Slikt blir det mykje lyd av.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Rogalandsdelegasjonen, som i år har fått landsstemnet på heimebane for første gong på 15 år.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Leiaren for teknikk-dugnadsgjengen, Gunnar Tunheim, er betre til å saga enn dette altså. Men litt show må han laga når han skal opna landsstemnet på Øksnavad.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Sondre Malmin (t.v.) kjem til med litt meir effektivt verktøy, og får hjelpt Gunnar Tunheim med å kutta planken - og dermed erklæra Norges Bygdeungdomslag sitt landsstemne 2026 for opna.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Hovudkomiteleiar Birger Kvia Hobberstad ønskjer dei over 1000 deltakarane velkomne til Øksnavad.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik
Gjengen som har stått på i mange dagar for å rigga til det store stemnet, får velfortent applaus.
Foto: Foto: Åge Bjørnevik